Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Vil stå ved lovnadene

Av Per Anders Todal
,  18.11.11


– Statsministeren har sagt at vi skal gjennomføre klimaforliket, og det held eg meg til, seier miljøminister Erik Solheim.

Sjølv om klimatrugsmålet veks, har viljen til forpliktande utsleppskutt berre blitt mindre i dei rike landa. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er ikkje i tvil om kva årsaka er.

– Det kjem først og fremst av éin ting, frykt for å tape veljarar. Vi ser det til dømes i USA, der Obama er livredd for å tape enda meir oppslutnad til republikanarane. I Australia fekk regjeringa nyleg gjennom ny, tøff klimalovgjeving og tapte ti prosentpoeng oppslutnad på meiningsmålingane. Men samtidig som det er vanskeleg å få til forpliktande internasjonale mål, er det mange land som faktisk gjer mykje bra. Australia er eitt døme, og Tyskland og Kina satsar stort på fornybar energi.

– Men når mange land faktisk viser vilje til å gjere noko, kvifor er det slik motvilje mot forpliktande internasjonale klimaavtalar?
– Store land som USA, Kina og India har eit heilt anna syn på statleg suverenitet enn det til dømes EU-landa har. Kinesarane er viljuge til å gjere mykje meir innanlands enn det dei vil forplikte seg internasjonalt. Framtidige klimaavtalar vil truleg bli meir av eit nettverk av mindre avtalar enn éin stor, bindande avtale med juridisk karakter.

Inga vinnarsak
– Vil ei norsk regjering òg tape oppslutnad på å føre ein meir aktiv klimapolitikk?

– Dei tre partia på Stor­tinget som har fronta denne saka mest, gjekk i alle fall attende ved valet sist. Det treng ikkje å vere nokon samanheng, men det er i alle fall ikkje veldig mange veljarar å vinne på denne saka.

– Men politikk pregar opinionen òg. Når folk flest ikkje ser norske politikarar gjere klimatiltak som dei merkar i kvardagen, blir det vanskelegare å tru på at dette er så alvorleg?
– Dilemmaet er at nokre av dei mest verknadsfulle klimatiltaka er veldig fjerne for dei fleste. Kvotesystemet til EU er viktig, Mongstad er viktig, men det er ikkje ting som folk snakkar om over ein øl. For folk flest er tiltak for betre kollektivtrafikk, fleire elbilar og meir effektiv oppvarming i heimen viktigare.

Står ved forliket
Den siste tida er det sådd tvil om regjeringa vil stå ved klimaforliket, gjennom signal frå Finansdepartementet og frå statssekretær Per Rune Henriksen i Olje- og energidepartementet. Kostnadene ved dei lova utsleppskutta innanlands blir for høge, er melodien.

– Kan du halde fram som miljøminister i ei regjering som spring frå klimaforliket?
– Regjeringa skal gjennomføre klimaforliket. Det er vedteke av Stortinget, og alle regjeringspartia står bak det. Eg registrerer at det er mange signal i media, men statsministeren har sagt at vi skal gjennomføre klimaforliket, og det held eg meg til, seier Solheim.

– Somme meiner at Noreg skal gå til FN og seie at vi har blitt så rike at det er umogleg for oss å gjennomføre dei utsleppskutta vi har lova, medan det er mogleg for alle nabolanda våre å nå dei nasjonale klimamåla sine. I så fall ville Noreg framstå som eit slags Saudi-Arabia, ikkje som eit vestleg demokrati.

– Noreg har satsa mest på å betale for utsleppskutt i andre land. Tidlegare klimaforhandlar Harald Dovland meiner Noreg ville stått sterkare i klimaforhandlingane om vi hadde gjort meir på heimebane?
– Det er ingen motsetnad mellom å satse heime og ute. Gjennom å verne regnskog i andre land har vi fått til ti gong­er meir utsleppsreduksjon enn om vi la ned heile Noreg.

– Men Noreg ville hatt meir autoritet i forhandlingar om vi hadde gjort meir på heimebane?
– Noreg manglar ikkje autoritet i klimaforhandlingane. Men om vi ikkje får ned klimagassutsleppa innan 2020 som vi har lova, da har vi eit problem, seier Erik Solheim.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake