Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ikkje håp for Assad

Av Per Anders Todal
,  10.02.12


Regimet i Syria vil slåst til det siste, og borgarkrig kan følgje, fryktar den tidlegare Assad-rådgjevaren Samir al-Taqi.

Regimet til Bashar al-Assad i Syria er dødsdømd, meiner Samir al-Taqi. Han er tidlegare syrisk parlamentsmedlem, og var inntil han hoppa av i 2010 leiar for ein utanrikspolitisk tenkjetank i Damaskus som gav råd til Assad-regjeringa.

– Er du overraska over kor brutalt regimet i Syria har slått ned på protestane som starta i fjor?
– Dessverre er eg ikkje det. Vald er no den einaste reiskapen regimet har for å halde seg ved makta. Dei er ikkje lenger i stand til å manipulere folket. Baath-partiet har ikke lenger makt i samfunnet, og folk har ikkje lenger tillit til nokon del av statsapparatet eller media. Regimet har ingen legitimitet lenger.

– Når mista du sjølv trua på Assad for godt?
– I det siste møtet mitt med han i mai 2010. Saman med andre intellektuelle prøvde eg å forklare kor desperat behovet var for reformer. Assad sa berre at tankane våre var ureina av vestlege idear om demokrati.

– Korleis trur du leiarane i Damaskus tenkjer no? Vurderer dei andre løysingar enn å prøve å knuse opprøret med makt?
– Eg trur ikkje dei ser andre utvegar. I den siste talen til Assad sa han at dei latterlege reformene han har gjort, var alt han kunne tilby. Og han håna opposisjonen som forrædarar. Assad har i praksis blokkert alle vegar til eit fredeleg regimeskifte. Eg trur han vil slåst til siste slutt.

– Har regimet framleis nokon sjanse til å overleve?
– Ikkje etter alt som har skjedd no. Kring halve landet er utanfor statens kontroll, og blir styrt av lokale komitear frå grasrota. Regimet tærar no på dei siste pengereservane sine. Den økonomiske situasjonen i landet er katastrofal, og forretningsfolka vender seg vekk frå regimet.

– Var det eit mistak å starte væpna opprør i Syria, eller var det uunngåeleg når regimet slo så hardt ned på dei fredelege demonstrasjonane?
– Det var ikkje til å unngå, og det var ikkje noko som nokon gav ordre til. Den væpna motstanden kom spontant, som ein reaksjon på alle demonstrantane som vart myrda. Folk tok til våpen for å forsvare seg.

– Det er vanskeleg å få eit klart bilete av opprørarane i Syria. Kven er dei viktigaste gruppene?
– Det er ikkje lett å svare på. Du har ei rekkje ulike typar opprør: Dei lokale grasrotkomiteane i landsbyane og småbyane, som ikkje har noka overordna leiing. Du har den frie syriske hæren, som er avhopparar frå hæren. I tillegg er det andre væpna grupper, og du har opposisjonelle som har levd i eksil og nok kjem attende.

– Mange frykter ein full borgarkrig i Syria etter Assads fall?
– Vi kan dessverre ikkje utelukke det. Og i så fall kjem borgarkrigen truleg til å følgje religiøse skiljeliner, og vi kan få hemnaksjonar mot somme folkegrupper. Det er livsviktig at vi no får i gang dialog som kan forebygge dette. Jo lenger massemordet får pågå, jo større blir faren for full borgarkrig.

– Kor viktige er islamistane i opprøret?
– All politisk aktivitet var forboden i Syria, difor har dei religiøse samfunna vore einaste staden der ein kunne snakke om politikk. Opposisjon og religion er slik knytte saman, ikkje ulikt rolla til den katolske kyrkja i Polen under kommunismen. Men i tillegg har du nokre små, fanatiske grupper, som dessverre kan gjere mykje skade.

– Om Assad fell, får det regionale konsekvensar. Iran og Hizbollah misser ein viktig alliert.
– Ja. Eg var ein gong i møte med leiaren for den iranske revolusjonsgarden. Dette er Iran, sa han og peika på bringa si. Syria var skuldra hans, Irak og Libanon var armane hans. Sik tenkjer dei.

– Saudi-Arabia rettar krass kritikk mot Assad no. Det pågår ein større maktkamp mellom sunni- og shiamuslimar, Saudi-Arabia og Iran, og Syria kan bli ei slagmark?
– Definitivt. Får vi ein full borgarkrig i Syria, har vi konflikt mellom sunni og sjia frå Iran til Middelhavet, i Syria, Irak og Libanon. Hizbollah kjenner seg truga no, og dei kan bli ein fare i Syria. Heldigvis er iranarane ganske pragmatiske. Dei forhandlar allereie med opposisjonen i Syria, sjølv med dei lokale komiteane, for å prøve å finne praktiske løysingar etter Assads fall.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake