Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Noreg er verre enn Hellas

Av Jon Hustad
,  20.01.12


Nordmenn er truleg dei mest forgjelda i verda.

Skuld er eit merkeleg dyr. Kva skjer når vi kjenner oss rikare og tener meir pengar, betaler vi ned på skulda? Nei, då kjenner vi oss trygge og tek opp endå meir lån. Og når vi alle tek opp meir lån, får vi alle tilsynelatande betre råd og tilbyd andre endå meir pengar for det dei har å selja av investeringsobjekt. Med auka skuld går tilsynelatande altså rikdomen i samfunnet opp. Vert vi derimot fattigare og har trong til meir pengar, gjer vi det motsette: Vi byrjar å betala ned på skulda, og slik får vi endå mindre pengar å nytta. Altså: Di meir vi betaler ned på skulda, di fattigare vart tilsynelatande samfunnet. Forstå det den som kan. Konklusjonen er i alle høve nokså klar: Skuld har det med å skipla samfunnsøkonomien.

I januar 2011 var Harvard-professoren Kenneth Rogoff i Noreg og heldt førelesing i Oslo. I januar i år var turen komen til Yale-professoren Robert Schiller. Båe er nok komande nobelprisvinnarar, Rogoff for forskinga si på kva gjeld har ført til av finanskriser, Schiller for å ha utvikla ein indeks som syner når ein økonomi har ei bustadboble. Båe var samstemde: Rogoff meinte vi nordmenn lånte for mykje generelt, og Schiller meinte vi hadde lånt for mykje til bustader. Båe spår dei ei komande kreditt- og bankkrise i Noreg.

Noreg, USA og Hellas
Då må vi jamføra: Det er helst to land vi tenkjer på når vi høyrer ordet finanskrise, nemleg USA og Hellas. Det var i USA det heile starta, og det var Hellas som fyrst gjekk konkurs. Kor stor samla skuld hadde offentleg sektor, verksemdene og hushald i dei to landa i 2000? I USA stod gjelda på 198 prosent av samla verdskaping (BNP) per år, i Hellas var det same talet 195 prosent. I Noreg låg vi på 256 prosent. Gjennomsnittet for dei atten største økonomiane i verda var på 255 prosent i 2002. I 1980 var det same talet 168 prosent.

Så kom 11. september 2001, renta gjekk i golvet, og grekarane og amerikanarane kunne verkeleg byrja å låna. I 2010 hadde Hellas kome opp i ei samla skuld på 262 prosent av BNP, USA låg på 268 prosent, om vi skal tru Den internasjonale oppgjersbanken (BIS) i Sveits. Likevel låg vi nordmenn no langt føre gjeldsnasjonane Hellas og USA, vi var komne opp i 334 prosent. I det siste tiåret har Noreg hatt rekordhøg vekst i økonomien og dimed BNP. Trass i dette har skulda gått opp med 78 prosent av BNP. Kvar nordmann, barn, uføretrygda, pensjonist, aksjeeigar eller direktør har auka skulda si med eit gjennomsnitt på over 300.000 kroner.

Rik stat
Tala vert endå meir særmerkte om vi ser på kor mykje eller lite av den samla gjelda som ligg på offentleg sektor. I 2000 var den norske offentlege skulda på 28,5 prosent av BNP, seier SSB, eller på vel 420 milliardar. I 2010 stod den same skulda på 1,1 billionar eller knapt 44 prosent av BNP. Ja, den norske staten er rik, men kommunane er ikkje rike. Der berre aukar og aukar skulda, i 2010 gjekk dei med eit underskot på 33 milliardar.

Men den offentlege skulda i Noreg er nær for ein bagatell å rekna om vi jamfører med Hellas, som kom opp på nær 150 prosent av BNP i 2010. I USA var ho om lag 100 prosent. Det tala altså fortel oss, er at føretaka og hushalda i Hellas har ei skuld på om lag 100 prosent av BNP, i USA er det same talet 170 prosent av BNP, medan den private skulda er på 290 prosent av den samla verdiskapinga her til lands, seier BIS. Og det er desse tala Rogoff og Schiller har teke utgangspunkt i når dei seier at Noreg er på veg inn i ei finanskrise. Ved utgangen av 2011, seier SSB, har kommunane, føretaka og hushalda ei gjeld på knapt 5 billionar. Dei norske hushalda har auka den innanlandske skulda si frå knapt 800 milliardar i 2000, til 2,2 billionar i dag. I tillegg kjem det dei har lånt i utlandet. Rett nok er tala frå SBB og IBS bygde på litt ulike føresetnader, men privat sektor i Noreg ser for tida ut til å vera verdsmeister i skuld.

Kvifor er det slik?

Ubalanse i skattesystemet
– Mellom anna av di vi har ein ubalanse i styringssystemet i Noreg, seier økonomihistorikar og forfattar av Finansdepartementets historie, Einar Lie.

– Internasjonalt har vi ein situasjon som har pressa Noreg til å ha låge renter. Samstundes har vi høge lønsinntekter og ingen bustadskatt å snakka om. Denne stoda er ei hovuddrivkraft bak veksten i skulda. Det er urovekkjande, men eg har lita tru på at vi får gjort noko med utviklinga.

– Men no er vi i ein situasjon der det vi har lånt på, panta, går opp i verdi av di vi låner stadig meir, men om trenden vert reversert, byrjar nasjonalformuen å gå ned?
– Ja, og det er det enormt ustabile her. I litteraturen om finansiell ustabilitet har krisemekanismane vi hadde rundt den fyrste verdskrigen, vore mykje framme. Der var bankar og finansinstitusjonar – samstundes som dei lånte ut til folk som spekulerte i aksjar – sjølve med på å spekulera i aksjar. Då aksjekursane steig, auka tilsynelatande eigenkapitalen både til bankane og kundane deira, og utlåna kunne aukast endå meir. Denne mekanismen er alle samde om er særs uheldig, for når formuesverdiane fyrst byrjar å falla, så kjem ein inn i ein kraftig sjølvforsterkande negativ spiral. Noko av det same ser vi no i bustadverdiane, men det er ikkje heilt enkelt å jamføra dei to storleikane sidan mange oppfattar fenomena som vidt ulike og ser på eigedom som noko veldig fast og bank og børs som noko veldig laust.

Men slik er det ikkje, meiner Lie.

– For bustadprisar er også særs utstabile i eit langt perspektiv, men det ser vi ut til å ha gløymt sidan prisane no har gått opp i snart tjue år. Både nasjonalt og internasjonalt har fast eigedom vore særs syklisk.

Blinde nordmenn
– Då eg var på førelesing i fjor med Rogoff, sa han det same som du og tok utgangspunkt i kredittveksten under jobbetida og bankrisa før 1990. Skal vi lytta til slike som Rogoff og Schiller, eller forstår dei ikkje det særmerkte ved Noreg?
– Det veit vi ikkje før tinga eventuelt har falle saman, men eg trur vi i Noreg er noko blinde for mekanismane som kan skapa ustabilitet i systemet vårt, og meir no enn for nokre år sidan. I mest alle andre land er ein grunna finanskrisa varsame med risiko, men her heime fekk vi knapt fall i nasjonalformuen eller auka arbeidsløyse og trur dimed vi er immuniserte mot risiko.

– Kva gjer vi no? Prøver vi å hindra gjeldsveksten i å halda fram, eller ventar vi til det eventuelt sprekk og freistar å rydda opp i etterhand?
– Det er mykje uro rundt denne problemstillinga, men om vi ser på kva ein del sa for eitt eller to år sidan, nemleg at den såkalla bustadbobla kjem til å sprekka, så seier mange av desse noko litt anna no. Dei seier dei er uroa over dei høge verdiane, men dei seier samstundes at dei ikkje heilt veit om det kjem til å flata ut eller auka eller gå lett ned. Eg trur dei er meir nyanserte no rett og slett av di den eventuelle bobla ikkje sprakk, og at det særmerkte skattesystemet og låge rentenivået kanskje kan halda oppe verdiane ei god stund enno.

Rik stat fører til privat gambling

Nordmenn tek opp høge lån av di dei ser at staten er rik, trur Ådne Cappelen i Statistisk sentralbyrå.

–Det er eit problem for mange økonomiar om gjelda vert stor. Pengepolitikken vert førd for å oppnå nokre mål, inflasjon eller ein særskilt valutakurs eller kva det skal vera. Her heime har  konsekvensen vorte at kreditt er billeg, og når det vert kombinert med det fordelaktige skattesystemetet vårt for avkastning på fast eigedom, så vert skulda høg. Den høge skulda har altså eksponert nokre svært problematiske sider ved innrettinga av skattar, seier Ådne Cappelen, forskar ved Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Har norske økonomar og styremaktene vore for lite opptekne av gjeldsveksten?
– Nei ... det er vel liten tvil om at dette er noko miljøa er opptekne av. Kredittilsynet, til dømes, har no gjort det vanskelegare for unge folk å taka opp høge lån, og stilt auka krav til eigenkapital. Det er også eit vanleg synspunkt mellom økonomar at ein ikkje  kan sjå offentleg og privat gjeld uavhengig av kvarandre. Kanskje er det slik at vi nordmenn tenkjer at fordi offentleg sektor i Noreg har så mange fordringar uteståande, så treng ikkje vi å vera så urolege for vår framtidige pensjon. Altså at «sidan Noreg har så stor pensjonsformue, så kan eg eksponera meg for meir gjeld». Då vert det etter mitt syn feil å gjera det BIS-økonomane gjer. Dei burde sjå på nettogjelda til Noreg samla og ikkje bruttotala.

– Men trur du verkeleg at nordmenn er så trena makroøkonomiske tenkjarar at dei reknar på statens formue når dei sjølve tek lån?
– Det kjem an på. Men eg trur faktisk at mange reknar med at det norske velferdssystemet er så godt og trygt fundert at dei har det i bakhovudet når dei sjølve tek risiko.

Ingen treff om framtida
– Skal vi lytta til Rogoff og Schiller når dei seier at vi er på veg inn i ei finanskrise?
– Det kan vi godt, men eg tykkjer det er meir interessant å reflektera over kva slags sjokk vi skal sjå føre oss som kan føra oss ut i krisa. Men då kan andre på si side seia at eg tenkjer feil, at eg ikkje greier å føresjå kva det er som løyser ut krisa. Røyndomen har det med å produsera spektakulære hendingar som ingen makta å sjå koma. Historia gjentek seg i den forstand at krisene kjem, men vi maktar ikkje å gissa kva det vert som løyser ut krisa. Når Rogoff og Schiller ser på gjeld som del av BNP eller bustadprisar, så ser dei på éin variabel. Eg seier ikkje at dei tek feil når dei ser på desse variablane, men eg konstaterer at norsk økonomi er svært ulik det han var før 1920 eller før den siste bankkrisa. Han er mykje meir robust no enn då.

– Men høg privat gjeld er vel eit problem?
– Ja, det er det.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake