Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kulturkrigen kjem til Noreg

Av Per Anders Todal
,  16.12.11


Det er faktisk mogleg å gjere debatten om 22. juli-debatten enda litt verre enn han er.

The New Quislings, den nye boka til den Oslo-busette, amerikanske forfattaren Bruce Bawer, har skapt brudulje sjølv om ho ikkje er offisielt i sal. Utgjevinga er no utsett til 31. januar. Men som Anders Giæver i VG har påpeika, er pamfletten allereie mogleg å kjøpe som e-bok via nettbokhandlar. Dag og Tid lasta ned The New Quislings denne veka. Og eit spørsmål som melder seg raskt under lesinga, er: Korleis kan redaktørane til det store, seriøse amerikanske forlaget HarperCollins ha sleppt dette manuset gjennom? Spørsmålet om forlaget kjem vi attende til, men først litt om boka.

Kort fortalt: I The New Quislings-manuset skuldar Bawer «den norske eliten» for kynisk å misbruke terroren 22. juli til å kneble kritikk av islam. Det er ingen ny påstand. Meir oppsiktsvekkjande: Bawer hevdar – i alle fall i den eksisterande versjonen av pamfletten – at det er ein viktig kontinuitet mellom Quisling-regimet under krigen og den politiske og kulturelle eliten i Etterkrigs-Noreg. Boka stemplar Arbeidarpartiet og resten av den norske venstresida, pluss ei lang rekkje offentlege personar frå Petter Nome til Thomas Hylland Eriksen, som «nye quislingar». I tillegg inneheld manuset ein del absurde faktapåstandar, som at muslimar har myrda «tallause ungdomar» i Noreg.

Dag og Tid har kontakta Bawer på e-post, men han ønskjer ikkje å late seg intervjue om boka før den nye versjonen er ute 31. januar. Bawer skriv at det er gjort «ganske omfattende» endringar i manus. Men om ikkje bodskapen i boka skal endrast grunnleggjande, vil ho også i januar vere temmeleg bisarr og støytande lesnad for eit norsk publikum. Så da kan vi vende attende til spørsmålet om forlaget: Kva slag teikn i tida er det at storforlaget HarperCollins vil gje ut The New Quislings?

Breisider frå høgre
Eitt svar på det er at det ikkje er HarperCollins som står som formell utgjevar. Det er derimot HarperCollins-underbruket Broadside Books, som er det som i USA blir kalla eit imprint. Broad­side Books («Broadside» som i «breiside») vart etablert for eit år sidan, under leiing av den erfarne forlagsmannen Adam Bellow. I eit intervju med The New York Times i fjor omtalte Bellow seg som «ein konservativ i ein liberal bransje». Liberal tyder i denne samanhengen «venstreorientert». Broadside Books gjev ut sakprosa i dei fleste sjangrar, men alt skal kome frå «ein konservativ vinkel», forsikra Bellow, som snakka om ein «eksplosjon av intellektuell aktivitet på høgresida» som Broadside ville nyte godt av.

Dette underbruket til HarperCollins knyter seg eksplisitt opp til Tea Party-rørsla på høgrefløya til det republikanske partiet. Mellom anna gjev Broadside Books ut ein serie bøker under vignetten «Voices of The Tea Party». Men HarperCollins er ikkje det einaste storforlaget som har oppdaga at dette er ein lukrativ nisje.

Ein stor marknad
Broadside Books er døme på ei interessant endring i amerikansk forlagsbransje. Lenge var det Washington-forlaget Regnery Publishing som publiserte dei fleste sentrale røystene frå ytre høgre i USA, og forlaget understreka med glede korleis dei skilde seg åt frå dei store «liberale forlagshusa» i New York. Og Regnery er framleis store på denne marknaden, med forfattarar som Newt Gingrich.

Tea Party-folket og deira likesinna i USA framstår kanskje ikkje som spesielt kunn­skapsrike eller reflekterte i ålmenta. Men ein ting skal tilhengjarane av denne rørsla ha: Dei kjøper mange bøker av folk dei likar. Og sidan somme av dei meir reaksjonære forfattarane i USA har selt i millionopplag dei siste åra, fann storforlaga ut at dei ville ha sin del av kaka. Simon&Schuster starta underbruket Threshold Editions i 2005 og gjev mellom anna ut bøkene til Glenn Beck. Random House, verdas største forlagshus, har starta Crown Forum som til dømes gjev ut Ann Coulter, og Penguin har etablert underbruket Sentinel som gjev ut bøkene til mellom andre Mike Huckabee og Michele Bachmann.

Symbiose med Fox
Dei mange forfattarane i den nye amerikanske høgrebølgja er sjølvsagt ikkje samde om alt. Men typiske fellestrekk for forfattarane og måten dei konservative forlaga profilerer seg på, er eit ihuga forsvar av kapitalisme og såkalla tradisjonelle, amerikanske verdiar, og forakt for ein stor stat og «dei liberale media». Ikkje ulikt bodskapen til TV-kanalen Fox News, der mange av desse forfattar­ane er stamgjester og promoterer bøkene sine. Fox News og forfattarane byggjer kvarandre opp gjensidig, med ein kraftig synergieffekt. Og eit anna viktig fellestrekk med Fox News er den aggressive retorikken, dei grove, ofte tynt funderte skuldingane og mangelen på nyansar.

Mangfaldig mann
Bruce Bawer passar slett ikkje inn i standardskjemaet for den nye konservative rørsla i USA, der folk gjerne er intenst opptekne av «familieverdiar». Bawer er på mange måtar ein liberalar, han har tidlegare retta skarp kritikk i bokform mot kristenfundamentalismen i USA, er ein talsmann for rettane til homofile og ein forsvarar for det liberale samfunnet – altså liberal i europeisk tyding. Men eit fellestrekk mellom Bawer og mange av forfattarane på høgrefløya i USA er ein intens islamskepsis. Kritikken sin mot islam og mot europeisk innvandrings- og integreringspolitikk har Bawer tidlegare utbrodert i bøker som While Europe Slept og Surrender, der han hevdar at misforstått toleranse og multikulturalisme i Europa vil føre til at islamistane får øydeleggje dei liberale europeiske samfunna. Men aldri før har han gått så langt som han gjer i The New Quislings-manuset.

Dersom ikkje The New Quislings i endeleg utgåve syner seg å vere grunnleggjande omskriven frå den versjonen som no sirkulerer, deler denne pamfletten eit anna trekk ved debattantane på den ytre høgresida i USA: Dei svært grove, generelle og ofte lite underbygde skulding­ane mot meiningsmotstandarar i «den venstreorienterte eliten». Skuldingar om landssvik sit laust også i Tea Party-rørsla.

Adam Bellow, direktøren for Broadside Books, sa i fjor til The New York Times at han ønskte å halde oppe «ein standard for intellektuell seriøsitet på høgresida». Bøkene på Broadside skal vere skrivne på ein måte som er «seriøs, nøkternt argumentert og bygd på grundig research», sa Bellow. Om denne karakteristikken vil passe på The New Quislings i den endelege utgåva, står att å sjå.

Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake