Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


«Har itte mer pæng»

Av Heidi Hattestein
,  10.10.11


Det er ikkje første gong Sigbjørn Johnsen tek på seg rolla som reddande gjerrigknark.

Under bremmen av ein ny budsjetthatt kom Sigbjørn Johnsen torsdag morgon til Stortinget for å leggje fram statsbudsjettet for 2012.

Budsjettet er det største gjennom tidene, over 1000 milliardar kroner, men regjeringa ligg under handlingsregelen i bruk av oljepengar.

Ein usikker økonomi globalt og eurokrisa set signaturen sin på budsjettet. Som venta er det stramt.

Comeback gongar to
Norsk økonomi går så det susar, og framtidsutsiktene er gode: Det er gjort nye oljefunn i Nordsjøen som visstnok skal vere verde 1400 milliardar kroner.

Mot dette bakteppet er det ikkje lett å forsvare ein påhalden bruk av oljemilliardane. Viss nokon kan klare det, må det vere Sigbjørn Johnsen.

Med seg på laget har han Svein Gjedrem. Begge er tilbake i jobbar som dei har hatt før, Johnsen som finansminister, Gjedrem som finansråd (øvste administrative leiar i Finansdepartementet). Sist styrde dei økonomien med jernhand. No rid dei to innstrammingskarane igjen.

Nei-budsjett
Statsminister Jens Stoltenberg kallar årets statsbudsjett eit nei-budsjett på grunn av alt det som regjeringa ikkje vil bruke peng­ar på.

«Nei» er eit ord som vi nordmenn ikkje likar å høyre. Vi er bortskjemde. Vi har ein tendens til å syngje ei vise med refrenget: «Det er ein skandale i eit av verdas rikaste land.» Humpete vegar, manglande einerom på institusjonane våre, sjukehuskøar – og det trass i oljemilliardar på bok, det er ein skandale, seier vi ofte.

Men det er ein tanke historielaust.
Noko av grunnen til at vi i dag har ein sterk økonomi, er at Finansdepartementet har styrt relativt godt dei seinaste tjue åra, reint makroøkonomisk. Det motsette var tilfellet i 1960- og 1970-åra. Då var Noreg eit statsøkonomisk katastrofeområde, skal vi tru Einar Lie og Christian Venneslan i boka Over evne. Finansdepartementet 1965–1992.

Før bankkrisa i 80-åra
I perioden som forfattarane tek føre seg, var Finansdepartementet prega av autoritetsdyrking og ekstrem planøkonomi. Skattane skulle aukast – dei gjekk opp med over ein tredjedel i 1960-åra – og folk som la til sides kapital, skulle «straffast». Dette for å halde liv i kapitalintensiv og lite lønsam industri.

No skal ikkje Finansdepartementet ha all skuld for trygdeoverforbruk og industridaude, skriv Jon Hustad i ei bokmelding i denne avisa. Også andre land var prega av same utvikling. Men ifølgje Lie og Venneslan hadde Noreg vore betre tent med ein annan økonomisk politikk i 1960- og 70-åra, mindre prega av moderne sosialøkonomi og meir prega av konservativ finanspolitikk. Det kunne ha førebygd bankkrisa i 80-åra, skriv forfattarane.

Finansdepartementet mista trua på statleg næringspolitikk etter krakket som markerte slutten på jappetida.

Forfattarane meiner dess­utan at folketrygda mest sannsynleg hadde blitt oppfatta som eit dyrt og mislukka prosjekt, viss det ikkje var for dei ekstraordinært store oljeinntektene sidan 1970-åra.

Rett mann, tid og stad?
Det som er bra for makroøkonomien, kjennest ikkje alltid bra for mikroøkonomien til folk. Statsbudsjettet for 2012 ligg an til å bli meir upopulært enn på fleire år. Det er nok av folk som vil meine at auka matmoms og utfasing av særfrådraget ved kronisk sjukdom går ut over dei som har minst frå før. Mellom anna.

Det er nærast som ein tradisjon å rekne at sitjande regjering legg fram strame statsbudsjett i valåra etter både kommuneval og stortingsval.

Det er ikkje første gongen Sigbjørn Johnsen tek den tunge jobben. Sist han var finans­minister, det var under Gro Harlem Brundtland i første halvdel av 1990-åra, gjennomførde han innstramingar som er bortimot dei hardaste i vestleg etterkrigshistorie. Svein Gjedrem var ad notam tilsett i Finansdepartementet på same tid, ein eksepsjonelt usynleg byråkrat, heiter det i Store norske leksikon.

Kanskje kan ein seie at to­­spannet er rette menn på rett stad – og no igjen – til rett tid. Johnsen er avvæpnande, han verkar snill og truverdig. Kjelder i Finansdepartementet seier dessutan at han er uhyre intelligent.

Johnsen snakkar på ein måte som gjer at han på forunderleg vis vinn fram.

«Forventa overskot av Oljefondet», seier finansanalytikarane. «Peng på bok», seier Johnsen.

«Vi er avhengige av budsjettbalanse», skriv kommentatorane. «Vi har itte mer peng», svarar finansministeren.

Potato, potahto, tomato, tomahto.

Bodskapen er den same. Men det har ein del å seie korleis ein pakkar han inn.

Vaksenopplæring
Når renta må haldast låg av omsyn til kronekurs, kostnadsnivå og konkurransekraft, er det berre eitt verkemiddel att for å unngå oppheting i økonomien, og det er å halde det offentlege forbruket nede.

Eit stramt statsbudsjett kan gi Frp feitare tider, skriv konstituert politisk redaktør i Nationen, Kato Nykvist, i ein kommentar:

«Med mindre Johnsen og regjeringen for øvrig lykkes med sitt voksenopplæringsprosjekt i fornuftig pengebruk, vil Fremskrittspartiet ha alle muligheter til å fete seg opp på gamle beitemarker. Det er tross alt Frps paradegrein å albanisere norsk politikk: ‘Mens oljemilliardene renner inn, har vi dårligere veistandard enn Albania. Og det i verdens rikeste land!’»

Sprikande reaksjonar
Frp-leiar Siv Jensen var ganske rett raskt på bana og kalla budsjettet «usosialt». Finanspolitisk talsmann i Høgre, Jan Tore Sanner, tok derimot til orde for at budsjettet ikkje er stramt nok, og at det byggjer på for optimistiske vekstanslag. Den som overlever nok ein budsjettkrig, får sjå.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake