Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Frå villa til rønne på ein, to, tre

Av Jon Hustad
,  24.02.12


DUBLIN: Ikkje eingong paven er heilag når Irland skal berga økonomien.

FINANSKRISA

Kor gale står det til med den irske økonomien? Faktisk står det så dårleg til at regjeringa no legg ned den irske am­bassaden i Vatikanstaten for å spara 750.000 euro i året. Irland må vera avkristna.

Dublin er delt inn i toogtjue soner. Eg er i sone fire med Paul, som driv det han kallar limousin­servicen for hotellet eg bur på. Ingen har tydelegvis fortalt Paul – ein mann som har på seg solbriller jamvel om det regnar – at ein vanleg Chrysler neppe kan reknast som ein limousin. Men karen er litt av ein forteljar, og han har eit oppheng i limousinar. Vi stoggar utanfor den amerikanske ambassaden. Sone fire er den dyraste delen av Dublin.

– Du veit, når den amerikanske presidenten dreg utanlandsk, tek Det kvite huset med seg bilfloten. Dei hadde tydelegvis gløymt å testa om rampa opp frå kjellargarasjen var stor nok. Der vart limousinen til Obama ståande og vippa. Han kom seg korkje fram eller tilbake. Bilen var eit perfekt mål for terroristar.

Eg er på «forlatne-byggjeplassar-tur» med Paul. I Irland er det no over tusen slike byggjeplassar og hundretusenvis av tome bygningar. Berre i Dublin var det så seint som i 2007 fem hundre byggjekraner som tårna over hovudstaden. Nokså imponerande for eit land med 4,5 millionar innbyggjarar. På det verste, eller beste, i 2006 vart det bygt halvparten så mange hus som i England, eit land med femten gong­­er så mange innbyggjarar som Irland.

Grunnen til at Paul fortel meg soga om presidentlimousinen, er den åtte mål store nabotomta til den amerikanske ambassaden. Ho er no ein parkeringsplass som er omkransa av den gamle og fråflytte veterinærhøgskulen i Dublin. I november 2005 betalte Ray Grehan, ein eigedomsutviklar, 171 millionar euro, eller 1,3 milliardar norske kroner, for tomta. Ho er no ått av Natio­nal Asset Management Agency, NAMA, eit statleg eigedomsselskap som eig det meste av forretningseigedomar i Dublin og Irland.

NAMA har forfylgt Grehan gjennom rettsapparatet i fire land. NAMA ville ha han til å betala den irske staten mange milliardar. I desember i fjor tapte dei, Grehan vart slegen konkurs i London under engelsk lov. Om eitt år kan han byrja på nytt, fri for all skuld.

Fem euro!
NAMA seier at dei vil ha 20 millionar euro for veterinærtomta. Sidan kostnadene ved å riva ned dei gamle bygga er nokså store, seier rykta i Dublin at NAMA har fått eit tilbod på 5 euro for tomta. Grehan hadde ein plan om å byggja eit senter på 33 høgder på staden. Og då kjem amerikanarane inn att, for Grehan kjøpte tomta utan at ho var ferdigregulert. Det amerikanske utanriksdepartementet kunne sjølvsagt ikkje akseptera at det vart bygt eit bygg som ville fungera som ei perfekt rakettutskytingsrampe mot ambassaden, noko ikkje minst soga om Obama og limousinen illustrerer, og saman med andre grannar fekk dei stogga planane.

– Ser du den kiosken der, spør Paul.

– Eg gjer då det, svarar eg.

– Den skal du taka bilete av. Der selde dei smørbrød. Han har plass til at to menneske kan stå oppreiste. Kiosken gjekk for 1,7 millionar euro.

Kiosken er no stengd. NAMA eig den òg.

– Veit du kven den mest hata mannen i Irland er, spør Paul. Han driv heile tida og stiller meg spørsmål. Eg gjer framlegg om Bertie Ahern, tidlegare taoiseach, eller statsminister, i Irland og mannen som lèt landet gå åt skogen.

– Nei!

– Bono! ropar Paul.

Stilt renn Liffey
Bono er vokalist i U2, det mest populære rockebandet i verda i 1980-åra. Bono er eit såkalla godt menneske og ven med mange statsleiarar. Bono er mot fattigdom og for regnskog. Han er òg ein av Irlands rikaste. Han bur i eit slott utanfor Dublin.

– Ein kompis av meg pussa opp badebassenget hans. Rundt omkring i slottet låg det slengt kunst og bilete som ikkje eingong var pakka ut av plasten, sikkert gåver han har fått og som han gjev f... i.

Her bør det strekast under at det i Dublin og Irland går tusenvis av rykte om Bono og kona hans. Eg veit ikkje om dei er sanne. Eg har freista å finna ut kven som er talsperson for Bono, og har sendt av garde nokre e-brev til ymse instansar om å få eit intervju med Bono. Eg har ikkje fått svar.

Bono har ved ulike høve lova å vera med å utvikla heimbyen. Det har han berre delvis gjort. U2 og Bono har flytt pengane utanlands. Irland har ein skatteprosent på 12,5 prosent på overskot og kapital. Det er det lægste formelle skattenivået på kapital i Vest-Europa og hovudårsaka til at Irland i åra før krisa mottok ein tredjedel av alle amerikanske investeringar i EU. Irland har i tillegg eit litt merkeleg skatte­regime som gjer at ein får skatte­fritak på nye forretningsbygg, men ikkje gamle. Dette har ført til at særleg amerikanske selskap kontinuerleg flytter inn i nye bygg, som igjen leidde til at det vart bygt stadig nye bygg. Men Bono meiner visst at det irske skattenivået er for høgt.

– Der borte, peikar Paul over elva Liffey, – skulle Bono byggja eit stort hotell. Så seint som i november låg det framleis to store byggjekraner der. No er dei borte. Vi verkeleg hatar Bono her i Dublin.

Paul lyt trøysta seg med at Bono i 2010 vart kåra til den dårlegaste investoren i USA.

Resten av reportasjen kan du lesa i papiravisa eller her





Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake