Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det islandske føredømet

Av Jon Hustad
,  10.02.12


Stå bak den nest største konkursen i moderne tid, stikk så frå rekninga og devaluer valutaen for å halda levestandarden oppe. Velkomen til Island.

Tretten tusen fem hundre milliardar norske kroner, hald fast på det talet. Det er elles ti billionar meir enn det norske oljefondet. Gjer vi summen om til euro, svarar det til 1,7 billionar euro, som igjen er mest like mykje som den tyske eller italienske statsgjelda. No byrjar du å få ei kjensle av kva Island gjorde mot omverda. Er så Island eit føredøme for resten av Europa som leiaren av Nei til EU, Heming Olaussen, hevdar? Han seier nemleg at Island gjer det meste rett gjennom å gå på «tvers av alt det EU driver med»

Førre gong eg var på Island, drog eg frå Noreg den 14. september 2008, berre åtte timar før Lehman Brothers gjekk konkurs. Det vart både USAs og verdas største konkurs nokon gong. På veg bort til Island sat eg ved sida av to vene damer som tydelegvis hadde vore på shopping i Oslo. Dei var så unge og pene at eg som ein mann over førti ikkje våga å tala med dei, og dei tala sjølvsagt ikkje med meg. Dei drakk kvitvin.

No derimot sit eg ved sida av to karar rundt tjue. Dei sveittar rein testosteron. Dei arbeider som snikkarar i Noreg, fortel dei meg. Dei har eit høgt støynivå. Klokka er to på ettermiddagen. Dei drikk sprit. Tek du fly til Island, er det vanskeleg å tru at kjønn er ein konstruksjon.

Før, tenkjer eg, sende Island unge damer ut på shopping; no, tenkjer eg, sender dei ut unge menn for å arbeida.

Det gjekk greitt
Så korleis har dei det, dei som er att på Island? Nokså bra. Dei vart sette under administrasjon av Det internasjonale pengefondet, IMF, og dei har gått frå å vera særs rike til berre å vera rike. Mange slit, mange har flytt heim til far og mor, mange bur hjå vener, og mange betaler ikkje på bustadlåna. Men, vil eg påstå: Det går greitt, økonomien er i balanse. Island slapp unna.

Eg er på Island som ein del av fylgjet til ein offisiell norsk delegasjon. Under ein middag på ambassaden som dei dreg meg med på, seier eg – uhøvisk som eg er – at om Noreg hadde gjort det Island gjorde mot omverda i 2008, hadde Tyskland invadert Noreg på nytt.

– Du har altfor stor tru på ny­­liberalismen. Du kan ikkje lata IMF sleppa unna slik. Det var ikkje vanlege folk som gjorde dette, gjev forfattaren Einar Már Guðmundsson klar melding om.

Økonomane og byråkratane rundt bordet held derimot kjeft, men seier etterpå at eg har noko rett i påstanden. Men, legg dei heller ikkje skjul på, dei er litt byrge over manøvrane til den islandske staten då krisa var eit faktum. Som ein norsk byråkrat, som skal få vera anonym, påstår:

– Islendingane var både intellektuelt nyskapande og ekstremt frekke.

Før krisa har dei derimot lite å vera byrge av.

Kven ber så skulda? Kan henda dei som signerte EØS-avtalen i 1994. Han førde til fri flyt av kapital. Frå 1994 av galdt dimed islandske banklisensar automatisk i heile EØS-området. Dei kunne operera i heile Vest-Europa. I 1991 byrja privatiseringa av dei islandske statsbankane som den konservative statsministeren Davíð Oddson stod bak; ho var fullt ut gjennomførd i 2003, same året som islandske bankar fekk lægre krav til eigenkapital og avsetningar. I 2001 utgjorde islandske bankaktiva 100 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP), i 2008 var det same talet nær 1000 prosent. Rett før krisa hadde islandske bankar ansvar for ein sum tilsvarande 200 milliardar amerikanske dollar, elleve gonger Islands BNP.

I ein gjennomgang av krisa skriv Már Guðmundsson, ikkje forfattaren, men den nye nasjonalbanksjefen på Island: «Denne fenomenale veksten vart gjord mykje lettare av EØS-avtalen.»

Bra konkurs
Moody, det internasjonale byrået som rangerer kredittverd, gjekk i 2009 gjennom dei største konkursane i verda frå 1920 til 2008. Den fjerde største var den islandske banken Kaupthing, rett etter kom banken Glitnir. Legg vi saman dei islandske bankane, var berre Lehman Brothers’ bankerott større, skriv Már Guðmundsson. Ein folkesetnad på 300.000 menneske stod bak den nest største konkursen i verdshistoria. Konkursen i Enron, til dømes, var mindre enn konkursen i Kaupthing.

«Bankindustrien på Island er grunnleggjande sunn», skreiv likevel dei skandinaviske sentralbankane i ein felles rapport i 2006.

«Det faktum at det islandske banksystemet var basert på EU-regelverk, fremja den internasjonale ekspansjonen til banksystemet», hevdar den nye nasjonalbanksjefen. «Men trass i alle dei positive sidene ved dette regelverket, var der ein fatal feil i systemet. Grunnproblemet var at jamvel om bankverksemd og regulering var europeisk, så var oversyn og tryggjingsnettet, forsikring mot tap på innskot og sisteskansbankane (Lender of last resort, altså sentralbankane, red.merk.) nasjonale.»

Konklusjonen gjev seg sjølv for den islandske sentralbanksjefen, og ropeteiknet er ikkje mitt: «Eit europeisk banksystem treng europeiske innskotsgarantiar!»

Oppsummert: Den islandske sentralbanksjefen, som har doktorgrad frå Cambridge, meiner at EØS-avtalen og systemet med fri flyt av kapital, slik det fungerer og har fungert, er galenskap. Island, med stønad frå IMF, har teke konsekvensen av dette: Dei har ført inn kapitalkontroll. Alle som eksporterer varer frå Island og får internasjonal valuta som betaling, må henta dei attende til landet, og knapt nokon får taka med seg kapital ut av landet. Og EU har late dei gjera det, dei har ikkje protestert mot at Island har brote ein av dei fire fridomane – noko vi vel lyt seia er eit døme på at ideologi ikkje alltid lèt seg sameina med praksis.

Å laga pengar
Kva er ein nasjonal- eller sentralbank? Ein nasjonalbank har fyrst og fremst éi rolle: å laga peng­ar. Dei kan i praksis laga nett så mykje pengar dei vil. Dette er relativt nytt i verdssoga; før var pengar laga på basis av gull eller sylv eller dollar, vi har hatt mange ulike system. Men i botnen låg det ein eller annan konkret verdi. Hadde ikkje nasjonalbankane ein eller annan slik verdi, kunne dei ikkje laga nye pengar. Men med samanbrotet av det internasjonale pengesystemet i byrjinga av 1970-åra, vart det lov for nasjonalbankane å laga så mykje pengar dei ville. Det har både føremoner og ulemper.

Føremonen er at vanlege bankar aldri går tom for pengar. Nasjonalbanken er der alltid om kundane i bankane vil taka ut ekstra mykje pengar. Ulempa er at investorar alltid veit at nasjonalbankane er der. Investorane veit at om dei låner pengar til bankar, så kan nasjonalbanken laga nye pengar om dei ymse bankane rotar vekk pengane. Det gjer at investorar tek mykje større risiko enn dei elles ville ha gjort.

Problemet i Islands tilfelle var at den islandske nasjonalbanken som alle andre nasjonalbankar ikkje kan laga utanlandske pengar. Den islandske nasjonalbanken kunne ikkje laga amerikanske dollar, japanske yen eller euro. Men mesteparten av låna som dei islandske bankane hadde, var i internasjonal valuta. Europeiske bankar var så dumme at dei lånte islandske bankar euro, masse euro. Men sidan Island ikkje er medlem av euroen, og sidan den islandske krona fall med 58 prosent mot euroen under krisa, ja, så skar alt seg. Det fanst ikkje nokon som kunne laga euro for alle dei europeiske investorane som hadde rota seg bort i den islandske banksektoren.

Og då den islandske krona fall med 58 prosent mot euroen, tapte dei internasjonale investorane 58 prosent av det dei åtte i islandske bankar, og dimed var dei islandske bankane konkurs.

Rett nok lova den islandske statsministeren og seinare sentralbanksjefen, Davíð Oddson, i 2003 at den islandske sentralbanken skulle vera ein sisteskansebank for alle krav mot islandske bankar. Men det var berre tull. Den islandske nasjonalbanken hadde aldri store nok valutareservar til å kunna garantera for gjelda islandske bankar hadde teke på seg, naturleg nok når banksektoren var elleve gong­er større enn Islands BNP. På det høgste garanterte den islandske sentralbanken for mellom 3000 og 4000 prosent meir i internasjonal valuta enn dei hadde i valutareservar. Eller sagt på ein annan måte: For kvar euro dei hadde i bankkvelva sine, garanterte dei for mellom 30 og 40 euro. Og likevel hevda altså dei nordiske sentralbankane, med mellom andre Svein Gjedrem i spissen, at den islandske finanssektoren var sunn, og det året etter at Island hadde ein negativ valuta­balanse med omverda på minus 25 prosent.   

Nye bankar
I oktober 2008 tok islandske byråkratar og nasjonalforsamlinga grep. Dei vedtok at dei skulle laga nye bankar. Til desse nye bankane overførde dei islandske innskot og islandsk gjeld. Det representerte 1,7 delar av Islands BNP. Resten av forpliktingane til dei gamle bankane lét dei stå att. Det var ein del verdiar att i dei gamle bankane, og desse fekk dei internasjonale kreditorane krang­la om. Dei internasjonale kreditorane tapte 5,4 gonger Islands samla verdiskaping i 2009.

Då er vi over på den summen de skulle hugsa til å byrja med: Om Noreg hadde gjort det same som Island relativt til storleiken av økonomien og hatt ei tilsvarande stor banknæring, ville vi påført omverda eit tap på tretten tusen fem hundre milliardar kroner, altså ti billionar meir enn det norske oljefondet. Samla sett vert den summen 1,7 billionar euro. Difor er ikkje Island noko føredøme for andre land. Hadde Italia gjort noko tilsvarande, hadde Tyskland gjort noko tilsvarande, ja, hadde Noreg eller andre land gjort noko tilsvarande, så hadde verda meir eller mindre vore att­ende til naturalhushald.

Det er difor eg under ambassademiddagen seier at om Noreg hadde gjort som Island, ville Tyskland invadert oss på nytt.

Spør berre Erwin Huber. Han var i 2008 finansminister i Bayern og leiar av CSU, det bayerske underbruket av CDU. Han var ein dei mektigaste tyske politikarane og leiar av eit parti som har hatt makta i Bayern sidan krigen. Han var òg styreformann i Bayerische Landesbank (BL), den åttande største finansinstitusjonen i Tyskland og den neste største regionbanken i landet. BL var i økonomiske termar mykje større enn Island. BL tapte 1,5 milliardar euro på Island, det skubba banken over kanten, han gjekk i røynda konkurs. BL vart den fyrste tyske banken som måtte beda regjeringa i Berlin om ny eigenkapital. Tyske bankar tapte 20 milliardar euro på Island, som var ein direkte faktor til at den tyske regjeringa måtte gå inn med store mengder ny eigen­kapital i dei tyske bankane. Slik går det når ein nasjon på 300.000 finn ut at dei skal forvalta ein sum tilsvarande 200 milliardar dollar.

Huber gjekk av både som finansminister og leiar for CSU. Den nye finansministeren, Georg Fahrenschon, oppsummerte stoda greitt i november 2008: «BL står føre si største utfordring i si førtiårige historie.» Skattebetalarane i Bayern åleine måtte inn med 8 milliardar kroner. «Vanlege folk» veit av Island i Bayern.

I dag er Island om lag i den same makroøkonomiske posisjonen som Tyskland. Arbeidsløysa er litt over 5 prosent, statsgjelda på om lag 80 prosent av BNP, og dei har ein positiv handel- og valutabalanse med utlandet. Dei har òg ein truverdig plan for korleis dei skal få ned gjelda. Og dei islandske pensjonsfonda er fulle av pengar. Island lever no av eiga verdiskaping og eigne sparepeng­­ar. I 2005 var valutabalansen på minus 25 prosent. Det var truleg verdsrekord.

I alle høve: Same korleis ein snur og vender på ting, er islendingane i dag framleis mykje rikare enn då liberalisten Davíð Oddson tok makta i 1991. Førre gong eg var på Island, åt eg middag på restauranten Italia; då hekk det eit bilete av Oddson på æresplassen ved inngangsdøra. No er det borte.

– Kvar er biletet av Oddson vorte av, spør eg jenta som serverer meg.

– Vi tok det ned, du kan sjølv tenkja deg kvifor.

Innanfor hovuddøra til All­tinget ligg ein stor stokk. I veggen attmed døra er det skruva inn store jarnbeslag. Oppå desse vart stokken lagd då hopen freista å trengja seg inn i parlamentet for å pryla politikarane. Det var takka politikarane fekk for å ha laga ein system som gjorde det mogeleg å rana europeiske bankar og skattebetalarar.

Økonomiministeren
Gylfi Magnússon er ein kraftig, litt nerdut økonom. Eg møter han på universitetet i Reykjavík. Han var ein av dei tydelegaste kritikarane av det som gjekk føre seg på Island før krisa. Mannen har doktorgrad frå Yale. Då krisa var eit faktum, henta den nye regjeringa han inn som økonomiminister. Han fekk ansvaret for å rydda opp og vart gjeven nokså frie hender. Gylfi har fem born, på Island har dei ein kraftig positiv fødselsrate. Sidan dei har den yngste folkesetnaden i Europa og pensjonsfond på 130 prosent av BNP, seier IMF og OECD at landet har den mest berekraftige økonomien i den vestlege verda. Island har òg den høgste arbeidsdeltakinga i verda. Islendingane er òg mellom dei som arbeider flest timar. Før krisa arbeidde den gjennomsnittlege islendingen 1822 timar per år, etter krisa, i 2009, arbeidde islendingane 1717 timar. I Noreg var det same talet 1380 timar.

Eg byrjar med å rosa han og regjeringa for grepa dei tok, særleg dette med å skilja mellom internasjonale og nasjonale forpliktingar.

– Ja, vi fekk det nokså bra til. Når vi ser i bakspegelen, så ser vi at det var ting vi kunne ha gjort betre, men Island og Islands økonomi har kome seg raskare på fote enn vi kunne ha forventa. Vi har framleis problem; hushalda har for høg gjeld, til dømes. Men slik er det, ting tek tid når ein skal rydda opp etter denne ekstreme katastrofen.   

– Eg har tala med ein del islendingar om krisa. Det som forundrar meg, er at så få er viljuge til å seia at dei var ein del av årsaka til krisa.
– Ja, og det er eit problem. Det er eit faktum at regjeringane som var før krisa, gjekk til val på at dei ville deregulera og privatisera. I tillegg fungerte ikkje institusjonane, Nasjonalbanken og Finans­tilsynet, som den same regjeringa sette til å overvaka marknaden. Når det er sagt, finanskrisa råkar mest alle europeiske statar. Andre gjorde dei same feila som vi gjorde, men vi gjorde feila i ein mykje større skala.

Og medvite, er det freistande å seia. I 2001, i ljos av dei pågåande og planlagde endringane i reguleringsregimet, tinga nasjonalbanken ein rapport av ingen ringare enn nobelprisvinnaren det året, tidlegare sjeføkonom i IMF, Joseph Stiglitz. Han såg det dei nordiske nasjonalbankane ikkje såg i 2006. «På basis av ei rekkje variablar som vi veit aukar sårbarheita, ligg Island dårleg an. (...) Rask liberalisering (...) tving­ar fram endringar i visse delar av systemet utan å gje andre delar av systemet høve til å tilpassa seg.» Han konkluderte med at den dagen krisa var der, var Island altfor lite til å vera ein del av eit system med fri flyt av kapital og med ein banksektor som kunne veksa fritt.

Noko å læra for alle
– Nokre av lærdomane vi kan draga ut av det islandske dømet, er ålmenne, seier Magnússon.

– Det er ikkje lurt å tillata høg gjeldsoppbyggjing, korkje for nasjonar eller finanssektor. Rask gjeldsoppbyggjing fører til at prisane på hus og aksjar går opp altfor fort, som igjen fører til sprekken der framme. Men det som er meir interessant, er kanskje kva andre nasjonar kan læra av det vi gjorde etter krisa. Eg meiner at den islandske krisemodellen som heilskap ikkje kan verta kopiert og nytta andre stader. Alle land er ulike og har ulike ut­­fordringar. Men det andre kan læra av oss, var oppdelinga i det amerikanarar kallar Wall Street og Main Street. Ja, banksektoren gjekk på enorme tap, men betalingssystem og innskot på konto var verna. Difor gjekk ikkje realøkonomien her på Island attende meir enn om lag gjennomsnittet i OECD. Vi lét det gamle finanssystemet kollapsa samstundes som vi raskt bygde eit nytt. Andre kan altså læra av oss at tempo er essensielt.

– Men folk tapte mykje pengar på dette?
– Ja, men for den jamne mann er det mykje viktigare at den verkelege økonomien er der, at dei har ein jobb å gå til, at dei kan få løn og betala skatt og at levestandarden vert halden oppe, enn eventuelle tap av finansformue. Infrastrukturen er der framleis. Det var ikkje sjølvsagt under krisa, og at vi fekk det til, er ikkje nokor lita bragd. Om verda kan løysa gjeldskrisa og samstundes verna den verkelege økonomien, ville det vera svært positivt.

– Mange på Island skuldar på nyliberalisme og IMF og omverda for svært mykje; dei ser ut til å gløyma at dei sjølve tok opp valutalåna og kjøpte bilane og drog på sydenferiar. Og no vil dei at dei ansvarlege, som dei meiner ikkje er dei sjølve, skal straffast. Når skal denne skuldfordelinga slutta?
– Folket valde ei regjering med eit klårt politisk mandat, dei sa kva dei ville gjera, og dei gjorde det. Det vert ikkje mykje meir demokratisk enn dette. Men dét ser folk ut til å gjera sitt beste for å gløyma. Ikkje heile folkesetnaden feila, men store delar av han. Men no vil dei straffa einskild­individ, som igjen har ført til at tidlegare statsminister Geir Haarde skal stillast for riksrett, og som igjen har skapt ei stor kløft i folket. Det er ikkje heldig. Men samstundes vert det gjennomført etterforsking av ei rekkje bankdirektørar og andre toppfolk i næringslivet. Desse sakene er enno ikkje ferdige, og det vil taka år før dei er over. Vi snakkar kanskje 2017–18. Så det vil vara lenge, dette.

– Men nasjonen må vel gjerast frisk? I byrjinga av 1950-åra var rettsprosessen etter krigen i Noreg over, og dei fleste sette fri. Folk hadde mist hemntrongen.
– Ja, og det eg vonar skal henda – og det trur eg at eg har mange med meg i –, er at vi vender all denne destruktive energien i retning av oppattbyggjing. Når det gjeld politisk skuld, bør det handterast av det politiske systemet gjennom val. Når det gjeld ansvar utanfor politikken, må vi finna ut om det vart gjort noko kriminelt, og straffa dei som eventuelt gjorde det.

Stor kriminalitet
Vart det så gjort noko kriminelt? Ja, i det minste om vi skal tru Gunnar T. Andersen, ein av the grand old men i islandsk forretningsliv. Han var fram til 2002, «før alt dette tullet starta», som han sjølv seier det, direktør i Landsbankin. Mannen talar perfekt norsk, han gjekk på gymnas på Katta i Oslo, han har vore direktør i ei rekkje selskap, butt mange år i New York og var fram til han tok over som leiar av Finanstilsynet på Island i 2009, ein beinhard kritikar av det som gjekk føre seg i finansnæringa på Island.

Då han tok over i 2009, laga han ei pensumliste for styremedlemer og leiarar av finansinstitusjonar på Island. Den måtte alle lesa, så heldt han eksamen for stakkarane. Mannen ser ut som han har vore sjef heile livet. Han er 1,90, kraftig og går i skreddarsydd blå dress.

– Så langt har vi sendt frå oss 77 saker til det spesielle statsadvokatembetet her på Island. Ingen av desse har gått vidare til rettsapparatet frå statsadvokaten. Det gjer meg like frustrert som det gjer andre, men slik er det.

Andersen og Finanstilsynet meiner å ha avdekt at bankane ulovleg lånte ut pengar til eigne eigarar for slik å byggja opp falsk eigenkapital, han meiner å ha avdekt store ulovlege avsetningar i «tome» selskap, han meiner å ha funne døme på omfemnande innsidehandel og reint tjuveri, lista går og går.

– Men krisa handla enkelt og greitt om at islandske bankar skaffa seg pant og kjøpte verdiar av elendig kvalitet, og dei kjøpte stadig dårlegare kvalitet. Då prisane byrja å gå ned av di marknaden forstod at desse verdiane var mykje lægre enn bankane hadde kjøpt dei for, kollapsa alt.

Men oppdaga nokon dette? Tja, i 2007 sa det før nemnde ratingselskapet Moody at kredittverdet til dei tre største islandske bankane var trippel A, som var betre enn det ei rekkje solide internasjonale bankar hadde. Etter og under krisa gjekk børsen på Island ned med 92 prosent. Lite tydde på at bankane fortente tre A-ar.

Falsk tryggleik
Er så bankkrisa over no?
– Islands bankar lever under ein falsk tryggleik. Det ser ut som dei tener pengar, men det er fordi dei gamle verdiane dei hadde, er skrivne opp. Men dei lever i dag under statleg kapital og statlege innskotsgarantiar. I tillegg er det slik at 14 prosent av utlåna ikkje gjev renter, dei ei i praksis daude. Dette er svært høgt. I Irland som er nest høgst, ligg nivået på 10–11 prosent. Om vi lyfte på kapitalkontrollen på Island, ville vi få kapitalflukt. Skal Island verta ein del av den normale internasjonale kapitalmarknaden, må bankane løysa desse problema før nokon igjen vil investera i dei.

Det andre problemet er at det knapt er etterspurnad etter lån på Island i dag, seier Andersen. Islendingane betaler ned på gjeld, dei investerer ikkje i noko nytt.

– Ei mengd verksemder er konkurs, og både husstandane og verksemdene som er att, har svært høg gjeldsgrad. Hovud­årsaka til dette er valutalåna som mange tok, dei vart fordobla i verdi då den islandske krona vart halvert i verdi. I tillegg er arbeidsløysa framleis høg og ville ha vore mykje høgre om ikkje dei utanlandske arbeidarane, særleg polakkar, drog frå landet. I tillegg drog mange av dei best utdana unge islendingane. Ingenting av dette er bra. Men innan eit par år vonar eg at stoda er betre, at vi kan få folk attende og utlending­ar byrjar å investera på ny.

– Men eg må spørja deg òg: Kvar kjem dette sinnet frå, kvifor skuldar islendingar flest på andre?
– Etter mitt syn har islen­ding­ar store vanskar med å kritisera seg sjølve. Alle deltok i dette såkalla veksteventyret, men det var ikkje nokon vekst, det var ei kredittfinansiert boble. Det kom mykje kritikk utanfrå av dei islandske bankane og banksystemet. Men ingen ville høyra på kritikarane, i staden kjøpte folk aksjar i bankane. Og på toppen kjem altså dette at oppgjeret lèt venta på seg. Ingenting skjer, vi sender desse sakene våre til statsadvokaten som har ansvaret for rettsoppgjeret. Men det kjem ikkje noko rettsoppgjer. Difor har vi dette sinnet.

Ja til euro!
Det som i alle høve er klårt, er at om den islandske krona var verna av ein sterk sentralbank som kunne trykkja pengar meir eller mindre fritt under ei krise, så hadde krisa på Island vore mindre. Kanskje ikkje for islendingane, men i det minste for omverda. Og sidan omverda no har fått desse ekstreme tapa særleg av di krona går opp og ned, så vil dei i lang tid framover vera svært nervøse for å investera på Island. Kvar skal pengane som islendingane treng i framtida koma frå? Eg spør Gylfi.

– Slik eg ser det, er krona for lita til at ho kan springa fritt. Kva kan gjerast?
– Krona har spela ei utruleg stor rolle i historia vår, ikkje berre dei siste åra, men i alle år. Det har alltid fylgt problem med krona. Inflasjonen har vore ekstremt høg, og valutakursen har gått opp og ned. Under den noverande krisa tok krona knekken på ei rekkje verdiar som under eit stabilt pengesystem ikkje hadde trunge å gå tapt. I tillegg gjekk kjøpekrafta til islendingar dramatisk ned. Dei måtte betala mykje meir for alt vi importerer. På den andre sida var dette òg ein føremon. Vi vende forbruket meir mot innanlandske varer og tenester, noko som i sin tur var bra for etterspurnaden her til lands. Men det grunnleggjande spørsmålet er om vi vil halda på krona i framtida òg.

Her kjem Gylfi med tre alternativ.

– Det fyrste alternativet er å halda på krona, men å vera langt meir disiplinerte enn vi har vore historisk sett. Vi må både føra ein stram finanspolitikk og ein stram pengepolitikk, og vi må halda lønsveksten nede. Men eg kjenner historia og islendingane, og det gjev meg liten grunn til å vera optimist. I teorien kan det likevel gå.

– Det andre alternativet er å halda fram som før: At vi må leva med ein mykje høgre inflasjon og ein mykje meir ustabil valutakurs enn andre land. Men då må vi leva med at andre ser på valutaen vår som meir eller mindre verdlaus, og at han knapt kan konverterast til andre valutaer.

– Det tredje alternativet er at vi vrakar krona og tek ein annan valuta. Mange idear har vore lagde på bordet, men det einaste realistiske alternativet er å verta ein del av EU og eurosystemet. Ja, euroen har store problem no, men om desse problema vert løyste, vil det vera utruleg freistande for oss å verta ein del av det vesteuropeiske pengesystemet.

Så skulle eg altså få høyra det òg. Etter å ha reist i ei rekkje europeiske land og sett på problema euroen skaper, endar eg opp på eit kontor hjå ein tidlegare økonominister som seier at nettopp euroen er løysinga.

Ranet av Snorre
Ein av dagane tek eg turen til Reykholt, heimstaden til Snorre. Ingen hadde teke vare på hovdingsetet før sokneprest Geir Waage kom dit for ein generasjon sidan. Mannen er ei utruleg kraft og fortel om drapet av Snorre som om det var bror hans som vart slakta ned. Waage har fått bygt opp ei kyrkje og eit bibliotek på Reykholt. Det som no vantar, er den permanente utstillinga om Snorres liv. Kyrkjelyden på Reykholt maktar ikkje å betala lånet dei har teke opp for å få alt på plass, og utan ei utstilling dei kan taka inngangspengar for, ingen inntekter.

– Vi tok opp eit lån på 30 millionar islandske kroner i 2000. Vi har betalt attende 59 millionar kroner til banken. Likevel står det att 18 millionar. No er vi tome for pengar. Vi er galne her på Island, seier Waage.

Ein av grunnane til at kyrkjelyden slit, er at dei sjølve i lag med resten av bygda bygde opp kloakk og vassforsyning. Den gav dei vederlagsfritt til kommunen. Kommunen selde så infrastrukturen. No krev den nye eigaren vass- og kloakkavgift for å finansiera eigne underskot. Firmaet satsa mellom anna på oppdrett av asiatiske karper. Firmaet er den gamle vass- og renovasjons­etaten i Reykjavík. Dei krev òg inn vass- og kloakkavgifter frå domkyrkja. Ho har korkje vatn eller kloakk.

Vel heime i Noreg tek eg trikken heim. I sentrum kjem to unge islendingar om bord. Dei har med seg ein flatskjerm på 46 tommar. Eg kan ikkje fri meg frå tanken om at no er dei i gang med å øydeleggja vår handels­balanse òg. For å omskriva soga om Troja. «Ver på vakt mot islendingar som ber forbruksvarer.»



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake