|
|
Okkuper matindustrien! Av Willie Nelson , 03.02.12 Matindustrien er styrd av gigantselskap. Resultatet er tap av millionar av gardsfamiliar og helseepidemiar som fedme og diabetes, skriv musikaren og aktivisten Willie Nelson. Takka vere «Occupy Wall Street»-rørsla er det no ei djupare forståing av makta selskapa har over dei fleste av oss. Det er ikkje berre finanssektoren, men på alle område av liva våre. Ulikskapane mellom den øvste éine prosenten og alle andre er dregne fram i lyset – ingen nektar lenger for at dei på toppen får sin del på kostnad av dei 99 prosentane. Lobbyistar, smotthol, skattelettar ... Korleis kan vanlege folk forventa ein ærleg sjanse? Ingen veit dette betre enn gardsfamiliar – deira strev etter å leva av jorda har vorte langt vanskelegare etter at aksjeselskapa tok til å dominera jordbruket og matindustrien vår. Vi såg teikn på dette då Farm Aid starta i 1985, men kontrollen dei store selskapa har over matindustrien vår, har seinare eksplodert. Få styrer det meste Mange nøkkelmarknader for jordbruk, som soyabønner og storfekjøt, overstig 40-prosentterskelen, som tyder at frøa og tilførselen bøndene treng for å dyrka avlingane våre, kjem frå berre eit knippe selskap. 93 prosent av soyabønner og 80 prosent av mais dyrka i USA er kontrollert av berre eitt selskap. Fire selskap kontrollerer opptil 90 prosent av den globale kornhandelen. I dag foredlar tre selskap meir enn 70 prosent av storfekjøtet i USA, og fire selskap dominerer nær 60 prosent av svin- og kyllingmarknadene. Lobbymakt I november gav Obama-administrasjonen eit smadrande slag til eit sentralt lovframlegg lagt fram av USDA (kjent som GIPSA-framlegget), som var meint å jamna ut spelebrettet for sjølvstendige kvegbønder. Dei store kjøtpakkarane, som ville ha mist noko av makta si, lobbyerte kraftig og sigra med å ha marknaden som han er – styrd av gigantselskap. Den same månaden vart nye føresegner for skulelunsjar lagde fram av USDA, som ville føra til meir fersk mat i skulekantinene, svekte av kongressen. Matforedlarane – selskapa som gjer potetar til pommes frites og kylling til nuggets – brukte 5,6 millionar dollar på å lobbyera mot dei nye reglane og fekk gjennomslag, som innebar at kongressen gjekk så langt som å einast om at pizza er ei grønsak. Båe avgjerder syner at makta til selskapa vinn, og at helsa til marknaden og borna våre taper. Vern om gardsfamiliane Vi har rett og slett ikkje råd til det. Matindustrien vår høyrer heime i hendene på mange gardsfamiliar, ikkje under styret av ei handfull verksemder. Opphavsrett: Farm Aid. Trykt etter løyve
« Tilbake |
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|