Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Islandske lærepengar

Av Per Anders Todal
,  06.01.12


På litt over tre år har Island reist seg frå ruinane etter finanskrisa. Kva er det islendingane har gjort rett?

Sjølv i 2008, eit år fullt av økonomiske kriser, var den islandske kollapsen noko for seg sjølv. I ei årrekkje hadde islandske bankar drive med elleville, lånefinansierte oppkjøp rundt i verda. Også den jamne islendingen naut godt av kredittflaumen og bobleøkonomien, og mange la seg til eit lånefinansiert forbruk som var alt anna enn berekraftig. Den islandske økonomien likna eit kolossalt pyramidespel, og det enda som slike spel brukar å gjere: i skam og tårer.

Hausten 2008 var det knapt eit land i Vesten som såg meir økonomisk skadeskote ut enn Island. Den islandske utanlandsgjelda var nesten seks gonger så stor som BNP, det meste av det var privat bankgjeld. Da Lehman Brothers gjekk konkurs i USA og finanskrisa sette inn, vart den islandske gjelda umogleg å handtere. Likevel: Av alle dei kriseråka europeiske landa er det Island som no ser ut til å kome seg raskast på fote att. Ei rekkje tal og teikn peikar i same lei:

- Underskotet på statsbudsjettet er redusert frå 10 prosent av BNP i 2009 til 3 prosent i 2011. Neste år ventar OECD at Island igjen vil ha overskot på budsjettet.

- Statsgjelda var på det meste 120 prosent av BNP, men er venta å bli halvert innan 2014.

- Alt hausten 2009 tok den islandske økonomien til å vekse att, etter å ha krympa i sju kvartal på rad. OECD ventar ein vekst i Island på 3 prosent i år, langt betre enn europeisk gjennomsnitt.

- Arbeidsløysa er i dag på kring 7 prosent. Svært høgt til å vere Island, men lågare enn for eit år sidan – og Island har framleis den nest høgaste yrkesdeltakinga i Europa etter Noreg.

- I juni i fjor klarte Island igjen å selje statsobligasjonar i den internasjonale finansmarknaden, eit teikn på attvunnen tillit.

For all del: Island har framleis mykje å slite med. Men samanlikna med andre kriseråka land i Europa kjem landet godt frå det. Så kva er det islendingane har gjort rett?

Ikkje til å berge
Iblant er det ein fordel å ikkje ha noko val, går det fram av ein fersk rapport som økonomen Zsolt Darvas har skrive for tenkjetanken Bruegel Policy Contribution. Rapporten A Tale of Three Countries. Recovery After Banking Crises samanliknar handteringa av bankkrisene i Island, Irland og Latvia. Og ein av dei openberre fordelane for Islands del er at landet ikkje hadde råd til å berge bankane sine. Skulda til dei tre store islandske forretningsbankane da finanskrisa kom, var altfor stor. Island var på ingen måte i stand til å halde desse oppsvulma monstera på beina, og Landsbanki, Glitnir og Kaupthing måtte gå konkurs.

Fordelane ved dette blir tydelege om ein samanliknar med Irland. Også der hadde banksektoren fått lov til å oppføre seg ekstremt uansvarleg gjennom ei årrekkje og hadde lånt ut altfor mykje pengar, ikkje minst til eigedomsspekulasjon. Men da det small i 2008, garanterte irske styresmakter for dei irske bankane – på skattebetalarane si rekning. Dette gjorde ikkje irane berre av omsorg for sin eigen banksektor. Irland hadde òg press på seg frå Den europeiske sentralbanken for å halde oppe bankgarantiane. Sentralbanken frykta at ein irsk bankkollaps skulle få skadelege ringverknader og destabilisere den europeiske banksektoren.

Resultat: Det irske folket må betale ned på ei kjempestor statsgjeld i mange år framover – ei gjeld påført landet av dei vitlause gjerningane til banksjefane. Det meste av tapa til islandske bankar – fleire hundre milliardar norske kroner – hamna derimot hos dei internasjonale spekulantane som hadde gjeve bankane lån.

Kronefallet
Island har òg hatt andre fordelar i krisehandteringa si, samanlikna med EU-land som Irland og Latvia. Island kunne devaluere krona si, medan Irland nyttar euro og latviske lat er bundne til euroen.

Verdien til islandske kroner vart raskt halvert etter finanskrisa. Dette førde sjølvsagt til store kostnader for islendingane, sidan alt av importvarer vart mykje dyrare. Mange av utslaga har vore smertefulle, andre kuriøse, som da McDonald’s i 2009 trekte seg ut frå Island fordi så mange av råvarene var blitt for dyre. Den lokale McDonald’s-sjefen Jón Garðar Ogmundsson klaga til BBC over at ein kilo lauk frå Tyskland «var blitt like dyrt som ei god flaske whisky». Til gjengjeld gjorde den låge kronekursen Island langt meir konkurransedyktig, og både eksport og turisme har note godt av dette.

For EU-land som Latvia og Irland, som ikkje kunne ty til devalueringsvåpenet, har prosessen vore vel så smertefull – og ikkje gjeve like gode resultat for vekst og sysselsetjing. Alternativet til devaluering av valutaen er såkalla «intern devaluering» – harde kutt i offentlege utgifter og sterkt redusert lønsnivå, først og fremst i offentleg sektor. Latvia vart hardast råka av finanskrisa av alle land i verda, med ei arbeidsløyse som toppa seg på godt over 20 prosent, og eit fall i BNP på 25 prosent. No er det teikn til vekst også i Latvia, men talet på nye jobbar veks sakte. Devalueringa til Island var langt meir vellukka enn den interne devalueringa til Latvia, meiner Zsolt Darvas, forfattar av Bruegel-rapporten.

På Island er det langt frå semje om at det er ei velsigning for landet å ha sin eigen valuta eller ikkje. Men finansminister Steingrímur J. Sigfússon er ikkje i tvil: «Om vi ikke hadde hatt en egen valuta ville arbeidsledigheten vært langt høyere enn hva den er nå», sa Sigfússon i eit intervju med Nei til EU-avisa Standpunkt i november i fjor.

Kapitalkontroll
Ein annan viktig del av krisehandteringa til Island var å innføre streng kontroll med kapitalstraumen til og frå utlandet – eit radikalt brot med den ekstremt liberale politikken som var ein føresetnad for den islandske bobla og kollapsen.

«Utan kapitalkontrollen ville det vore mykje vanskelegare å sikre stabil vekslingskurs, det ville gjeve mykje høgare renter og gjort det umogleg å verne innanriksøkonomien like godt som vi har gjort», sa sentralbanksjef Már Guðmundsson til nyhendebyrået Bloomberg i fjor haust. Kapitalkontrollen gjorde det umogleg med spekulative framstøytar mot valutaen og dei ny­­etablerte islandske bankane, understreka Guðmundsson.

Interessant nok har Det internasjonale pengefondet (IMF), som stilte med kriselån til Island, stort sett rosa islendingane for krisehandteringa si – nok eit teikn på at reseptane er i endring i IMF.

I tillegg til dei radikale politiske grepa er det også nokre naturlege og kulturelle særdrag ved Island som har gjort vegen ut av krisa kortare. Landet er velsigna med rike naturressursar i form av fisk og billeg energi, det er inga ulempe. Det islandske folket er kjent for å vere særs hardtarbeidande, og det politiske systemet har vist seg omstillingsdyktig og handlekraftig. «Islendingene har vist en særdeles sterk evne til gjennomføring», sa Svein Harald Øygard til Aftenposten i fjor. Den norske McKinsey-mannen Øygard vikarierte som sentralbanksjef under oppryddinga på Island i 2009.

Utan ròte
Alle kriser har sine særdrag, og ikkje alle erfaringane frå Island lèt seg overføre til andre land. Men det kan vere verdt å ta med seg at eit land kan kome overraskande bra frå det ved å late vanstyrde bankar kollapse. Dei islandske bankane var ikkje «too big to fail» – dei var derimot for store til å berge. I intervjuet med Standpunkt prisa finansminister Sigfússon seg lukkeleg for at Island ikkje hadde ein sjanse til å berge forretningsbankane sine: «Vi kunne ha tapt mye penger om vi i det hele tatt hadde forsøkt å redde bankene.»

Kostnadene med å byggje opp ein ny banksektor har vore høge, men det var likevel verdt det, meiner Sigfússon. «Fordelen var at det gir oss en ny start. Vi får en helt ny finanssektor, som ikke er belemret med råtne lån».

Kasserollespelet om den islandske skulda
Island er ikkje berre eit døme på kor fort eit land kan kome til hektene etter ei bankkrise. Islendingane har òg synt at ein kan påverke finanspolitikken ved hjelp av kasserollar.

Icesave var eit sparetilbod frå den islandske banken Landsbanki. Lånekundar i Storbritannia og Nederland vart lokka med uvanleg høge innskotsrenter, og fleire hundretusen slo til på tilbodet. Men da Landsbanki gjekk konkurs i 2008, fekk 400.000 kundar sparepengane sine frosne. I første omgang dekte britiske og nederlandske styresmakter tapa, men dei kravde at den islandske regjeringa i neste omgang skulle betale dette attende. Island vart sett under beinhardt press: Om ikkje Icesave-skulda vart betalt, ville britane og nederlendarane blokkere for kriselån til Island frå Det internasjonale pengefondet.

Rekninga Island fekk, var på 30 milliardar kroner – nær 100.000 norske kroner per innbyggjar. Den islandske regjeringa til statsminister Geir Haarde sa ja til å betale. Alltinget godkjende ein avtale for nedbetaling med Storbritannia og Nederland i august 2009, deretter ein noko endra avtale i desember same år. Men islendingane tykte ille om at dei skulle haldast ansvarlege for feilgrepa til Landsbanki, og demonstrerte i tusental utanfor Alltinget med kasserollane sine.

President Ólafur Ragnar Grímsson lytta til folket og kasserollane, nekta å skrive under på avtalen og kravde ei folkerøysting om saka. I mars 2010 sa 93 prosent av islendingane nei til avtalen. Ein reforhandla Icesave-avtale vart forkasta av nær 60 prosent i ei ny folkerøysting i februar i fjor.

Folket hadde talt tydeleg, og den islandske regjeringa konkluderte med at det ikkje var noko poeng i enda fleire forhandlingar og nye folkerøys­ting­­ar. Men Storbritannia og Nederland står framleis på krava sine, og striden er ikkje over. Icesave-saka gjekk over til ESA, overvakingsorganet for EØS-avtalen, i Noreg best kjent som dei nidkjære byråkratane som skal passe på at vi overheld EU-direktiva. I juni i fjor slo ESA fast at Island skulle betale heile skulda i løpet av tre månader, noko som sjølvsagt var heilt urealistisk.

Neste episode i Icesave-sagaen er alt i gang: ESA har no stemna Island inn for EFTA-domstolen for å få landet til å betale. Men heldigvis for islendingane har saka krympa noko på vegen: Det har vist seg å vere nok verdiar i buet etter Landsbanki til å dekkje storparten av krava frå Storbritannia og Nederland, om ikkje alt. Før jul vart det første avdraget betalt. No blir saka mest eit spørsmål om betalingstempo, rentevilkår og eventuelle straffegebyr. Men islendingane sit òg att med noko anna frå denne saka, sa avtroppande president Grímsson nyleg: «Folkerøystingane gav folk i dette landet større sjølvtillit, synte vegen til meir demokrati og vekte merksemd og tilmed beundring frå andre land.»



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake