Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Toppmøte under ein hardare himmel

Av Per Anders Todal
,  18.11.11


Kyoto-avtalen går ut om eit år. Klimatrugsmålet veks, viljen til utslepps­kutt minkar. – Det er grunn til å vere djupt pessimistisk på vegner av menneska, seier forskingsdirektør Knut H. Alfsen.

KLIMA

Klokka tikkar, verda blir varmare. 28. november byrjar enda eit klimatoppmøte, denne gongen i Durban, Sør-Afrika. Forventningane er små. Sidan Kyoto-avtalen i 1997 har statsleiarane stadig blitt mindre viljuge til å kutte i klimagass­utsleppa.

Kyoto-protokollen, den mest forpliktande og omfattande avtalen om å redusere klimagassutsleppa i verda, går ut om eit drygt år. Avtalen var eit hardt tilkjempa kompromiss og ikkje særleg ambisiøs. Men det var det beste ein hadde, og no er det heilt usannsynleg at det kjem ein ny, streng­are avtale. Og ingenting tyder på at verda kan nå det målet nesten alle land støttar på papiret: å avgrense den globale oppvarminga til maks to gradar. Alt tyder på at klimagassutsleppa vil halde fram med å auke, og at temperaturen vil halde fram med å stige.

– Det er grunn til å vere djupt pessimistisk på vegner av menneska. Eg er langt meir pessimistisk i dag enn eg var i 1997. Eg har barn og barnebarn og er uroleg for den verda dei skal leve i, seier Knut H. Alfsen, forskings­direktør vd Cicero senter for klimaforsking.

Sterke motkrefter
Den politiske paralysen står i grell kontrast til alvoret i situasjonen. Sidan 1997 har klimaforskarane berre blitt sikrare på samanheng­ane mellom menneskeskapte utslepp og den globale oppvarminga. Likevel maktar ikkje statsleiarane i verda å handle.

– I fagmiljøa er det mange sindige, nøkterne folk som er opprørte. År etter år peikar vitskapen i same retning, men det skjer ingenting i politikken. Så godt som all ny klimaforsking sidan Kyoto har berre forsterka alvoret i situasjonen. Det burde motivere til handling, seier Alfsen.

– Så kvifor skjer det ikkje meir? Ein grunn kan vere at når ein nærmar seg realisering av tiltak som vil påføre nokon kostnader, utløyser det motkrefter. Vi ser det mellom anna i kampanjane mot IPCC, klimapanelet til FN. Det går føre seg eit systematisk arbeid for å undergrave klimaforskinga, særleg i USA, der næringslivsinteresser er i open kamp med både forskarar og styresmakter.

Allmenningens tragedie
– Har dei såkalla klimaskeptikarane òg klart å så tvil om avgjerdsgrunnlaget blant politikarane?
– Ikkje først og fremst blant politikarane, trur eg. Men dei har sådd tvil i befolkninga, og det har igjen svekt grunnlaget for å handle. Eigentleg er det få felt der politikarane er så samstemde, også internasjonalt. Men dei kjenner ikkje at dei har befolkninga med seg. Da regjeringa i Australia innførte ein CO2-skatt nyleg, tapte ho stort i oppslutnad, seier Alfsen.
– Vi ser at kampanjen for å så tvil om klimaforskinga har vore svært effektiv. Du treng berre nokre få tvilsame eller usanne på­­standar frå nokon med ein professortittel, så er det som om IPCC ramlar saman i medvitet til folk. Det har skjedd ei ekstrem politisering av klimaspørsmålet dei siste ti åra, dette blir diskutert på ein annan måte enn andre fagfelt.
– Men dersom nesten alle leiarane i verda er overtydde om at utsleppa våre vil føre til ei frykteleg utvikling, er det veldig kortsiktig av dei å ikkje handle?
– Ja, men vi skal ikkje undervurdere vanskane dei står overfor her. Så godt som alle land må bli samde om ein klimaavtale. Dette er allmenningens tragedie, der ingen tener på å gå først og gjere det rette. Og det såkalla internasjonale samfunnet er jo i stor grad eit lovlaust samfunn.

Manglar viljen
For mange land har den økonomiske krisa dei siste åra gjort det enda mindre freistande å gjere kostbare og krevjande klimatiltak. Rike Noreg burde vere betre rusta enn dei aller fleste, men også her skortar det på viljen til å gjere noko innanlands. Nyleg skreiv Verdens Gang at regjeringa vurderer å springe frå klimaforliket frå 2008 og redusere måla om å ta to tredjedelar av ut­­sleppskutta i Noreg.

– Når arbeidsplassar står i fare, er LO vanskelege å ha med å gjere, seier Alfsen tørt.

– Og når dei er samstemde med bedriftseigarane, får dei enda meir gjennomslagskraft.

– Politikarane har meir pliktkjensle overfor sine samtidige veljarar enn overfor komande generasjonar?
– Det er nok ei side av det. Det er eit uvanleg krevjande problem vi står overfor. Vi treng store endringar og må leggje om samfunn og livsstil på mange vis, og vi veit ikkje heilt korleis verda vil sjå ut etterpå. Truleg må vi erfare dramatiske klimaendringar på kroppen før vi vil gjere dei naudsynte endringane. Det er tragisk.

– Og når vi verkeleg erfarer klimaendringane til fulle?
– Da er det for seint, seier Knut H. Alfsen.

– Ynkeleg politikk
Det lange tidsperspektivet i Kyoto-avtalen gjorde det lettare å kome med lovnader, trur Rasmus Hansson, generalsekretær i Verdas villmarksfond Noreg.

– Det er greitt å forplikte seg når det er lenge til du må gjere noko. Men di nærare du kjem gjennomføringa av faktiske tiltak, di tydelegare blir kostnadene. Det er forståeleg psykologi, men ynkeleg politikk.

Hansson trur ikkje problemet er at folk flest har slutta å tru på dei menneskeskapte klima­endringane.

– Folk har derimot mista trua på klimapolitikken. Dei ser skilnad på ordentleg politikk og liksompolitikk. Og det er liksompolitikk når statsministeren seier at noko er verdas største problem, medan det ikkje blir gjort noko som tilseier at dette faktisk er viktig. Da tek ikkje folk det alvorleg heller. Den dagen statsministeren vil ta politiske konfliktar for klimaet blir det bråk, men det vil vekkje ny respekt.

Norske og andre politikarar er fullt klare over realitetane i klimatrugsmålet, meiner Hansson.

– Men dei ventar på at noko dramatisk skal skje som gjev dei ein klar grunn til å gjere noko, ei eller anna internasjonal hending knytt til klimaendringane som gjer det tydeleg at dei må handle.

Olje framfor klima
I Noreg har dei sterke oljeinteressene større påverknad på politikken enn dei fleste er klare over, meiner Hansson.

– Strategane i fossilindustrien er veldig klare over at større innsats for fornybar, berekraftig energi vil gå på kostnad av innteninga deira. Oljenæringa kjenner seg truga, difor gjer dei alt dei kan for å påverke politikken. Det lukkast dei godt med: Sjå på nordområdepolitikken og forskingspolitikken. Det er merkeleg lite merksemd kring måten oljesektoren påverkar norsk politikk på.

– No ser det ut til at regjeringa vil springe frå klimaforliket. Kva er kommentaren din?
– I så fall ville det vere heilt ansvarslaust overfor vår eiga nære framtid. Men dessverre vil det ikkje lenger overraske meg om det skjer, seier Hansson.

Stogga på startstreken
– Det er verkeleg ein tankekross: I 1997 såg vi på Kyoto-protokollen som eit avgrensa første steg på vegen til noko betre. Så har vi ikkje kome lenger enn dette, seier Harald Dovland.

Ingen nordmann veit meir enn han om kor vanskeleg det er å få til internasjonale klimaavtalar. Dovland, som no er pensjonist, var tilsett i Miljøvern­departementet og leidde norske delegasjonar i alle klimaforhandlingar frå 1995 til 2007. På København-møtet i 2009 var han forhandlingsleiar for FN.

– Sidan Kyoto har vi fått mykje meir kunnskap om klimaet som burde tale for å få ein meir kraftfull avtale. Men slik har det ikkje gått.

Dovland peikar på fleire årsaker til stillstanden. USA endra politikk under Bush og trekte seg heilt frå Kyoto-avtalen. Sjølv om Obama i utgangspunktet var meir positiv, er USA i dag sterkt imot ein Kyoto-liknande avtale. Og verdsøkonomien har forskyvd seg sidan 90-talet: Kyoto la berre avgrensingar på OECD-landa, men u-land som Kina, India, Brasil og Sør-Afrika har hatt

sterk økonomisk vekst og tilhøyrande vekst i klimagassutsleppa. Kina ureinar i dag like mykje som USA.

U-landa må med
– Det verkar i dag urettvist å ha ein avtale som berre legg avgrensingar på i-landa. Eg er ein varm forsvarar av Kyoto-avtalen. Men landa som er forplikta av han, står berre for 30 prosent av klimagassutsleppa i dag, medan verda må redusere utsleppa sine med 50 prosent om vi skal nå klimamåla.

I tillegg kjem eit sterkare medvit i mange u-land om korleis klimaendringane vil råke dei, påpeikar Dovland.

– No krev u-landa økonomisk hjelp til klimatilpassing, i tillegg til dei gamle krava om tekno­logioverføring frå den rike verda. Summen av alt dette er kaotisk. Forsøket på å redde verda i København støytte mot store geopolitiske utfordringar.

– Men trugsmålet frå klimaendringane er svært stort. Om dette er fullt ut erkjent av statsleiarane, burde det gå framfor dei fleste andre omsyn?
– Ja, men dessverre har nok dei færraste teke inn over seg tregleiken i klimaet. Dette er annleis enn andre typar ureining. Sjølv om vi stogga alle klima­gassutslepp i dag, ville temperaturen halde fram med å stige lenge, seier Dovland.

– Eg hadde trudd at dei ekstreme vêrutslaga vi har sett i USA dei siste åra kunne medverke til å endre haldningane der. Men det er ingen teikn til det. Om du får ei verkeleg merkbar havstiging i USA, blir det kanskje annleis.

Taktiske feil
I ettertid ser Harald Dovland fleire feilgrep frå i-landa si side i klimaforhandlingane sidan Kyoto.

– Eg snakkar ikkje lenger på vegner av Noreg, men eg meiner det var feil av i-landa å vere så negative til å halde fram med Kyoto-modellen. Det ville vore mykje betre å gå inn for ein ny Kyoto-periode, med ein breiare avtale.

Med åra har Dovland òg blitt skeptisk til den norske insisteringa på «kostnadseffektivitet»: å satse på billege klimatiltak i u-land framfor dyre tiltak her heime.

– For all del: Det er rasjonelt å satse på kostnadseffektive tiltak. Men verda er ikkje alltid rasjonell. Noreg og andre i-land har ikkje vore imponerande flinke på heimebane, og vi har ikkje alltid stått ved det vi sa vi skulle gjere. Om vi hadde meir å vise til heime, ville det gjeve oss større tyngd i klimaforhandlingane.

– Skal ein vere slem, kan det verke som om vi sit og fortel u-landa kor lett det er for dei å redusere utsleppa sine. Men dei ønskjer jo same levestandard som vi har. Når dei ser at vi ikkje gjer tiltak som smertar, kvifor skal dei gjere det? Dette har ein politisk-moralsk dimensjon, seier Harald Dovland.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake