|
|
Du skal ikkje ha andre gudar enn staten Av Kaj Skagen, 24.02.12 Eg vil langt heller ha noko eksentriske og samvitsfulle lækjarar som Johnson på Vinje, enn statsfunksjonærlækjarar. Ein fastlækjar i Vinje kommune i Telemark, Gunnar Grøstad Johnson, viser ikkje kvinner til abort og vil heller ikkje ha noko å gjera med prevensjonsmiddel som kan framprovosera tidleg abort, så som spiral og p-piller. Grunngjevinga hans er filosofisk og religiøs. Johnson er katolikk og trur at historia til det menneskelege individet byrjar i den augneblinken det vert unnfanga. Frå då av lever eit menneske skapt av Gud; den seinare fødselen er berre ein dramatisk overgang til ein ny livsfase. Å gripa med vilje inn i den første livsfasen, fosterstadiet, og få slutt på det veksande livet med kjemiske eller andre middel, er etter dette synet drap på eit sakeslaust menneske. Kor langt rekk samvitet? Men skal samvitet få rekka så langt? Ifølgje staten bryt Johnson lova. Lova seier at kvinnene har rett til abort fram til 24. svangerskapsveke uansett grunngjeving. Staten meiner derfor at alle lækjarar er forplikta til å visa abortsøkjande kvinner vidare i den prosessen som endar med fosterfordriving. Om no dette strir mot samvitet til lækjaren, må han slutta som fastlækjar og ta seg anna arbeid, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Robin Kåss: «Hvis man er pasifist, kan man ikke jobbe som politi. Hvis man nekter å gi blodoverføring, kan man ikke være kirurg. Hvis man nekter pasienter prevensjon eller henvisning til abort, kan man ikke være fastlege», seier statssekretæren. Graviditet er ikkje sjukdom Heller ikkje Kåss’ argument om blodoverføring held vatn. Ein kirurg kan sjølvsagt ikkje reservera seg mot blodoverføring. Men det er fordi blodoverføring er ein av føresetnadene for mykje kirurgi. Ein kirurg som reserverer seg mot kirurgi, er ein absurditet. Det vert som ein pilot som reserverer seg mot å fly. Derimot kan ein lækjar godt reservera seg mot å hjelpa til med prevensjon og abort, fordi prevensjon og abort ikkje er direkte knytt til sjukdom og lækjing. Graviditet er ikkje ein sjukdom som kan lækjast gjennom abort. Graviditet og abort er rett nok knytt til kroppen, og det er noko lækjarane kan styra med, men som eigentleg ligg på sida av lækjaryrket. Reservasjonsretten Det er difor ikkje sakleg hald i argumentasjonen frå staten. Det statssekretæren eigentleg seier, er berre at fastlækjaren må gjera som staten seier. Staten har fastsett at fastlækjarane skal visa ein vidare til abort. Då må dei òg gjera det, for det er staten eller det offentlege som er arbeidsgjevaren deira. Vil dei ikkje det, må dei finna seg anna arbeid. I denne etisk og filosofisk vanskelege saka læst staten som om det berre dreiar seg om eit enkelt tenestetilhøve, der staten er herren og lækjaren knekten. Men slike lækjarar er det berre staten som vil ha. Som pasientar vil vi ha individuelt tenkjande og personleg handlande lækjarar. Statstenestemenn i kvitfrakkar kan hjelpa oss med dei enkle tinga der det ikkje kan råda tvil om korkje symptom eller årsak eller terapi. Men når det kjem til dei vanskelege tinga, der plagene våre har individuelle årsaker og der terapien berre kan finnast gjennom den personlege innlevinga og intuisjonen til lækjaren, då vil i alle fall eg langt heller ha noko eksentriske og samvitsfulle lækjarar som Gunnar Grøstad Johnson i Vinje enn statsfunksjonærlækjarar som Robin Kåss i departementet. Samvitsfridomen Dei medisinske fagmiljøa ville sikkert òg kunna institusjonalisera ordningar som nærast av seg sjølv førde abortsøkjande kvinner utanom det vesle lækjarmiljøet som ikkje vil visa til abort. Dette skjer i stor grad alt i dag. Problemet er då redusert til lengda på reisetida. Men reisetida kan ikkje vera ein god nok grunn til å innskrenka samvitsfridomen til lækjarane. Denne samvitsfridomen er ikkje ein luksus. Han høyrer til grunnverdiane i eit liberalt samfunn. Det er ein fridom som i praksis gjeld dei som tenkjer annleis enn fleirtalet. For det er berre når samvitet kjem i konflikt med fleirtalet og makta, at fridomen vert sett på prøve. Men i denne saka har korkje staten, fleirtalet eller politikarane stått prøva. Eit politisk utspel Når ein tenkjer på kor lite dette miljøet er – berre 170 av 5000 fastlækjarar – og kor enkelt problemet kunne verta løyst, og ser med kva for ein retthaversk aggresjon åtaket vert retta mot eit mindretal frå nærast heile det politiske spektrum, så får ein inntrykk av at denne saka er meir politisk og ideologisk farga enn mange vil gå ved. Norske politikarar er berre liberale når det gjeld finansmiljøa. Pengane skal få flyta fritt, men samvitet skal statsregulerast. Og ikkje berre samvitet, men òg trua, danninga og helsa. Der ein godt kunne hatt meir offentleg regulering, til dømes av astronomiske gasjar og forvaltinga av opplagde fellesverdiar knytte til naturressursar, så som energiforsyninga, der dreg staten seg unna og slepper pengemakta til i sann liberal ånd. Men der fridomen er naudsynt for trivselen, i dei mest individuelle sakene, i religionen, utdanninga og i møtet med sjukdom og smerte, der rykkjer statsapparatet inn med militær presisjon. Det verste frå to verder Politikarane skryter om humanistiske verdiar, sjølvstende og fridom, men sentralstyrer skuleverket på eit vis som politiserer pedagogikken. Med dei svære helseføretaka har dei gjort sjukdom og helse til ein monopolisert og sentralstyrd produksjon. Såleis har dei teke til seg det verste frå to verder. Eigentleg toler dei ikkje avvik. Dei vil ikkje ha sjølvstendige kyrkjer eller eigenviljuge prestar, mangfaldig skulevesen eller sjølvgåande lærarar. Dei vil heller ikkje ha lækjarar med samvit som ikkje er statleg sanksjonert. Kaj Skagen er forfattar og fast kommentator i Dag og Tid.
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|