Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Den irske baksida av euro-medaljen

Av Jon Hustad
,  02.03.12


Dublin: Det irske problemet har vorte det europeiske problemet, og utan ei europeisk løysing på det irske problemet vil eurosystemet og modellen med fri flyt av kapital kollapsa.

EUROKRISA

Om kvelden den 29. september 2008 møtte toppane i det irske statsapparatet ein delegasjon frå det irske bank­stellet. Frå staten møtte statsminister Brian Cowen, den kreftsjuke finansministeren Brian Lenihan, som no er død, regjeringsadvokaten Paul Gallagher, direktøren for Finanstilsynet, Pat Neary, og nasjonalbanksjefen John Hearly. Frå banksektoren møtte fire direktørar frå dei to største irske finansinstitusjonane, Allied Irish Bank (AIG) og Bank of Ireland.

Den same dagen hadde AIG gått ned med 15 prosent på børsen, Bank of Ireland noko mindre. Den banken som hadde hatt den største nedgangen, var Anglo Irish, ein av dei dårlegast drivne bankane i verdssoga. Aksjane deira hadde gått ned med 46 prosent. Då bøkene var oppgjorde i 2010, synte det seg, som nemnt førre veke, at Anglo Irish, ein bank med 73 milliardar euro i utlån, berre i 2009 gjekk på eit tap på over 30 milliardar euro, like mykje som den samla irske skatteinngangen det året.

Men underleg nok var ikkje Anglo Irish med på samtalane den kvelden, og det endå om dei var ei av hovudårsakene til møteinnkallinga. Anglo Irish var heller ikkje ein systemfarleg bank. Dei lånte ut til næringsliv og entreprenørar, men dei dreiv i liten eller ingen grad men vanleg bankverksemd og hadde få vanlege bankkontokundar. Han var altså ikkje viktig for realøkonomien.

Lenihan hadde med seg eit framlegg. Anglo Irish burde nasjonaliserast, og staten burde gå inn i tingingar med dei som hadde lånt pengar til banken, som særleg var tyske og nederlandske bankar. Dette framlegget tydde at alle aksjeeigarane i Anglo Irish kom til å missa alt dei hadde investert i banken. I tillegg hadde tyske og nederlandske bankar som hadde lånt til Anglo Irish, truleg måtta gjennomføra avskrivingar. Men det låg eventuelt fram i tid.

Sint Brown og Merkel
Det finst ikkje offentleg referat frå møtet. Det som er klårt, er at Cowen ut på natta sende ein faks til Den europeiske sentralbanken (ECB). I den stod det at den irske staten garanterte for alle innskot, alle lån og alle forpliktingar irske bankar hadde teke på seg. I staden for å nasjonalisera bankane hadde den irske regjeringa nasjonalisert alle potensielle tap. Dei som var på møtet, ante ikkje kva summen kom til å verta, men i ettertid synte det seg at garantien var på 450 milliardar euro, eller 300 prosent av BNP. I Noreg hadde det svara til ein sum på vel 7,5 billionar kroner.

Cowen gjekk som så mange andre kveldar på pub etter møtet, gjestene på puben såg at han nytta faksmaskina bak disken. Folkesnakket vil ha det til at han sende garantien til ECB frå puben.

– Sjølvsagt var dette ei tåpeleg avgjerd, som aldri burde kome, seier Colm McCarthy, som arbeider ved University College Dublin. Den eldre økonomen har massivt med røynsle frå regjeringsapparatet og er ein av dei sterkaste kritikarane i Irland av korleis eurosamarbeidet fungerer – eller ikkje fungerer – i praksis.

I ettertid er det lett å sjå, av grunnar vi skal koma attende til, at den irske regjeringa ikkje burde ha teke denne avgjerda utan å konsultera Den europeiske sentralbanken, ECB. For i staden for å verta ei løysing vart avgjerda ein mylnestein kring halsen.

Men paradoksalt nok vart av­­gjerda hylla i mykje av den internasjonale finanspressa. Dette var det som skulle til for å stogga laupet mot bankane, skreiv både internasjonale bankfolk og kommentatorar.

Særleg to personar var likevel rasande, rapporterte pressa: den tyske kanslaren, Angela Merkel, og den britiske statsministeren, Gordon Brown. Dei vart no sette under massivt press for å gjera det same. For når innskot og utlån til irske bankar tilsynelatande var heilt trygge, trudde Merkel og Brown, kom kapitalen til å strøyma ut av britiske og tyske bankar og over til dei irske. Det irske finansstellet hadde fått ein totalt urettvis konkurranse­føremon. Den penge- og kredittpolitiske solidariteten som euroen, og for den del EU, var tufta på, synte seg å vera rein idealisme.

Nasjonal regulering
Korleis kunne så Irland gjera dette? Kvifor måtte Merkel, som styrer eit land med den same valutaen som Irland og som er underlagt den same sentralbanken som Irland, berre akseptera den einsidige avgjerda til Cowen? Av di bankregulering­ane i eurosystemet er nasjonale. Kvar regjering har rett til å ty til dei bankkrisetiltaka dei meiner er rette. Dei seks største irske bankane, som det stod i faksen, har fått «innskot, lån og forplikting­ar» 100 prosent garanterte av irske skattebetalarar. Men, synte det seg, det var ikkje berre irske skattebetalarar som stod bak denne garantien, det var alle skatte­betalarane i eurosona.

Men Brown og Merkel trong ikkje å uroa seg. Ja, pengane byrja å koma inn i irske bankar frå andre EU-land, men etter kvart snudde pengestraumen. Sakte, men sikkert vart irske bankar tømde for innskot. Anglo Irish vart nasjonalisert, aksjeeigarane tapte alt, det same vart de facto gjort med AIG og det meste av anna irsk bankverksemd.

Kvifor? Berre for å repetera nokre tal: I 2007 investerte 4,5 millionar irar 14 milliardar euro i eigedomsmarknaden; i Frankrike var det same talet 11 milliardar, i Nederland 8 milliardar. I 1999 stod dei samla utlåna til byggje- og husmarknaden i Irland på 5,5 milliardar euro, i 2007 var det same talet 96,2 milliardar, ein auke på 1730 prosent.

Anglo Irish, som starta elendet, finst elles ikkje lenger. Han vart fyrst nasjonalisert, så lagd ned. Når eg går i Dublins gater, ser eg stadig vekk namnet til Anglo Irish på vegger og ut­heng, men under skilta er det ikkje lenger bankverksemd, men kinarestaurantar, bookmakerar og butikkar for seksuelle oppleving­ar av ymse slag.

Den bygningsplassen Paul, heimelsmannen min og sjølvoppnemnd limousinførar, har størst skadefrygd av å syne fram, er det som skulle verta det komande hovudkvarteret til Anglo Irish. Eg finn det best å gje han att på engelsk.

– Look at what those fuckers wanted to build!

Eg tek meg ein spasertur rundt reisverket som skulle verta to kontorblokker i stål, glas og betong. Det tek meg ti minutt å koma rundt bygningsmassen, kostnaden ved å kjøpa tomta og å byggja bygget var til dømes fire gonger eigenkapitalen til Anglo Irish i 1999.

Resten av reportasjen kan du lesa i papiravisa eller her





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake