Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Våga og lukkast

Av Andreas Skartveit
,  21.10.11


Otto Homlungs dramatisering og regi er fantasifull, modig og direkte frekk.

TEATER
Det norske teatret:
Bondestudentar
av Arne Garborg
Regi: Otto Homlung

Til universitetsjubileet har Det Norske Teatret, i samarbeid med jubilanten Universitetet i Oslo, sett opp Arne Garborgs Bondestudentar på Scene 2.

Det er eit risikoprosjekt.

Romanar og teaterstykke er to ulike kunstformer, med ulike verkemiddel og uttrykk og ulike krav til framdrift, forenkling og fokusering. Ofte endar slike prosjekt ille. Sjølv har eg sett dramatiserte Hamsun-romanar der resultatet på teatret var langt utanfor grensa for det pinlege.

Bondestudentar har mykje imot seg om romanen skal opp på scenen. Langt på veg er boka ein kollektivroman og ein sosial roman som femner vidt i tida. Personane er tungt lasta med økonomi, politikk, historie og eige liv. Dette er ikkje Ibsen.

Det var med ei kriblande uro eg gjekk til premieren. Dette kunne gå ille. Og ei pinleg Garborg- framsyning på Det Norske Teatret ville eg ta meg nær av.

Teatret har lukkast. Det er fordi dei har våga. Otto Homlungs dramatisering og regi er fantasifull, modig og direkte frekk.

Scenebiletet er stilisert og enkelt. Med eit klassisk grep organiserer han skodespelarane som eit gresk kor. Han forsyner seg skamlaust av tradisjonen. Både Tarjei Vesaas og Tore Ørjasæter blir mobiliserte. Musikken og songen skaper historisk miljø og fortel kva som hender og har hendt. Den akademiske svadaen blir akkompagnert av klassikarane: «Gaudeamus» og «Studentens lyckliga dar», medan svolten herjar. Elias Blix, Anders Reitan, Ivar Aasen og mange fleire får representere sjølvkjensla i målrørsla, som Daniel Braut ikkje fekk med seg. Dølen, vrangtydd som vanleg, Gamle Heltberg, Fram og Pater Omnipotens er sentrerte tidsvitne.

Og mellom oss i salen sit det ein noko desorientert kar frå vår eiga tid som stendig blandar seg inn med skakke og sære kommentarar. Og midt i alle desse fantasifulle grepa på scenen, der også humoren får breie seg, vandrar Daniel Braut omkring, spela av Nils Golberg Mulvik. Vi trur på han, dette offeret for ei trist og grå klassereise gjennom fattigdomens livsfarlege landskap. Og vi trur på dei andre, der dei myldrar kring i sine mange roller.

Når no Svein Tindberg og Abraham har lagt sine mektige og patriarkalske hender over hovudscenen på teatret og blokkert den, er det mykje som tyder på at Arne Garborg og Daniel Braut kjem til å gjere det same på scene 2.

Dette ville nok Hulda ha likt om ho hadde sett det.

Litterært gullkorn
Når Homlung og teatret har lukkast med denne vanskelege oppgåva, er det fordi dei har sett fokus der Garborg sjølv sette det. Dei har sett det som gjorde Bondestudentar eineståande i den litterære gullalderen boka møtte då ho kom. Alle dei store var i gang med sine sjelegranskingar og si frigjering av individet. Det vart skapt verdslitteratur i Noreg då.

Bondestudentar er først og fremst ei bok om samfunnet, om fattigdom, sviktande sjølvkjensle og kulturkonfliktar. Og det er ei bok om økonomi. Hovudpersonen, Daniel Braut, blir slengd omkring av alle desse anonyme kreftene, utan å få styring på noko.

Garborg sjølv visste dette. Og han sa det: «Forresten er den i sin Grundtendens statsøkonomisk ...»

Statsøkonomisk... Vi kallar faget sosialøkonomi, i Sverige heiter det nasjonaløkonomi. Siviløkonomane steller med privatøkonomi og bedriftsøkonomi. Sosialøkonomane, eller statsøkonomane, steller med samfunnet, strukturane, rammene.

Det var det Garborg gjorde, og som teatret har fått med seg. Teaterstykket handlar om samfunnet. Det er hovudpersonen. Brandes såg dette: «Dette er den dybe, alvorlige Bog om Norges Fattigdom, dens Aaarsager, dens Væsen og dens Følger med Hensyn paa Karakterens Forkrøbling ...»

Og her skil Garborg seg frå sine samtidige. Økonomien er med hos Ibsen og Bjørnson også. Tjælde går fallitt, Bernick er skipsreiar, Ekdal og Borkmann er fallerte forretningsfolk. Men her har ikkje økonomien eige liv. Han er berre med som daudt trevirke i det scenegolvet der hendingane utspelar seg. Nødvendig, men daudt.

Hos Garborg er økonomien aktør, med eige dramatisk liv. Her er han eineståande i norsk litteratur. Likemennene er i alle fall vanskelege å finne.

Denne innsikta og denne ståstaden heldt Garborg fast ved, og det gjorde han til ein farleg motstandar. Han visste, og forstod, meir enn mange.

Mannemenn
Bjørnson gav ut En Hanske same året som Bondestudentar kom. Stykket løyste ut ein hissig debatt om seksualmoralen, eit tema som låg og flaut i tida.

Tre menn dominerte debatten: Bjørnson, Strindberg og Brandes. Dansken Elias Bredsdorff har skrive ei fengjande bok om denne debatten, den såkalla hanskestriden, Den store nordiske krig om seksualmoralen (1973).

Desse tre kamphanane hadde ein del ting felles. Dei var mest opptekne av sin eigen navle og geografien nedover der. Så var dei intenst opptekne av å vinne debatten, å vere best, å ramme kvarandre så skarpt dei var i stand til. Personåtaka var dryge, og gamle venskapar gjekk under. «Du är falsk som en festtalare, Bjørnson», sa Strindberg.

Og dei var mannssjåvinistar. Nokre kvinner melde seg i debatten, fordi dei meinte at dette temaet også hadde med dei å gjere. Dei vart møtte med hogg og slag og jaga heim frå kampvalen.

Å lese desse tre mannemennene og deira debattinnlegg i dag er pinsamt. Dette har dei lita ære av.

Men så melder statsøkonomen seg, Arne Garborg, med sin sans for samfunn og strukturar, for økonomi. Seksualmoral var han alltid interessert i.

Men, seier Garborg, skal vi få ein sunn og anstendig seksualmoral, som vi sårt treng, må vi gjere noko med maktfordelinga, med likestillinga. Og kvinnene må få utdanning.

Statsøkonomen Garborg flytte seksualdebatten oppover på menneskekroppen, til hovudet, til økonomien og strukturane. Og dei tre gladiatorane ramla av.

Individ og samfunn høyrer saman, sa Garborg, på scenen, i romanen og i senga.

Ærefullt og vellukka
Vi går glade ut av teatret etter premieren, med tre bastante konklusjonar.

Teatret og Universitetet har gjort ære på Arne Garborg og seg sjølv.

Arne Garborg var ein klok mann.

Fattigdom er noko svineri.

Andreas Skartveit er tidlegare forlagsdirektør og fast skribent i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake