Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hemmeleg plan for å fjerne Nordli

Av Vidar Ystad
,  13.01.12


Sjefredaktøren i Arbeidernes Pressekontor, Arvid Jacobsen, tok alt i 1979 initiativ for å fjerne Reiulf Steen som partiformann og Odvar Nordli som statsminister. Han ville erstatte dei med Gro Harlem Brundtland.

Arvid Jacobsen lanserte ideen sin gjennom ein femtrinns plan i eit personleg brev til sin gode ven Ivar Leveraas, som var partisekretær i Arbeidarpartiet. Det skulle gå halvtanna år før Jacobsen fekk det som han ville.

Brevet frå Jacobsen er datert 20. september 1979 og har tydeleg bakgrunn i den turbulente valkampen, til dels prega av fyll hjå sentrale aktørar, og det elendige resultatet for Ap i kommunevalet tidlegare i månaden. Ap oppnådde då berre 35,9 prosent, det svakaste resultatet sidan 1947. Ap var van med heilt andre valresultat på den tida.

Dokumentet kastar nytt lys over det som i samtida, i januar/februar 1981, vart oppfatta som ein aksjon frå Arbeidernes Pressekontor for å bli kvitt Odvar Nordli som statsminister. Sjefen for pressekontoret hadde arbeidd for ein slik avgang i halvtanna år.

– Heilt ukjent
– Dette dokumentet er heilt ukjent for meg. Eg har ikkje høyrt noko om dette før no. På den andre sida er det ikkje overraskande. Eg høyrde om visse ting som var på gang i partiet, seier tidlegare statsminister Odvar Nordli til Dag og Tid. Han legg til at han ikkje ynskjer å meine noko om denne handlinga.

– Dette ligg over tretti år tilbake i tid. No får det kvile i fred, avsluttar Nordli.

– Eg handla ut frå lojalitet og omsut for partiet då eg skreiv dette brevet. Det var mykje rot og ugreie. Eg meinte at både Nordli og Steen måtte vekk, og at det var i interessa til partiet, forklarer Arvid Jacobsen til Dag og Tid.

– Dette var eit ganske utanomorganisatorisk innspel. Arvid var tidvis litt glad i å «skape» handling­ar og situasjonar, for å seie det pent, seier tidlegare partisekretær Ivar Leveraas.

Han seier at han ikkje kan minnast kva han gjorde med brevet. Han er «ganske sikker» på at han ikkje gjekk til Reiulf Steen og Odvar Nordli med brevet eller orienterte dei om innspelet. «Det ville vere veldig unaturleg for meg», seier han.

– Om eg skulle ta teke det opp med nokon, måtte det logisk sett ha vore med Gro. Eg er ikkje skråsikker på at eg ikkje drøfta det med henne, men eg er nokså sikker på at eg ikkje gjorde det.

– Arvid var veldig politisk og ideologisk. Eg kunne aldri ha gjort noko slikt i den posisjonen, seier Tor Axelsen, som tok over som sjefredaktør i A-pressen etter Arvid Jacobsen.

Planen klar
Jacobsen hadde planen klar. I brevet sitt skriv han:

«Følgende bør skje nå:

1. Reiulf sier i en erklæring til landsstyret 4.–5. oktober at han av helsemessige grunner ikke kan fungere tilfredsstillende i den krevende jobben som partiformann. Eventuelt fulgt av legeerklæring.

2. Gro blir konstituert av landsstyret som partiformann.

3. Odvar Nordli blir parlamentarisk leder.

4. Gro blir statsminister og lager en ny regjering.

5. Partiet innkalles til ekstraordinært landsmøte 14. og 15. juni.»

Jacobsen skriv vidare:

«Jeg skjønner fortsatt så mye at dette ikke blir enkelt å få til. Selv må jeg imidlertid innrømme at jeg blir mer og mer overbevist om at dette vil være riktig. To grunner for det: 1. Odvar har etter min oppfatning nå i tre saker klart dokumentert mang­lende lederegenskaper a) ved ikke å skifte statsråder, b) ved manglende tilstedeværelse og ledelse av valgkampen og c) turneringen av skattesaken i valgkampen. Når det gjelder Gro blir jeg også etter hvert mer sikker: a) Alf Hildrum (journalist i AP, red.merk.) har ringt rundt til endel av landsstyrets medlemmer, og selv om de ikke vil ha det på trykk er stemninga klart for Gro. B) Finn Arne Eriksrud i Hamar Arbeiderblad var innom her i går. Hans vurdering fra stands og mer grasrot-kontakt var entydig: Folk sier til meg på stands at de vil stemme på Arbeiderpartiet når Gro kommer på toppen.»

Gro Harlem Brundtland var på dette tidspunktet nestleiar i partiet og miljøvernminister i Nordlis regjering. Ho forlét regjeringa og gjekk til Stortinget 8. oktober 1979 etter oppvaskmøtet i landsstyret 4.–5. oktober om valresultatet.

– Risikabelt?
– Kvifor skreiv du dette brevet? Var dette noko du hadde drøfta med Leveraas på førehand – eller i etterkant?

– Nei. Det kan eg ikkje minnast. Dette var av rein partilojalitet. Det var naudsynt at noko skjedde.

Det skulle gå halvtanna år før Arvid Jacobsen fekk gjennomført planane sine. Då vart Odvar Nordli i februar 1981 pressa til å gje frå seg statsministerstolen til Gro Harlem Brundtland. Og nokre månader seinare, i april 1981, vart Reiulf Steen ytst motviljug pressa ut av formannsjobben og erstatta av Gro Harlem Brundtland.

Nordlis avgang
Arvid Jacobsen, som framleis var sjefredaktør i A-pressen, spela då ei viktig rolle. Torsdag 29. januar 1981 sende pressekontoret ut ei melding om at Odvar Nordli var sjuk. Nordli var om kvelden i eit privat selskap. Han vart då henta av statssekretærane sine, Per Vassbotn og Kjell Kristensen. Saman drog dei til Statsministerens kontor som alt var omringa av journalistar. Nordli sende ut ei pressemelding som tok avstand frå framgangsmåten. Neste dag kom Arbeiderbladet ut med oppslaget: «Nordlis helse kan gi skifte». Oppslaget fylte neste heile førstesida.

Reaksjonane vart kraftige både i partileiinga og utover i organisasjonen. Harmen retta seg mot Arvid Jacobsen. Han vart skulda for å ha pressa Nordli til å gå. Kritikken hagla mot presse­kontoret som vart skulda for å drive heksejakt mot Nordli.

Sentralstyret i Ap gjorde alt 30. januar eit avskyvedtak mot pressekontoret, og som «straff» trekte partiet tilbake styremedlemen sin i styret for A-pressen, partsekretær Ivar Leveraas. Partiformann Reiulf Steen uttala at «A-pressen på en utilbørlig måte hadde grepet inn i beslutninger i partiet».

Dette førde i sin tur til ein flaum av protestvedtak frå redaksjonsklubbane i A-presse-avisene. Både dei og dei fleste av redaktørane støtta Arvid Jacobsen for det han og pressekontoret hadde gjort.

– Ville fjerne meg
– Eg oppfatta det som eit forsøk på å kaste meg eller presse meg til å gå, seier Jacobsen i dag.

– Mange gav deg ansvaret for å ha felt Nordli?
– Eg ser jo det. Vi skreiv berre om sjukmeldinga. Så kom hendingane i tur og orden. Nordli mista kontrollen over utviklinga, og statsministeren vil jo normalt ha styring med sin eigen avgang. Eg har forståing for det, men det kunne ikkje hindre at vi skreiv det vi visste.

Seinare fortalde Nordli i boka Min vei (1985) at han lang tid i førevegen hadde sett at stats­ministertida hans gjekk mot slutten, etter nær fem år i stolen. Han var sliten og sleit med helse­problem. Han fortalde at helseproblema «utviklet seg nærmest til et sammenbrudd». Det var berre spørsmål om å finne rett tid til å annonsere avgangen sin.

Han refsa også journalistar og «kretser innenfor vår egen presse» for å ha eit engasjement langt ut over det strengt journalistiske når det galdt endringar i leiarsjiktet i partiet. Han meinte fleire av dei nytta media til å påverke politikken.

Rivaliseringa mellom han og Reiulf Steen, som resulterte i den situasjonsbestemte delinga i 1975, der den eine vart statsminister og den andre partiformann, hadde fungert dårleg. Og det var stadig lekkasjar til pressa frå dei mest fortrulege samtalar. Seinare kom det fram at det var Reiulf som stod for lekkasjane, ikkje direkte til pressa, men via møbelhandlar Arvid Engen på Jessheim.

Gerhardsen på banen
Vinteren 1980/81 skal Steen fleire gonger ha lufta overfor Nordli at han kanskje burde gå som partiformann på landsmøtet i april. Men då landsmøtet nærma seg, gjorde han ingen teikn til å ville gje seg. Det kom også tidlegare statsminister og partiformann Einar Gerhardsen for øyra. Han var då innlagd på Rikshospitalet. Gerhardsen ville ha Steen vekk. Og han kalla til seg redaktøren i Arbeiderbladet, Per Brunvand, for å la seg intervjue.

Intervjuet vart gjennomført 31. mars. Gerhardsen la ikkje fingrane imellom. Men før det kunne publiserast, ville Brunvand la Steen få lese det, ut frå vanleg praksis. Det skjedde 1. april. Steen oppfatta at dette var eit press for å få han fjerna. Redaktør Brunvand aksepterte å utsetje publiseringa ein dag dersom Steen likevel hadde bestemt seg for å gå av. Steen sa han måtte informere Oslo-partiet.

Bjørn Tore Godal, som då var formann i Oslo-partiet, ringde opp Per Brunvand med melding om at Oslo-partiet ville bryte all kontakt med Arbeiderbladet om intervjuet med Gerhardsen kom på trykk. Steen skal også ha sagt at han ville spy ut av seg ved opninga av landsmøtet om intervjuet med Gerhardsen kom på trykk. Brunvand fortalde i detalj til Arvid Jacobsen kva som hadde skjedd, og Jacobsen festa alt på papiret i eit eige notat.

Intervjuet kom ikkje på trykk. Steen kasta korta, og Gro vart vald på landsmøtet på Hamar første helga i april. Fredag 3. april hadde Brunvand laga eit nytt intervju med Gerhardsen med eit anna innhald. Det stod på trykk i Arbeiderbladet laurdag 4. april. Dramatikken var over. Gro hadde erstatta Nordli som statsminister og Steen som partiformann.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake