Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Råare og tydelegare bibelspråk

Av Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
,  24.10.11


Før heitte det «det syndige mennesket», no «kjøt». Ein myriade av liknande døme gjer biletspråket i den nye Bibelen både råare og tydelegare.

BIBELEN
Ny-omsetjing
Bibelselskapet 2011

Tolv forfattarar har arbeidd med stil og språkleg utforming i den nye utgåva av Bibelen. Alle har arbeidd med sambandet mellom meining, stil og estetikk. Forfattarane har gått til oppgåva med stort ålvor, nokre engstelege, nokre meir overraska enn andre, men alle har funne stor glede i det.

Eg gjorde ein snarveg og hadde ein liten prat med Magnar Kartveit, professor ved Misjonshøgskolen i Stavanger. For å forklåre motivasjonen for arbeidet peikar han mellom anna på at den gamle typen bibellesarar er borte; dei som drøfta tolkingar, usemjer og uklåre tekststader nøye. Nye lesemåtar er komne inn, særleg frå USA, ein les ut frå meir ferdiglaga mønster. Forkynnarane nyttar mykje anekdotar, dømesoger – preikene er alt anna enn tekst­utlegging. Kartveit vonar det no vert mogleg å samanlikne ulike utgåver, så interessa for samtalar og diskusjonar om lesemåtar aukar. At den katolske kyrkja vil bruke dei nye omsetjingane, kan òg trekkje i samlande lei.

Meir orientalsk
1978/1985-utgåvene var kommunikativt orienterte. Ein freista motarbeide kjensla av framandsleg språk og la i staden inn forklåringar. I viss mon vart teksten dermed meir abstrakt. No er det ikkje gjort store endringar, men mangfaldige små. Vørdnaden overfor grunnteksten karakteriserer Kartveit slik: Ein har fått attende meir av det orientalske, litt framandslege svipet i tekstane i og med at dei gjennomgåande er vortne meir poetiske i form og ordval.

I grunnen har ein vekt opp att noko av tonen og prinsippa til Alexander Seippel (1851–1838). Seippel var orientalist, samla òg norske stev og skreiv sjølv lyrikk. Då han arbeidde med bibelomsetjingar til nynorsk, var han oppteken av at kvar og ein skulle kunne skjøne omsetjingane ut frå eige språkleg tradisjonsstoff, samstundes som teksten skulle vekkje undring over opphavlege uttrykksmåtar.

Klassisk litterært verk
Bibelutgåva er då òg eit klassisk litterært verk – difor er det laga ein eigen versjon (berre på bokmål), den såkalla «litteratur­utgåva». Kapittel- og versinndelingar som ikkje har noko å gjere med organiseringa av dei opphavlege tekstane, er reinsa bort, nye kapittelinndelingar har fått stutte overskrifter. Tanken er at det skal verte lettare å lese den versjonen av Bibelen for mange grupper. Klassikarane vert i vår tid utnytta på nye måtar i internasjonal populærkultur. Å ha tilgang til gode referanseverk er atter viktig for å skjøne samtidskulturen.

Nye tekstfunn
Fornyingsarbeidet har bygd på omfattande forsking og analysar av nye tekstfunn i etterkrigstida (to nye bibelvers er funne!). Ein har lagt vekt på at Bibelen handlar om relasjonane mennesket har til omverda – andre menneske og Gud. Dermed bort med det alderdomlege «Fader» (mest ikkje brukt av nokon i kvardagstale anna enn som bannord) i Fadervåret, no ber ein både på bokmål og nynorsk til «Vår far i himmelen».

Mange nynorskingar ville nok likt betre «Far vår», slik Seippel skreiv. Tendensen i NN-omsetjinga er å setje pronomenet framfor substantivet når det skal vere høgtidsamt («ditt namn», «hans hus», «hans hand»); i nokon mon motverkar det konkretiseringa. I BM-utgåva er den slåande abtraherande draget at ein gjerne nyttar enkel binding i substantiv i staden for dobbel. Og sjølv om diftongane er innførde i mange ord som før ikkje fekk ha dei (bein, grein), så får ikkje a-ending­ar nyttast i substantiv, boken og elven er verdigast. BM har likevel lettare, friare syntaks, tydeleg påverknad frå NN-arbeidet.

Val som verkar inkluderande med omsyn til kjøn, er gjorde der grunnteksten gjer det mogleg; der det før stod «brør» i tiltale/omtale av både kvinner og menn, står no «søsken». Nemninga «Menneskesonen» er no berre for Jesus i NT, men er i grunnteksten òg brukt om profetar i GT. Tanken om Jesus som profet vik dermed meir i bakgrunnen. Strengt teke verkar dette valet tekstforklårande, med di ein vel bort lesemåtar.

Kroppsnært
Den tapte møydomen i profetien i Jesaja 7,14, der almah er omsett til «den unge jenta» har alt lenge oppteke journalistar. Som mellom andre Anders Aschim har peika på, så er Maria framleis møy i Nytestamentet (sjå Luk 1,27; Matt 1,23). Vel så interessant er det at «hore», «skit» og «piss» no er kurante ord. M.a. av den grunn skjønar vi nok profetane lettare når dei nyttar horeri om å vere utrugen, og skit og piss om elendige tilstandar folk kan kome ut i.

Språket er overalt meir kroppsnært – truleg dels ei spegling av det fenomenet i moderne lyrikk som Hadle Oftedal Andersen og andre har kalla «kroppsmodernisme». I staden for å tale om «det syndige mennesket» seier ein no «kjøt»/»kjøtt». Sameleis er «det indre» i mennesket omtala som hjarter og nyrer. Der det før heitte Guds makt, møter vi Guds hand. Ein myriade av liknande døme gjer biletspråket både råare og tydelegare.

Friskare
Salmane verkar fornya og friskare ved at ein jamvel har makta å overføre til norsk språkkjensle ein rytmikk som byggjer på kva ein veit om den opphavlege hebraiske liturgiske songen. Dermed vert salmane meir kroppsnære gjennom at dei vert meir songbare, men òg kjensla at dei kan dansast etter. Det vert lettare å sjå, igjen – slik det var med dei fyrste nynorskomsetjingane som Samlaget stod for – at språkarbeid er del av eit frigjeringsarbeid, frå bundne formular og tankemønster.

Sjølv er eg lei for at ord som «ljos» og «hjå» er borte. Eg tykkjer òg det er pussig at det må heite «skal bli» når «å verta» er gjennomført. Men eg græt ikkje for at vi møter forsamlingar istadenfor kyrkjelydar. At vi no ofrar somme ord vi er glade i, mellom anna av di dei lever i salmespråk og i mange dialektar, må vegast opp mot måten dei nye omsetjingane verkar. Kan hende ser vi starten på ei historisk fruktbar utvikling.

Stor innverknad
I vår tid gløymer vi ofte at då Bibelen tok til å verte allment tilgjengeleg i Europa, utetter syttande og attande hundreåret, så fekk det stor innverknad på kva folk tenkte om rolla til litteraturen i kultur- og samfunnsliv. For John Milton, Alexander Pope, William Blake og mangfaldige poetar i tidleg nytid, gav Bibelen støtte for oppfatninga om at diktaren er skapar, profet og fornyar samstundes.

Moralfilosofi og samfunnstenking i tidlegmoderne tid er òg sterkt prega av ei for oss overraskande positiv oppleving av syndeskulda: Vi er berre menneske. Vi eksisterer ved å handle feil – medvit om det feilbarlege krev at vi er tolerante, men òg kritiske til kva som driv oss vrange vegen. Samstundes har vi personleg tanke- og handlingsrom, med ansvar og medvit om at vi kan setje oss mål som forbetrar oss sjølve og verda. Slike oppfatning­ar skapte grunnlaget for ei drøftande, normdannande offentlegheit. Kan hende vil desse bibelutgåvene på nytt vere med på å minne oss om at vi som feilande menneske saman kan søkje svar på koss tilhøva vert betre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap og fast bokmeldar i Dag og Tid. Han var konsulent på retoriske spørsmål i ferdistillinga av den nynorske omsetjinga av Gamletestamentet.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake