Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Suppa til Brækken

Av Per Anders Todal
,  27.01.12


Om Oljeindustriens Landsforening no erkjenner at det ikkje lenger er grunnlag for å kalle den norske oljeindustrien for «verdas reinaste», er det eit prisverdig framsteg.

For to veker synte Dag og Tid at den vanlege påstanden om at Noreg har verdas reinaste oljeproduksjon, ikkje har dekning. Tala kom frå den norske oljebransjen sjølv: Miljørapporten for 2011 frå Oljeindustriens Landsforening (OLF), interesse­organisasjonen til oljenæringa. Her gjekk det fram at CO2-ut­­sleppa per produsert fat i Nordsjøen er over 25 prosent høgare enn i Midtausten.

OLF-direktør Gro Brækken er av dei som ofte har kalla norsk oljeindustri »verdas reinaste«. Overfor Dag og Tid trekte Brækken sjølv fram dei låge norske CO2-utsleppa da ho skulle forklare kva ho meinte med dette uttrykket – sjølv om OLFs eigne tal har undergrave påstanden hennar.
Saka vår fall naturleg nok ikkje i smak hos Brækken. I eit innlegg i siste Dag og Tid kalla ho artikkelen «suppe på syltynn spiker» og «i beste fall unøyaktig». Dei merkelappane er dessverre meir dekkjande for hennar eige innlegg.

Først litt om språkbruk: «I 2011 viser statistikken at Midtøsten er marginalt bedre», skriv Brækken. «Marginalt» tyder «lite viktig, underordna, lite», ifølgje ordboka. Men i dei fleste samanhengar er ikkje ein skilnad på over 25 prosent «marginal». For å setje dette i perspektiv: Utsleppa frå norsk olje- og gassutvinning er no kring 14 millionar tonn CO2-ekvivalentar årleg. Om den norske utvinninga hadde hatt like låge klimagassutslepp per fat som statistikken syner for Midtausten, hadde Noreg skåna miljøet for nesten tre millionar tonn CO2-ekvivalentar årleg. Det er til dømes 2,5 gonger så mykje som dei samla utsleppa frå flytrafikken i Noreg. Marginalt?

Brækken meiner elles at ho ikkje kan lastast for å ha sagt at norsk oljeverksemd var verdas reinaste før det kom tal som synte noko anna. Ho skriv: «Dag og Tid mener også at OLF har kommet med utsagn som ikke holder mål. Avisen viser sågar til uttalelser fra 2009 og 2010, mens rapporten tidsskriftet (sic) viser til, ble lagt fram i juni 2011.»
Her har jo Brækken eit poeng. Og det ho skriv, må tolkast slik at OLF tek sine eigne tal til etterretning, at OLF no erkjenner at det ikkje lenger er grunnlag for å kalle den norske oljeindustrien for «verdas reinaste», og difor vil slutte å hevde det. Det er i så fall eit prisverdig framsteg.

Men da er det pussig at Gro Brækken så seint som 19. desember i fjor – eit halvår etter at miljø­rapporten kom – omtalte Noreg som «verdens reneste produsent av olje og naturgass» i eit innlegg i avisa Fremover. Og det er pussig at eg framleis (25.01.12) kan lese dette på nettsida til OLF: «Vi er verdens reneste petroleumsprodusent.» Og det er pussig at eg framleis kan lese dette på nettsida www.verdensklasse.no, som òg er driven av OLF: «Olje og gass produsert i Norge fører til 2,5 ganger mindre utslipp av klimagasser enn verdensgjennomsnittet. Dette gjør Norge til verdens reneste produsent av petroleum.»

Så kjem vi til den verkelege godbiten i argumentasjonen til Brækken: Vi kan ikkje stole på OLFs eigen statistikk! For berre eit mindretal av oljeselskapa i Midtausten rapporterer inn utsleppsdata, «derfor er det grunn til å stille spørsmål om hvor representativt dette datagrunnlaget er», skriv Brækken.

Men om det er slik at utsleppsdata frå oljeindustrien i andre verdsdelar ikkje er til å stole på, har det jo aldri vore noko truverdig grunnlag for OLFs påstand om at «Norge har verdens reneste oljeproduksjon» heller. Eller er det kanskje slik at utsleppstala frå andre verdsdelar var bra nok for OLF så lenge dei tydde på at Noreg hadde den reinaste produksjonen, medan tala brått blir tvilsame så snart dei viser at Noreg ikkje lenger er verdsleiande?

Gro Brækken får svært godt betalt for å tale saka til Noregs mektigaste næring. Oppdragsgjevarane hennar har ingen grunn til å vere nøgde med innsatsen ho har gjort i denne saka.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake