Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Anders Behring Breivik er psykotisk

Av Svein Gjerdåker
,  06.01.12


Nestor i norsk psykiatri støttar konklusjonen til dei sakkunnige i den rettspsykiatriske erklæringa om Anders Behring Breivik.

–Anders Behring Breivik var psykotisk, det kan det neppe vera tvil om, seier professor i psykiatri Einar Kringlen.

Kringlen er sentral i norsk psykiatri og forfattar av ei sentral lærebok som har vore på pensum i faget i førti år. Dag og Tid har fått tak i mesteparten av rapporten og bede Kringlen om hans faglege vurdering.

– Du meiner altså at rapporten er truverdig?
– Ja, han byggjer på omfattande politidokument og ei rekkje samtalar med Breivik. Dei sakkunnige har òg opplysningar frå mor og halvsyster og andre som stadfester inntrykket til dei sakkunnige. Dei sakkunnige finn på grunnlag av sjukehistorie og eigne observasjonar at Breivik lid av schizofreni, nærare bestemt paranoid schizofreni. Andre psykiatrar ville kanskje falle ned på diagnosen paranoid psykose. Men det sentrale er at «observanden» har vore psykotisk under utføringa av dei groteske drapa. Etter norsk strafferett er då lovbrytaren utilrekneleg.

Kan fungera godt
– Breivik visste korleis han skulle agera utan å vekkja mistanke, han nytta steroid for å motverka sin eigen empati så han skulle greia å gjennomføra drapa på Utøya. For ein lekmann høyrest ikkje psykosen så alvorleg ut?
– Vi veit at paranoide ofte kan fungera relativt godt sosialt. Paranoide kan vera funksjonsdyktige og skjøna at ein må ta sine forholdsreglar. Til og med psykotiske personar kan planleggja og utføra kompliserte aksjonar. Dessutan gjekk ikkje alt på skjener for Breivik. Han kom for seint til regjeringsbygget og hadde vel planar om å drepa Gro Harlem Brundtland på Utøya.

– Kva er då skilnaden på ein type som Breivik og ein sjølvmordsbombar?
– Det kan vera mange ting. Sjukehistoria, tåkepratet hans til mora og alle ideane om ordenen. Dei sakkunnige meiner Breivik har vrangførestellingar, til dels av bisarr karakter. Ei vrangførestelling er ein ukorrekt eller utruleg påstand, ei urokkeleg tru som ikkje kan forklarast ut frå pasientens sosiale og kulturelle bakgrunn og ikkje lèt seg korrigera jamvel om vrangførestelling­ane strir mot alle kjensgjerningar, og jamvel om pasientens kunnskap skulle gjera det mogeleg for han å innsjå dette. Breivik meiner han truleg vert ny regent i landet etter statskupp, og han vil då ta namnet Sigurd Krossfararen II. Han meiner òg han kan få ansvar for deportasjon av fleire hundre tusen muslimar i Nord-Afrika.

– Ein militant islamistisk sjølvmordsbombar trur han får jomfruer i himmelen?
– Slike førestellingar er ein del av ein subkultur og heilt spesielle tolkingar av religionen. Tolkingar som ein altså ikkje er heilt åleine om og som ein fanatikar kan lata seg overtala til å tru på.

Inga litterær perle
– Kva med det faktum at Breivik ikkje syner teikn til hallusinering eller «indre røyster»?
– Du kan ha ein paranoid psykose utan slike indre røyster. Og dessutan hadde dei sakkunnige mistanke om at Breivik hadde hallusinert utan sikkert å kunna dokumentera det.

– Rapporten kjem ikkje med ei personlegdomsvurdering av Breivik før han ifylgje dei sakkunnige vart sjuk. Det må jo svekkja rapporten?
– Ja, eg òg saknar ei slik vurdering sjølv om vi har fått vita litt.

– Mange fagfolk har kritisert rapporten?
– Ja, til og med journalistar, forfattarar, historikarar og litteraturvitarar utan medisinsk eller psykologisk bakgrunn har hatt bestemte meiningar om rapporten. Eg kan vera samd i at rapporten ikkje er noka litterær perle, men det viktigaste er at konklusjonen om psykose etter mitt syn held faglege mål.

– Den svenske psykiateren Johan Cullberg er sterkt kritisk til rapporten. Han meiner det meste av rapporten talar imot diagnosen paranoid schizofreni.
– Det meste? Det var svært. Han vil nok gjerne vera med i ein ny komité.

Vitskap og fornuft
– Psykiatrien er ingen eksakt vitskap, burde ikkje det vore opna for meir tvil i rapporten?
– Få medisinske spesialitetar er eksakte – det måtte i tilfelle vera oftalmologien. All medisinsk diagnostikk og vurdering er grunna på ei blanding av vitskap, klinisk erfaring og sunn fornuft der tolking og skjøn spelar ei rolle. Som andre greiner av medisinen har psykiatrien i dag visse retningsliner når det gjeld diagnostikk, og i aukande grad tek ein i bruk operasjonelle kriterium for ein diagnose.

– Dei sakkunnige skriv at mange vrangførestellingar er bisarre. Men er ikkje det spesielle med Breivik at han tek antiislamismen heilt personleg og trekkjer han ut i ytste konsekvens? Er ikkje dette personlegdomsdraget sjølve kjennemerket på den politiske ekstremisten i alle sine former?
– Det er eit definisjonsspørsmål, men eg kan vera samd i at ein del vrangførestellingar kanskje er forståelege, sett utifrå den situasjonen Breivik var i, og kanskje kulturelt forståeleg når ein ser på hans «politiske manifest». Dette manifestet burde elles vore drøfta meir utførleg av dei sakkunnige.

Nye innspel
– Tre psykologar og ein psykiater frå Sandvika distriktspsykiatriske senter som har fylgt opp Breivik i fengslet, meiner at han korkje er psykotisk eller schizofren?
– Det kan eg ikkje ta stilling til. Eg har berre sett og vurdert rapporten frå dei sakkunnige.

– Burde ikkje Breivik stå til ansvar for misgjerningane sine jamvel om han er psykotisk?
– Det kan ein sjølvsagt hevda. Men då må norsk lov endrast. Paragraf 44 i straffelova seier klart at «En handling er ikke straffbar når gjerningsmannen ved dens foretagelse var sinnssyk eller bevisstløs». Lovbrytaren vert altså her i landet oppfatta som utilrekneleg sjølv om det ikkje er nokon direkte samanheng mellom den psykotiske tilstanden og lovbrotet. I dei seinaste åra har rettspsykiatrien rett nok vore oppteken av at personar med psykose, men med lite symptomtrykk, bør oppfattast som ikkje-psykotiske i rettspsykiatrisk forstand, men i norsk samanheng har ein ikkje vore viljug til å ha med gradspresisering i lovteksten. I USA og Storbritannia kan psykotiske pasientar verta stilte til ansvar dersom den kriminelle handlinga ikkje er direkte forårsaka av psykosen.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake