Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Dei to Italia

Av Jon Hustad
,  06.01.12


ROMA, del II: Italia er eurokrisa i miniatyr. Regionar med lite til felles vert tvinga til å leva saman. Det går heller dårleg.

EUROKRISA
Dei italienske regionane er eit eurosystem i miniatyr. No er det kanskje feil å nytta om­­grepet miniatyr om den tredje største økonomien i EU og den tredje mest forgjelda staten i verda, men de forstår kva eg meiner. I alle høve: Med eit bruttonasjonalprodukt (BNP) på vel 20.000 euro per innbyggjar i 2008 låg italienarane litt over gjennomsnittet i EU, og med ein offentleg økonomi på rundt 50 prosent av BNP plasserer dei seg også om lag på gjennomsnittet; makroøkonomisk er altså Italia om lag der eurolanda generelt her. Men gjennomsnitt kan dølja så mangt.

Den beste måten å oppsøkja Italia på er gjennom Alpane med bil. Eg har gjort det, så dette veit eg. På veg opp frå München byrjar landskapet og arkitekturen å endra seg, dei karakteristiske fjøshusa, kuppelkyrkjene og sveitserhusa vert stadig fleire og ingeniørkunsten stadig meir eksepsjonell. Bruspenna er enorme, fjellandskapet tek pusten frå ein. Du er i Tyrol, hjå urtyskarane. Ved Brennerpasset passerer du grensa mellom Austerr­ike og Italia og kjem inn i Alto Adige, det dei 500.000 innbyggjarane sjølve kallar Sør-Tyrol. Du er i Nord-Italia, den regionen som truleg med unnatak for delar av Vest-Tyskland og Luxembourg hadde den høgste levestandarden i EU til langt ut i 1980-åra.

I Alto Adige lever dei av handverk, fruktdyrking og turisme. Tyskarane som bur der, har ein høgre levestandard enn dei tyske brørne sine nord om grensa. I 2008 var arbeidsløysa i Alto Adige på 3,1 prosent og BNP per innbyggjar godt over 30.000 euro. På veg ned i låglandet mot Roma passerer du Verona, du køyrer kanskje innom Milano, gjennom regionar med namn som Lombardi, Veneto og Emelia Romagana. Det er her den økonomiske makta i Italia ligg. Tener du godt og er oppteken av design og pene klede, vil huset du bur i, vera fullt av produkt frå denne regionen. Nord-Italia var den einaste regionen i Europa som ikkje opplevde økonomisk tilbakegang før 1990-åra. Dette er eit område som i moderne tid aldri har hatt underskot på valuta- eller handelsbalanse. Nord-Italia er ei veritabel eksportmaskin.

Les resten av artikkelen i papiravisa eller HER



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake