Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Det vanskelege norskfagsordskiftet

Av Janne Nygård
,  27.01.12


Det er på tide å flytte ut av dei evige skyttargravene, leggje frå seg billeg retorikk og raske, utdaterte argument og innsjå at ordskiftet om norskfaget er meir samansett og nyansert enn det tradisjonelt har vorte framstilt.

Ei etterlengta revidering av læreplanen i norsk er på veg, og det kjem ikkje eitt minutt for tidleg. Mange norsklærarar og andre som på ulike vis arbeider med norskfaget, har i lengre tid sagt ifrå om at faget er vorte for stort og famnar for vidt, og at sidemålsordninga ikkje fungerer slik ho skal. Utdanningdirektoratet har kome med nokre framlegg som skal betre på situasjonen og som dei ynskjer å sende ut på høyring, mellom anna å fjerne ein eigen karakter i sidemål, ta bort eksamen i sidemål på ungdomsskulen og å tone ned sidemålsambisjonane. Køyr debatt!

Byggjer stråmenn på stråmenn
Når eit norskfagsordskifte blussar opp, glir det lett over i eit sidemålsordskifte, som igjen kokar ned til å handle om nynorsk. Når nynorskordskiftet når ålmenta har allereie meiningsmotstandarane krope ned i kvar sine skyttargraver. Godt hjelpte av media, men òg av seg sjølve.

Unge Høgre, som ofte er ute og bruser med fjørne når det er snakk om nynorsk, seier at målfolket tvingar alle til å lære eit ubrukeleg språk. Tvungen karakter keier dagens ungdom i hel med pugging av sterke verb i staden for å introdusere dei for spanande litteratur! Målfolket på si side, inkludert meg, skuldar høgresida for å vilje ta livet av språket og at dei ikkje bryr seg om nynorskelevane i det heile. Gamle fordommar fordummar ordskiftet.

Å finne fram til rett medisin
Eg trur eigentleg ikkje at høgresida i politikken vil språket mitt til livs. Eg trur heller ikkje at den jamne målmann eller målkvinne gnir seg i hendene og smiler av tanken på at osloelevar slit seg gjennom time etter time med keisam og gamaldags nynorskopplæring. Alle partar vil at nynorsk skal halde fram med å vere eit dugande bruksspråk og eit språk som nynorskungdom ikkje skal velje bort når dei startar på ungdomsskule eller vidaregåande. Men det kjem ikkje like klårt fram av dagens språkordskifte.

Ordskiftet burde innehalde konstruktive framlegg for korleis vi skal gjere situasjonen betre for nynorskbrukande born og unge og for dei som innanfor dagens sidemålsordning skal tileigne seg ein brukbar kompetanse i begge språka. Vi burde ikkje nytte spalteplass og sendetid på einast å sable kvarandre ned.

Eg har endå til gode å høyre høgresida kome med gode, velgrunna framlegg til korleis ein skal få nynorskelevane til å halde på språket sitt. Utanom at dei kan få «slippe sidemålsundervisning», sjølvsagt. Og eg vil at dei skal få kome med innspela sine utan at målrørsla unisont ropar «nynorskhatarar!» etter dei.

Kva vil vi med norskfaget?
Skal norskfaget vere eit daningsfag, eller skal det vere eit instrumentelt og praktisk retta fag som berre utrustar elevane med dugleikar som dei vil få direkte nytte av seinare? Kanskje båe delar. Vi må våge å ta ordskiftet om kor stor plass sidemålsundervisninga skal ha i eit framtidig norskfag. Men vi må òg våge å ta eit ordskifte om kva konsekvensar det kan få for ein nynorskbrukande trettenåring som kan kome til å møte framtidige kollegaer om ti år som knapt har vore borti språket hans, og som då vert tvungen til å måtte nytte sidemålet sitt i alle jobbsamanhengar.

Dette handlar ikkje om daning, det er eit praktisk spørsmål og handlar om kva rettar ein skal ha som nynorskbrukar i Noreg. Samfunnet er fleirspråkleg, og vi må utdane folk som kan møte den fleirspråklege kvardagen. Spørsmålet er på kva måte vi skal gjere det på. Og eg helsar eit godt, grundig og fagleg tufta ordskifte velkomen!

Janne Nygård er leiar i Norsk Målungdom og norsklærarstudent.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake