Jagland frikjenner euroen
Av Per Anders Todal , 16.12.11
Strengare EU-kontroll over medlemslanda er ikkje eit demokratisk problem. Det er sivilisasjon, meiner Thorbjørn Jagland.
– På lanseringa for tenkjetanken Progressiv sist veke sa du: «Det er ikkje så enkelt som at euroen har skulda for krisa i Europa.» Kva meiner du er hovudårsaka til krisa i EU? – Det er mange årsaker. Vi ser no etterverknadene av finanskrisa som starta i USA, med samanbrotet i eigedomsmarknaden og konkursen til Lehman Brothers. Men det er òg spesielle faktorar i Europa. I Hellas kom krisa av at landet tok opp store lån i staden for å be innbyggjarane betale skatt. Noko av det same gjeld i Italia.– Du kalla ein gong EU for «ei høgare form for sivilisasjon». Sist veke sa du at «sivilisasjonen er i ferd med å forsvinne i Europa». Kva har skjedd på vegen? – Eg sa sist veke at marknaden er avsivilisert, fordi reguleringa av finansmarknaden har forsvunne. Dette var hovudgrunnen til finanskrisa i USA. Reguleringar er sivilisasjon, men i finansmarknadene er det jungellova som rår. – Mange åtvara om at økonomisk krise var ei uunngåeleg følgje av euroen: Så ulike økonomiar kan ikkje ha felles valuta utan eit felles politisk system og eit stort, felles budsjett. Og det har vel vist seg å stemme? – Det er klart at det er vanskeleg å tenkje seg ein felles valuta utan ein sterk sentralbank som kan trykkje pengar. Men ein slik bank var det alle EU-motstandarane i Noreg åtvara mot i 1994. No ser vi verknaden av at EU ikkje har hatt det. Det er elles for lettvint å seie at Europa ville klart seg betre utan euroen. Vi har jo ikkje sett alternativa. Eg tviler sterkt på at EU-landa ville klart seg betre gjennom finanskrisa om dei stod kvar for seg. – Om EU går i retning av strengare, sentralisert budsjettkontroll over medlemslanda, kva følgjer får det for demokratiet? – Ville det vere ein fare for demokratiet? Nei, det er det omvendte som er faren. Når du ikkje har kontroll med statsfinansane, trugar det demokratiet. Ville demokratiet vore sterkare i Noreg om regjeringa sløste vekk alle pengane? Styring og regulering er sivilisasjon. – Men meir sentralisert kontroll med statsbudsjetta til medlemslanda i EU svekkjer vel demokratiet? – Er det ein demokratisk rett å bruke meir pengar enn det er grunnlag for? EU har alt budsjettreglar for medlemslanda, no vil dei sørgje for at reglane blir haldne. I Noreg har vi òg pålagt oss sjølve klare avgrensingar, vi skal ikkje bruke meir av Oljefondet enn den årlege avkastninga. – Om EU skal halde fram med integreringa, må ein vel få folkevalde EU-organ med verkeleg makt, i staden for eit avmektig EU-parlament som få er interesserte i? – Det er eit legitimt spørsmål. No får vi ein fundamental debatt i EU om korleis ein kan sikre den demokratiske kontrollen. Om det blir gjennom dei nasjonale parlamenta eller EU-parlamentet, er ikkje godt å seie. Men det ville i alle fall ikkje vere betre om heile EU gjekk i oppløysing. – EU har ikkje fått den felles offentlegheita som vel er ein føresetnad for ein verkeleg politisk union? – Det er sant. – EU skulle skape ein felles europeisk solidaritet. Når ein ser på tonen mellom grekarar og tyskarar i dag, ser ikkje det ut til å ha lukkast. Grekarane kallar tyskarane nazistar, tyskarane kallar grekarane for late snyltarar. – Det er vel eit teikn på at det er naudsynt å halde Europa saman. Utviklinga no er ikkje noko å gle seg over. Men dette må ikkje overskyggje det som er oppnådd i EU, med den indre marknaden og dei opne grensene. Dette er det ikkje mange i Europa som vil gå attende på. – Kunne det ikkje vere like greitt om EU senka ambisjonane, droppa euroen og gjekk attende til å vere eit frihandelsområde med noko attåt, og lèt tyskar vere tyskar og grekar vere grekar? – Det læt veldig flott, men vi ville få mykje på kjøpet som vi ikkje likar, av både økonomisk nasjonalisme og annan nasjonalisme. – Som overtydd tilhengjar av EU-prosjektet gjennom mange år – korleis kjennest det å sjå utviklinga i dag? – Eg meiner vi må halde fast ved det store som er oppnådd gjennom det grenselause Europa. Dei europeiske landa som ikkje er medlemer, er galne etter å bli det. Sjå på Serbia eller Russland – det dei vil, er å bli del av det grenselause Europa. Som regel fører kriser i EU til gode ting. Eg trur det vil skje igjen.
« Tilbake
|