Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mellom kjærleik og skam

Av Odd W. Surén
,  18.11.11


Lyft lanke or lomme og ta hand i hank, ventetida er omme for duks og for dumme, Knausgårds sjette er i boks og bank, no nyttar det ikkje å driva dank for den som lyt lesa, åh, kom, Mor Teresa, hjelp meg i mi kritikarnaud, for Knausgård er «Erten», og meldaren «Furten», og tidt ynskjer «Furten» at «Erten» var daud!

ROMAN
Karl Ove Knausgård:
Min kamp 6
Oktober 2011

For Knausgård har skrive for evige tider, så lenge tek det å lesa dette, over elleve hundre sider, så boka heiter Min Kamp med rette!

Men kjem me no nærare Karl Ove Knausgård, veit me meir enn at han snautt treng til laushår, dreg denne tekstmengda oss inn i kampen, eller hiv ho oss handlaust langt bort i hampen, der skrivar-egoet knakar av vekst, og boka vert meir fenomen enn tekst? Togn er gull og tale er sølv, men kva med den som er full av seg sjølv, skal talen vera meir enn ja og nei og «sei det som tarvst, eller tei»?

Knausgård skriv om den vanlege dagen, om arbeid og venting og køyring og henting av born i barnehagen, side opp og side ned medan lesaren vonar at noko skal skje, men om dette, som er så ørande smått, skriv forfattaren drivande godt, ein vert engasjert i det private, i kjærleiken, men også i hatet, under himmelen når han er lys og blå, i kjeklinga mellom store og små, og Knausgård rustar seg godt mot kritikken, han held seg til denne estetikken som rettesnor og kunstnarleg norm: «Romanen er det lille livets form.»

Så syner han oss både sorger og sut, frå dagane før Min kamp først kom ut, mykje som ikkje var særleg kjekt, som reaksjonen frå venner og slekt, trugsmål om rettssak og skadebot, og anna som tærde på meining og mot og brått gjorde tvil av tru, og av alt dette var det eit intervju som tok vandrepokalen og førstepris, det var sjølvaste Vestlandets Storavis, Bergens Tidende, som alltid «Allvidende, på alle fire sidene», og dette var ikkje forfattaren budd på, det hadde han visst aldri trudd på, og slett ikkje på slik ein resepsjon, og at boka hans vart ein sensasjon.

Slik vinterdagen brått vert vårleg, og lagnaden tidt er ei vimsete makt, «gjeng det ’n Karl Ove båd’ godt og dårleg», som Vinje kanskje ville ha sagt, slik liknar teksten det einskilde ordet, slik syner det små stundom att i det store, for verket er skirseld for han som skriv, gjennom det vonde mot betre liv, bortanfor det fiendtlege terrenget ligg Paradiset. Og det er poenget som alle som leitar, gjerne finn; gjennom denne hestekuren skriv Knausgård seg ut att or litteraturen just i det same han skriv seg inn.

No har han flidd seg og flådd av seg hamen, og samstundes har han visst funne kammen («Min kam» kunne bokverket også heita og handla om tida han berre leita, men ikkje fann nokon kam, berre skam), og ulven han ikkje lenger er, finst i boka, og berre der, den hamrame mannen, som berre i skrift vart til alfa-hannen, må ha vore presis lik boka, ein du ikkje vert klok på, men klok av.

Midten av boka er ein veldig bolk, ein essayistisk tekst om tankar og folk, om europeisk kunst og kultur, om einskildpersonar og samfunnsstruktur, om mykje av det som var på ferde hundre år attende, om Adolf Hitlers karriere og kva som hende og gjorde han slik han vart, og ikkje berre ein karikatur med stri og svart og firkanta bart, eit menneske, ikkje ein teikna figur. Knausgård freistar for alvor på å tenkja seg inn til kjernen, forstå den menneskelege hjernen og det som knapt kan gripast av sinnet, det som går føre seg djupast der inne i slektningar, kjærastar, fiendar, venner og andre me kanskje tykkjer me kjenner, og han gjer det med kunnskap og skarp forstand, truleg så godt det kan gå an å forklara menneskets mørke sider, skuggen me kastar til alle tider. Han syner oss uniforma og åket, diktaturet og valden mot røynda og språket, og dei som fall frå å vera personar og drukna som tal mellom millionar, brotsverkets grufulle, svarte spor; dei som vart oske før dei vart jord.

Slutten av boka Knausgård har skrive, handlar igjen om det daglege livet, og her rår metaperspektivet, det er boka om boka og prøving og feiling, og litt om sjukdom og langsam heiling, om ektemaken som oscillerer mellom fortviling og eufori, langs ein akse der det som dominerer og ikkje friviljug slepper henne fri, er noko ein ikkje kontrollerer berre med vilje og god intensjon. I lys av dette er denne sjette og største boka ein stor prestasjon. Og litt etter litt veks det fram ei von om det sanne og ekte, for heile prosjektet får meining og form, Knausgård skriv seg mot stille frå storm, med kraft og umåteleg energi, og sjølvdisiplinen er enorm. Det er ein kamp, ein veldig strid, eit ryggtak med både seg sjølv og verda, så vidt eg kan sjå unikt i sitt slag, for når kreftene i han berre slepp laus, kan han verta til Scrooge, eller Santa Knaus (han er fødd på St. Nikolaus’ dag).

Dikting er stundom det skire gull, men denne kritikken er kråkesølv. Han rimar ikkje for moro skuld, men som ein liten demonstrasjon: Trass i meldarens ambisjon handlar ei melding helst om seg sjølv.

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake