Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Heile systemet er ròte

Av Jon Hustad
,  24.10.11


ATHEN, DEL 1: Alle grekarar har ein tragedie å fortelja. Men dei fleste åt av lasset.

Eg sit på ein flyplass i Mellom-Europa. Eg er på veg til Hellas og Athen. Flyet er éin time forseinka. Flygeleiaren i Athen går sakte. Byretten har atter ein gong nekta dei å streika. Då eg endeleg landar i Athen, går meldingane over høgtalarane om at drosjene igjen står stille. Eg veit ikkje kva dei streikar mot denne gongen, men før har dei streika mot å måtta gje ut kvittering, så har dei streika mot å måtta gje ut rett kvittering, så har dei streika mot å opna næringa for konkurranse, og så har dei sjølvsagt streika i solidaritet med alle andre som streikar.

Eg må i staden taka t-banen som vart bygd til OL, inn til byen. Framleis veit ingen i det greske byråkratiet heilt kor mykje det kosta å byggja banen, eller kor mykje det kosta å arrangera OL. Toget går av ein for meg ukjend grunn berre kvar halvtime. I 2004 skipa Athen til OL. Stort sett kvart einaste år sidan har dei hyrt inn nye folk i administrasjonen ved OL-landsbyen. Ved siste teljing var der om lag hundre og femti tilsette. På toget får eg høve til å leika pedagog og betrevitar. Eg kjem i samtale med ein eldre amerikanar som nett har landa. Eg har lese boka Greece’s «Odius» Debt. The Looting of the Hellenic Republic by the Euro, the Political Elite and the Investment Community. Ho er skriven av den greske økonomen Jason Manolopoulos som i fleire år har samla statistikk om sitt kjære heimland. Mange av opplysningane i denne artikkelen er henta frå boka hans.

– Kvifor streikar dei slik, spør amerikanaren.

– Truleg av di dei ikkje vil taka på seg ansvaret for gjelda som leiarane deira har lånt i den internasjonale marknaden, svarar eg.

– Men då bør bankane som har lånt dei pengane, innsjå at peng­ane er tapte. Når du låner ut til nokon som må betala høge renter, veit du at det er risiko. Sist eg såg etter, måtte den greske staten betala 44 prosent, seier amerikanaren.

Eg svarar at det i og for seg er rett, men at då dei tok opp det meste av låna, måtte dei berre betala tre–fire prosent rente, berre litt meir enn Tyskland måtte betala. Og då krisa byrja i 2009 og renta byrja å gå opp, kjøpte særleg franske bankar mykje gresk gjeld og vedda på at Tyskland kom til å betala i alle høve.

– Dessutan, seier eg, – er renta som Hellas må betala i den internasjonale marknaden, fiktiv. Det er knapt private aktørar som låner pengar til Hellas no, det er ingen marknad som kjøper offentlege greske gjeldspapir eller statsobligasjonar.

– Men då er heller ikkje dei greske obligasjonane verde den summen som står trykt på dei, og då er ikkje gjelda deira reell, seier amerikanaren og viser til liknande døme frå USA der ei rekkje kommunar har gått konkurs sidan ingen vil kjøpa gjelda deira for pålydande.

– Vel, det er alltid nokon som må betala, seier eg. – Per i dag har kvar europeisk EU-familie gjennom skattesetelen teke på seg noko over 11.000 kroner av den greske statsgjelda. Om bergingspakken held fram og alt endar opp på hendene til EU-kommisjonen og Den europeiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF), kjem den summen til å nærma seg 50.000 kroner.

Sosialisme!
Her er det at amerikanaren byrjar å hissa seg opp og tek opp att at bankane må taka ansvar for eigne handlingar.

– Om gjelda hamnar på hendene til europeiske skattebetalarar, er det å sosialisera tapa, medan vinsten hamnar på private hender. Det er ikkje kapitalisme. Dei som eig bankane, må taka ansvar.

– Det går nok ikkje det heller, svarar eg. – Dei som eig bankane, kan nemleg ikkje skriva ned dei greske obligasjonane. Ikkje ynskjer dei det, og dess­utan seier ESB av gode grunnar nei. Tenk deg at du er banksjef og vil ha pengar frå sentralbanken. For å få tak kontantar, som du kan gje til kundane som vil taka ut pengar, må du gje sentralbanken pant i byte. Eit av bytemidla er greske statsobligasjonar. Framleis kan du gje sentralbanken ein gresk statsobligasjon på lat oss seia ti euro. For denne obligasjonen får du altså ti euro i byte. ESB har mange milliardar euro i slike greske obligasjonar som pant i bøkene sine. Om dei går med på at desse panta skal skrivast ned, så må dei be bankane rundt omkring i EU om ny pant. Desse panta har ikkje mange av bankane. I marknaden i dag er ikkje greske statsobligasjonar noko verde, men om ESB sa at dei ikkje var noko verde, ville det verta lange køar utanfor bankane i morgon. Og bankane ville vera konkurs.

– Men då får vel ESB berre trykkja nye pengar då, seier amerikanaren.

– Det kan de gjera i USA, men det har ESB ikkje lov til per i dag. Og om greske og andre statsobligasjonar ikkje lenger har ein formell verdi, er ESB i praksis konkurs og må be om nye pengar frå eigarane sine, dei andre regje­ring­ane i EU.

– For eit rot, seier amerikanaren.

– Det var de amerikanarar som byrja å laga bankar som var for store til å gå konkurs, svarar eg.

– Så du gjev oss skulda no?

– Nei, nei, det var grekarane som lånte pengane.

Så flirer vi båe over stoda.

Kvittering og kvittering
Eg skriv to artiklar om Hellas. I denne fyrste skal eg konsentrera meg om det som gjekk gale med så få tal som mogeleg, i den neste om kva EU og Hellas kan gjera for å koma seg ut av rotet. Der kjem tala.

To timar etter planen er eg framme ved hotellet. Eg er svolten, sur og tyrst. På ein for dyr turistfellerestaurant tingar eg ein dobbel grill. Underleg nok kjem kvitteringa på bordet før maten. På henne står det 29 euro. Utover i måltidet tingar eg salat, vin, ozo og kaffi. Då eg er ferdig, kjem kelneren og skriv 59 euro på baksida av kvitteringa. Det er rekninga. Når skatteinnsamlarane kjem, får dei sjå den offisielle kvitteringa. 30 euro har forsvunne i sluket. No kjem nok ikkje eigaren av denne tavernaen til å få eit reelt bok­ettersyn; om den lokale skatteinnkrevjaren kjem til han, får skatte­innkrevjaren ein «fakelaki» (ein brun konvolutt) under bordet.

– Alle veit at systemet med at alle skal ha bokettersyn kvart år, er totalt bortkasta og sløsing med ressursar. I alle andre land tek ein berre stikkprøver av små verksemder, fortel Kostas Bakoyannis, ein ung Harvard-utdana økonom og son til den tidlegare utanriksministeren Dora Bakoyannis. Kostas representer dei såkalla «unge og uavhengige», ein slags laus paraply av unge som enkelt og greitt vil endra Hellas til det betre. Då Kostas stilte som ordførarkandidat i heimlandsbyen Karpenissi, fekk han 54,3 prosent av røystene. No har han selt investeringsfirmaet sitt for å vera med på å rydda opp i den greske politiske korrupsjonen og for å fullføra doktorgraden ved Oxford.

– Men kvifor held likevel dette fiktive systemet med bokettersyn fram? Jau, av di alle skatteoppkrevjarane vil ha det. Dei tener seg rike ved å sjå gjennom fing­rane med alt skattejukset, seier Kostas.

I sumar fekk IMF pressa gjennom at det skulle sendast ut kontrollørar på øyane. Dei hadde i oppgåve å punktsjekka om dei fekk rette kvitteringar. Godt over 70 prosent av kvitteringane var reint juks.

Den neste stats­ministeren
Etter middagen går eg opp til Akropolis. Nedanfor templet ligg det nye museet, eit praktbygg i marmor og stein som overgår det meste i Athen. Bygningen, som er delfinansiert av EU, stod ferdig i 2009. Dei fleste av dei tilsette er frå landsbyen Kalamata i Peloponnes. Han som var kulturminister då alle desse vart tilsette, var Antonis Samaras. Han er no leiar for det største opposisjonspartiet, dei såkalla høgre­orienterte Nytt Demokrati. Samaras meiner at ingen offentleg tilsette skal seiast opp i Hellas, og lovar at han vil få landet på fote gjennom skattelette. Han har òg lova å taka eit oppgjer med den politiske korrupsjonen i Hellas. Kvar er Samaras frå? Han er frå landsbyen Kalamata i Peloponnes. Ved neste parlamentsval vert Samaras truleg statsminister.

Samaras er svært populær i Kalamata. Dette er elles typisk for dei grekarane eg møter. Alle klagar over det korrupte politiske systemet. Men samstundes er dei fleste godt nøgde med sin lokale representant.

– Det politiske systemet i Hellas fungerer ikkje, som du forstår, konstaterer Kostas.

– Det er bygt opp som eit klient–patronsystem. Den lokale representanten i parlamentet og regjeringa kjøper røyster gjennom å mjølka statskassa til bate for seg sjølv og heimstaden. Og sidan alle politikarane gjer dette, må alle politikarane gjera det. Men faktum er at Hellas er ein pyramide: Øvst finn du politikarane, dei store selskapa og medie­baronane, det er dei som deler pengane og goda frå offentleg sektor mellom seg. Men dei gjev akkurat nok pengar til partimedlemer, offentleg tilsette og andre for slik å halda på makta. I byte får – eller fekk – mange av dei i privat sektor som ikkje er ein del av systemet, langt på veg fritak frå skattar.

Kostas er i Hellas kjend for å ha bede alle dei etablerte politikarane om å taka kollektivt politisk sjølvmord, og det endå han høyrer til ein av dei store politiske familiane i Hellas. Landet har enno ikkje hatt ei regjering med mindre enn 30 prosent medlemer som ikkje har hatt ein minister til mor eller far, skriv Manolopoulos. Den noverande statsministeren, George Papandreou, frå det sosialdemokratiske Pasok, er statsminister i tredje generasjon. Kostas sjølv er ikkje berre son av ein utanriksminister, han er barnebarn til tidlegare statsminister Kostas Mitsotakis, som han sjølv altså er kalla opp att etter.

– Dagens politikarar må bort. Om vi ikkje får ei ny grunnlov og eit nytt politisk system, hjelper ingenting. Sjølv om vi vert kvitt all gjelda, kjem det heile berre til å byrja på nytt, og vi er like langt. Veit du kor mykje av den lova privatiseringa regjeringa og parlamentet har gjennomført? Ingenting, absolutt ingenting. Heile systemet er totalt ròte, og politikarane svik folket ved kvart einaste vegkryss.

– Dei andre må betala
Så langt er heller ingen ansvarleg gresk statsråd fengsla for korrupsjon, fortel han.

– Og dette skal eg altså få høyra frå ein som kjem frå ein etablert politisk familie, ei veritabel politisk maskin?
– Eg er ung, 33 år, eg ber ikkje ansvaret, eg sit ikkje i parlamentet, eg er ordførar for ein landsby. Vi som vart valde, er unge og freistar å hjelpa til og å endra systemet. Vi har inga framtid. Den har generasjonen før oss, dei over femti og seksti, ete opp. Vår landsby har ikkje hatt utvikling på tjue år, vi er landsbyen som er gløymd av både Gud og staten. Vi skal berre prøva å overleva. Vi skal freista å gjera mykje med lite eller ingen pengar i staden for det som har vore gjort dei siste tretti åra, nemleg å gjera lite eller ingenting med mykje peng­ar. Men det er faktisk mykje enklare fyrst å endra det politiske systemet i Hellas før det økonomiske og kulturelle systemet. Når vi endrar systemet og får unge og ukorrupte folk inn, vil det økonomiske systemet koma etter, folk vil nølande, men gradvis byrja å endra åtferda si. Men i dag vil alle at alle andre skal endra seg, men ikkje dei sjølve.

I 2009 snytte alle dei folkevalde i parlamentet på eigedomsskatten, avslørde ein gresk skattebyråkrat, som i sin tur vart degradert. Dette var mogeleg av di dei same politikarane nekta å skipa eit eigedomsregister. Visestatsminister Theodores Pangalos er vorten vidgjeten i Hellas. IMF har fått staten til å krevja inn den nye eigedomsskatten via kraftrekninga for slik å omgå dei korrupte skatteoppkrevjarane. Panga­los er ein rik mann og arving til ein stor formue. Han har femti eigedomar og har klaga mykje over at han ikkje har råd til den nye eigedomsskatten. Kvar parlamentsmedlem har elles rett til pensjon etter éin periode, dei har fire sekretærar og éin rådgjevar, dei får pengar for å møta opp, dei får ha den økonomiske stønaden etter at dei har gått av, og så bortetter. Lista over frynsegode er sterk lesnad for ein nordeuropeisk protestant.

– Dei har ete pengane våre!
Dagen etter tek eg på meg dress og slips før eg set meg i drosja får å møta ymse intervjuobjekt. Før veka er over, har eg lært meg kodane. Når eg har på meg dress og slips, må eg betala dobbelt så mykje som når eg har på meg shorts og t-skjorte. Drosjesjåførar er sosialantropologar.

– Er du engelsk, spør drosjesjåføren.

– Nei, eg er norsk.

– Aha! Du arbeider i shipping! I Hellas er Noreg kjent for to ting: shipping og Erik Mykland. Du må helsa Mykland, han var ein helt og ein ekte fotballspelar, ein teknisk arbeidshest. Men han andre fyren som òg spela saman med han...

– Du meiner Frank Strandli.

– Ja! Han var feit og lat.

Sidan dette openbert er ein god og kunnig mann, innleier eg ein samtale og fortel at eg mellom anna skal møta ein av sjefane i den såkalla troikaen, IMF, EU og ESB, som no finansierer og freistar å styra gresk økonomi (sjå intervju neste veke, red.merk.).

– Og kva vil han fortelja deg, spør sjåføren.

– At de må betala gjelda.

– Med kva!?

Så kjem ein lang tirade. Mannen er rasande på politikarane, troikaen, offentleg tilsette, euroen, EU; han er sint på alt og alle og peikar og ropar.

– Vi vanlege folk, derimot, har ikkje fått noko. Dei andre har ete opp pengane våre!

Drosja har ikkje taksameter. Når turen er over, bed eg om kvittering. Det vil han ikkje gje meg.

– Men om du insisterer, må eg be om dobbel pris.

Helvete er alltid nokon andre, tenkjer eg, gjev opp å få kvittering og lèt mannen få veksle­peng­ane.

Tyskaren
Eg skal møta den tyske økonomen Jens Bastian, som har arbeidt i den internasjonale finansverda, men no er tilsett i den EU-venlege tenkjetanken ELIAMEP. Han er gift gresk og bur her på femtande året. Den dagen eg møtte han, var den dagen troikaen skulle betala ut vel åtte milliardar euro til den greske regjeringa. Det har dei i skrivande stund ikkje gjort. Bastian vert kontinuerleg intervjua av greske og tyske medium medan eg er i Hellas. Han bed alle om å tilgje kvarandre. Det vert ikkje lett. I 2004 fekk tyske pensjonistar 0 prosent i pensjonsauke, greske pensjonistar fekk 3 prosent. Året etter fekk tyskarane 0 prosent, grekarane 4 prosent. Året etter der att fekk tyskarane atter 0 prosent, grekarane 4 prosent. Og slik kan vi halda fram. Før krisa fekk grekaren 80 prosent av si tidlegare løn som pensjon, tyskarane 46 prosent. Alle tala er frå OECD.

– Eg har funne meg ei ny rolle i livet. Eg fortel grekarane kva tyskarane tenkjer, og eg fortel tyskarane kva grekarane tenkjer. Gradvis merkar eg at det kjem auka forståing frå båe sider.

Eg stiller meg litt tvilande. Som Frankfurter Allgemeine Zeitung har skrive: «Grekarane går ut i gatene for å protestera mot å auka pensjonsalderen frå 61 til 63 år. Tyder dette at tyskarane bør utvida pensjonsalderen frå 67 til 69 slik at grekarane kan nyta tidleg pensjonering?» Men Bastian er eit godt menneske. Han meiner det var rett å sleppa Hellas inn i euroen, han meiner at resten av EU må berga grekarane frå seg sjølve, og han meiner at alle må taka på seg skulda. Eg svarar med å fortelja om kvitteringspraksisen eg har opplevt.

– Kva gjorde du med det, spør han.

– Eg, kva skulle eg gjera med det?

– Konfronterte du kelneren og drosjesjåføren med det faktum at dei prøvde å snyta deg?

– Men det gjorde dei ikkje, dei snytte skattesystemet. Skulle eg som nordmann koma hit ned å vera moralist?

– Ja, når over 70 prosent av kvitteringane her er feil, må kvar og ein taka ansvar. De utlending­­ar som kjem hit, berre dreg på akslene og er nøgde med at ting framleis er billegare enn heime. Men skal Hellas bergast, må alle vera med. Slik stoda er no, må alle vera skatteoppkrevjarar. Bed du om rett kvittering, aukar det sjansen for at Hellas på nytt kjem i balanse.

Mannen er tvillaust tysk kantianar. Men òg gresk.

Pengane må koma
– Det er stadig fleire der ute som talar om at Hellas ikkje bør få den planlagde utbetalinga, at dei må «få seg ei lekse». Det vil vera ein grunnleggjande feil. Då vil Hellas vera tome for pengar innan månaden er over. Det er så enkelt som det. Vi er no langt forbi punktet der grekarane «skal få høyra det». Sanksjonar er å leika med elden, samfunnet kan taka fyr. Utbetalingane må halda fram, utan desse vil grekarane seia: «Kvifor skal vi halda fram med dette slitet, kvifor skal vi reformera oss sjølve? Det var ingenting her for oss.» Grekarane har vorte meir fleksible, dei har synt vilje til tilpassing, dei innser at dei har levt på andre. No må dei få hjelp.

– Du talar om konsekvensar, «at det kan taka fyr». Kva er desse konsekvensane, og kva skal dei gjera opprør mot?
– Eg er ingen alarmist. Eg trur ikkje på militærkupp. Nokre seier det, men vi kjem ikkje dit. Men berre for nokre dagar sidan var det måla på ein av veggene på sentralbanestasjonen at «juntaen stogga ikkje i 1973, no heiter han troikaen». Det er ei stigande kjensle av at Hellas ikkje lenger er eit demokrati, men eit protektorat. Vi må ikkje gje næring til slike kjensler.

– Men folk må då forstå at det som var, ikkje lenger kan vera?
– Folk forstår det, og dei har tilpassa seg den nye røyndomen. Dette landet har dei siste atten månadene gått gjennom endringar, positive og negative, som nær aldri før i historia si. Tydelegast ser ein det i arbeidsløysestatistikken. Mellom 16 og 17 prosent er no offisielt arbeidslause. Det andre teiknet er at om du går gjennom gatene her i Athen, ser du eit nær ufatteleg stort tal butikkar som er stengde. Det tredje er at folk no må betala ekstra moms, ekstra særavgifter og ekstra skattar på elektrisitet, vatn og kloakk. I nær to år har dei aller, aller fleste kvar einaste dag måtte rekna på kva den nye kvardagen kostar dei. «Har eg eit arbeid å gå til i morgon, kan vi fara på ferie, kvar skal skulepengane koma frå, kan eg gå til lækjaren?» Og dei som har fått den største skvisen, er mellomlaga i privat sektor. Dei sig djupare og djupare ned i myra. Dei meiner at dei må bera børa medan grannen slepp unna.

– Men korleis kan du sitja her og seia at det var rett å sleppa inn Hellas i euroen? Mellom 1980 og 2000 tapte greske drakme 85 prosent av verdien sin mot tyske mark; alle som ville sjå, visste at tala i nasjonalbudsjettet var falske, det var juks i ein fantastisk skala.
– Hellas kom inn seinare enn dei andre, det var grunnar til det. Men dette var ei politisk avgjerd, ikkje ei økonomisk avgjerd. I etterpåklokskapens ljos seier no ...

– Her må eg berre avbryta deg. Om du tek åra frå 1985 til 2000 og legg saman dei offisielle underskota, så var dei berre på halvparten av låneopptaket i same perioden. Dette reknestykket var kjent før 2001. Etterpåklokskap?
– OK, men dette var ikkje eit problem som var avgrensa til Hellas. Frankrike gjorde mykje det same. Dei hadde nokre «nyskapande» bokføringar av pensjonsforpliktingar, Italia førde inn ein særskatt året før dei gjekk inn i euroen, og det er fyrst i ettertid at det har kome fram at Hellas tok imot godt betalt «hjelp» frå Goldman Sachs slik at bøkene skulle sjå betre ut, og det er dessutan mykje som tyder på at ESB faktisk hjelpte Hellas i å manipulera rekneskapen slik at dei skulle koma inn. Det var eit breitt politisk ynske om at Hellas, uavheng­ig av dei røynlege tala, skulle koma med i euroen. Vogga til demokratiet måtte vera med.   

Dessutan, seier Bastian, Hellas gjekk gjennom reformer før dei kom med i euroen, og det var vilje til å halda fram på den vegen, men så braut Tyskland sjølv regelverket om budsjett­underskot.

– I august 2004 vakna grekarane etter OL og tenkte: «Leikane var fantastiske, men no er alt over, og vi har ingen plan for korleis vi skal betala for leikane. Kva skal vi gjera no?» Så opna Kommisjonen i Brussel sak mot Italia, Tyskland og Frankrike for mang­lande økonomistyring. Svaret frå dei tre landa var unisont. «Vi tek ikkje imot moralpreiker frå Brussel.» Eg trur få har forstått dei enorme konsekvensane dette negative dømet fekk i Helles. Frå då av såg eg at det berre var eit tidsspørsmål før krisa var her.

Meir frå Bastian neste veke.

Lagnaden
Og det er verkeleg krise. I Hellas møter eg ei rekkje lagnader. Alle har ei soge å fortelja. Ein av dagane er bussjåførane i sympati­streik. Dei protesterer mot planane om å seia opp 30.000 offentleg tilsette, og det jamvel om bussjåførane knapt vert råka av oppseiingane. Desse 30.000 er eventuelt dei fyrste som vert direkte oppsagde. Eg kan forstå sympatien, men når eg ser på tala, vert eg lett litt mindre positiv. I 2009 gjekk 70 prosent av det greske statsbudsjettet til løning­ar, det tilsvarande talet i Tyskland var 38 prosent. Til dømes har den greske nasjonalbanken, som ikkje administrerer ein eigen valuta, tre–fire gong­er så mange tilsette som den britiske nasjonalbanken.

Men det var altså dei streikande bussjåførane, dei gjer at gatene er fullstendig låste av biltrafikk, og eg vert sitjande i nær ein time å tala med dama som køyrer. Ho har sjølvsagt oversyn over stoda, men sidan engelsken hennar ikkje er så god, føretrekkjer ho å stilla meg korte spørsmål for å høyra kva eg meiner.

– Trur du at vi får attende drakmen? spør ho.

Eg svarar som sant, at eg ikkje veit, men at det er opp til grekarane sjølve.

– Om de gjer det EU og IMF bed dykk om, får de nok ha euroen vidare, seier eg. Eg fortel òg at det vert svært vanskeleg å gjennomføra ein overgang til den gamle valutaen. Eg seier at med ein gong rykta byrjar å gå, så må alle bankar og overføringsliner til utlandet stengjast i minst to veker slik at folk ikkje får tømt bankane for kapital.

– Men om det skjer likevel, spør ho, – då vil dei pengane vi tek ut etter dei to vekene, berre vera verde ein tredjedel av det dei var verde då vi hadde euroen?

– Det har du nok rett i, seier eg. Men då vil ho vita kva eg ville ha gjort. Eg ymtar frampå om at sidan renta er så låg, ville eg i alle høve ha teke alle euroane eg hadde ut av banken og anten overført dei til Tyskland eller lagra dei på ein trygg stad heime.

– Og om de i mellomtida går over til drakme, så er du mykje rikare enn dei som ikkje tok ut pengane, og du kan kjøpa varer og tenester for ein mykje billegare penge enn før.

Då vert ho blid, blunkar til meg i spegelen og seier at ho veit om «mange» som har grave ned peng­ar i hagen sin. Så fortel ho si personlege historie, ei historie som gjer at eg vert litt meir positivt innstilt til greske drosjebilsjåførar. Også ho er rasande på IMF og troikaen. Dei har nemleg kravt at Hellas skal opna opp ei rekkje såkalla «closed shops», altså dette at ikkje kven som helst kan deltaka i eit yrke. I Athen er det alt 25.000 som har drosjeløyve, og byen har nokre av dei lægste drosjeprisane i Europa.

– I 2002 selde eg huset mitt for å kjøpa eit drosjeløyve. Eg kjøpte det av di eg ville spe på inntekta mi når eg vert pensjonist, og for at son min skulle få eit levebrød etter meg.

Ho gav 200.000 euro for lisensen. På det meste vart slike lisensar selde for 360.000 euro, påstår ho.

– Dette var alle sparepengane mine. No køyrer eg drosje tolv timar kvar dag for å overleva, helg og feriar. Om alle som vil, kan måla bilen sin gul og køyra ut i gata, har eg tapt eit hus, ei næring og ei framtid. Guten min får ingenting etter mor si. Dette vil IMF gjera mot meg.

Ikkje alle grekarar er grekarar
Men ikkje alle ser verda som denne drosjesjåføren. Sjefsdørvakta på hotellet eg bur på, A. Golias, har fått nok av grekarane og all klaginga. Sjølv er han fødd og oppvaksen i Canada, men faren ynskte at alle i familien skulle vera med han heim til Athen før han døydde.

– No ventar vi på at mor som har gikt og ikkje toler kulda i Canada, skal døy. Når det skjer, dreg vi heim att til Canada heile gjengen, seier han.

– Dessutan, desse drosjeløyva vart gjevne til trikkesjåførar og konduktørar som etter kvart vart overflødige. Meininga var at dei så skulle gå i arv til den eldste etterkomaren. Men snart utvikla det seg ein svart marknad og «firma» som ikkje hadde rett til slike løyve, åtte brått ei rekkje. Mellom anna sit ordføraren her i byen på fleire, og han er sjølvsagt mot at næringa skal kunna opnast opp for konkurranse. Men etter kvart vart omsetninga av løyve lovleg av di banknæringa og dimed regjeringa meinte seg tente med det. For om salet av drosjeløyve vart ope, kunne bankane låna ut peng­ar på basis av desse løyva og slik tena store pengar. Dimed gjekk prisane rett i taket. Det heile var ei boble, og det burde alle desse som kjøpte løyve, ha sett.

Så fortel Golias si eiga historie. Han sette sparepengane sine inn i eit pensjonsparefond i ein lokal storbank som han hevdar er ått av trulovaren til ein tidlegare statsminister. Golias skulle taka ut desse pengane den 20. februar i år. To dagar før vart kontoen stengd og peng­ane hevda tapt. No rullar saka til tusenvis av småspararar gjennom rettssystemet i Athen.

– Ikkje ein einaste ein av desse fordømde politikarane eller fordømde bankfolka er fengsla. Grekaren har berre sete stille i båten og akseptert dette. Så ja, også eg er forbanna på EU og IMF. Men ikkje for at dei er her no, men av di dei ikkje kom for tjue år sidan og skvisa desse svina skikkeleg då!

Om kvelden fortel eg sjefsbartenderen om alle desse menneska eg har møtt og som alle har ei historie å fortelja.

– Ja, alle grekarar har ei historie no, seier han.

– Men du skal hugsa at det var vi som fann på dramaet. Eg seier ikkje at dei lyg, eg seier berre at dei er grekarar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake