Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kven spottar profeten i Saudi-Arabia?

Av Heidi Hattestein
,  17.02.12


Hamza Kashgari (23) er skulda for blasfemi og risikerer å bli straffa med døden. Men kven er mest blasfemiske, Kashgari eller dei som krev livet hans?

I forkant av Muhammeds fødselsdag skreiv Kashgari tre meldingar på Twitter, tre gonger 140 teikn som kan kome til å koste han livet. Han brukte eit litterært grep der han samtala med profeten:

«På fødselsdagen din vil eg seie at eg har elska opprøraren i deg, at du alltid har vore ei inspirasjonskjelde for meg, men at eg ikkje likar auraen av guddom rundt deg. Eg kjem ikkje til å be for deg.»

«På fødselsdagen din støyter eg på deg kvar enn eg snur meg. Eg vil seie at eg har elska sider ved deg, hata andre, og mange andre kan eg ikkje forstå.»

«På fødselsdagen din vil eg ikkje bøye meg for deg. Eg vil ikkje kysse handa di. Heller vil eg ta deg i handa som ein likemann og smile til deg som du smiler til meg. Eg vil tale til deg som ein ven.»

Internasjonal presse skriv mykje om saka, men i Noreg har det vore relativt stilt. Ei kort oppsummering er difor på sin plass:

Kashgari posta dei tre meldingane på Twitter 4. februar. Reaksjonane lét ikkje vente på seg. Innan kort tid blei namnet hans hash­taga 30.000 gonger på nettstaden. Fleire truga han på livet. Geistlege – mellom andre ein gråtande sjeik Nasser al-Omar – gjekk ut på TV og kravde at Kash­gari må stillast for ein shariadomstol og straffast med døden. Denne sjeiken har stor påverknad i Saudi-Arabia.

I kulissane
Fleire kjelder på internett fortel at Kashgari skal ha blitt overraska over at meldingane vekte slik harme. Han sletta dei og posta ei orsaking der han trygla om tilgiving, men det var for seint. Heimeadressa hans blei offentleggjord på YouTube, og fleire personar skal ha troppa opp i den lokale moskeen for å hemne seg på han.

To dagar seinare sette Kashgari seg på eit fly til Malaysia med endeleg destinasjon New Zealand, der han ville søkje politisk asyl. Han blei arrestert i det same han sette føtene på malaysisk jord. Verken FNs flyktningkommissær eller advokatane som var oppnemnde for Kashgari, fekk snakke med han. Etter nokre dagar blei han deportert tilbake til Saudi-Arabia i eit privatfly, visstnok berre timar før advokatane klarte å få ei avgjerd frå malaysisk høgsterett der det blei slått fast at det ikkje fanst grunn for å deportere han.

Med andre ord: Nokon står i kulissane og dreg i trådane.

Human Rights Watch skriv på heimesida si at Malaysia ikkje hadde rett til å deportere mannen, og at Saudi-Arabia ikkje har rett til å tiltale han for personlege, religiøse meiningar som han har rett til å ytre.

I skrivande stund er det ukjent kva som skjer med Kashgari. Saudi-Arabia held korta tett til brystet.

Halshogging
Avrettingsmetoden for blasfemi er halshogging med sverd.

Spørsmålet er: Kva har Kashgari skrive om profeten som er så krenkjande at han fortener å få hovudet skilt frå resten av kroppen?

– Det er eit tolkingsspørsmål, seier Lars Gule, postdoktorstipendiat ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– I mine auge kritiserer han ikkje profeten, men dei skriftlærde som har guddomleggjort profeten. Kashgari skriv at han vil møte Muhammed som ein likemann, og det harmonerer med det Muhammed sjølv alltid streka under, nemleg at han er eit vanleg menneske som alle oss andre. Faktisk kan ein seie at det er dei som jamsteller eit vanleg menneske med Gud, som gjer seg skuldige i blasfemi. Det er nok av muslimske teologar som vil støtte ei slik religionsforståing, seier Gule.

Saboterer
Kor tid vippar ytringsfridom over til blasfemi og hatefulle ytringar? For å kome til botnen i dette spørsmålet tek vi kontakt med Mehtab Afsar, generalsekretær i Islamsk råd, på e-post.

Han svarar raskt og hyggjeleg, og vi blir einige om at eg skal ringje klokka 11. Men klokka 11 får eg beskjed om å ringje klokka 13, han har «masse viktig arbeid å gjere». Klokka 13 får eg beskjed om å ringje klokka 13.30, og klokka 13.30 får eg beskjed om å ringje i 18-tida. Då tek han ikkje telefonen.

Eg begynner å lure på om han saboterer intervjuet med vilje og ringjer til ein journalistkollega med meir erfaring. Han ler og seier at dette er vanleg framgangsmåte for organisasjonar som Islamsk råd. Det er slik dei unngår å kome i ubehagelege situasjonar. Dei veit at meiningane deira ikkje alltid er dei vi har lyst til å høyre.

La oss nøye oss med å slå fast at det rår usemje om kor vidt meldingane er blasfemiske, også blant truande muslimar.

Ei viss liberalisering

Kanskje har Kashgari provosert det saudiske regimet før. Han har mellom anna ytra at han ikkje trur på eit helvete etter døden for saudiske kvinner, ettersom det ikkje er mogleg å kome til helvete to gonger.

– Venta Saudi-Arabia på eit høve til å arrestere Kashgari, Gule?
– Kva får deg til å vere så sikker på at Saudi-Arabia, og kanskje spesielt kong Abdullah, er glad for Kashgari-situasjonen, svarar Gule med eit nytt spørsmål.

Kong Abdullah av Saudi-Arabia blir pressa frå to kantar. På den eine sida er konservative geistlege som vil at Kashgari skal straffast med halshogging, på den andre sida er den arabiske våren og ein ny generasjon som krev at Saudi-Arabia må få slutt på mellomalderlege straffemetodar.

– Det har vore tillaup til ei viss liberalisering frå kong Abdullahs side, mellom anna har han opna for at kvinner kanskje skal få stemmerett ved lokalval om nokre år. Om desse forsiktige forsøka på liberalisering også omfattar å utfordre den religiøse leiarskapen i denne saka, er langt frå sikkert. Om kongen skal gripe inn, bør han gjere det før rettssaka startar. Det vil vere lettare å fjerne ein brysam fyr, altså sende han ut av landet, enn å opponere mot ein shariadomstol. Dersom Kashgari blir stilt for retten, blir han mest sannsynleg dømd til døden.

Revolusjonær
I eit blogginnlegg denne veka blir Kashgari skildra av venen Omar al-Tamimi. Han teiknar eit bilete av ein ung mann som er kjekk og sky, men framfor alt smilande, også når han bryt meiningar med motstandarar. «Den Hamza eg kjenner, er djupt truande, kanskje til og med meir truande enn dei som angrip han. Han oppfordrar aldri til vald.» «Hamza skreiv ein artikkel om politiske fangar i avisa al-Balad. Det er så vidt eg veit den einaste artikkelen i sitt slag i saudisk presse. Han skreiv artikkelen trass i at han er ueinig med fleire av synspunkta til dei fengsla.» «Den Hamza eg kjenner, deltok på ein fredeleg demonstrasjon sist søndag til støtte for den syriske revolusjonen, berre to eller tre timar før Twitter-stormen. Dei kravde at den syriske ambassadøren til Saudi-Arabia må utvisast.» «Hamza har inngåande kjennskap til den heilage profeten, meir enn majoriteten av den vanvitige flokken som går til åtak på han.»

Dobbel bokføring
La oss seie at Kashgari hadde vore iranar. Ville dei internasjonale reaksjonane vore sterkare?

– Ja, det er det grunnlag for å hevde, seier Gule.

– Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at Hillary Clinton ville ha protestert sterkare dersom Kashgari hadde vore iranar, det hadde passa betre inn i det etablerte fiendebiletet. Det er lettare å kritisere eit regime ein står i opposisjon til, enn ein alliert. Det er nok ein del opportunisme ute og går.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake