Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Skandalen i Dagbladet

Av Atle Grønn
,  30.09.11


I tjuefem år har det vore tyst. Alle i det norske sjakkmiljøet måtte halda kjeft for ikkje å øydeleggja omdømet vårt og den privilegerte plassen til sjakkspaltene mellom teikneseriane.

Men altså, konfliktar og intrigar har det vore. Sjakk-Noreg hadde òg nokre høgre–venstre-konfliktar på ulike nivå, særleg i 1930-åra då eit norsk landslag frå det «borgarlege» Sjakkforbundet deltok i nazi­olympiaden i München. Sjakkspelarane i Arbeidernes Idrettsforbund heldt seg den gongen i 1936 borte og markerte såleis fråstand til borgarskapen.

Ein som ikkje kunne gløyma denne striden, var Thor Støre (1924–2001), stortingsrepresentant for Venstre i 1969–74, ein sterk sjakkspelar, men framfor alt ein markert sjakkspaltist i Dagbladet. Spaltene til Støre var ofte frisk lesing med mykje laust krut. Og redaktørane i Dagbladet følgde nok ikkje særleg godt med på kva Støre kunne finna på mellom sjakktrekka. Men sleivsparka til Støre irriterte den profilerte høgremannen, tidlegare politisk redaktør i Morgenbladet, og sjakkspalitist i Aftenposten, Knut Bøckman (1932–2008). Bøckman var som ingen andre oppteken av den perfekte fasaden til det ærverdige sjakkspelet.

Den daglege spalta til Støre levde sitt eige uføreseielege liv inntil ein dag midt på 1980-talet. Med referanse til deltakinga i nazi-OL femti år tidlegare produserte Støre den dagen dei uhyrlege orda som norske sjakkspelarar alltid vil hugsa ordrett: «Det er ingen vesensskilnad på høgrefolk og nazistar, berre ein gradsskilnad.» Då vart det liv i sjakkmiljøet!

Det vart sagt at Bøckman med sine mange kontaktar i presseverda tok affære. Støre fekk sparken – fortent, må ein vel kunna seia – men den leie saka vart aldri skriven om. Før no.
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake