Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Rebusløp i eit legendarisk liv

Av Bent Kvalvik
,  02.09.11


Nest etter Bibelens eigne historier er det vel få historier, og få lagnader, som har fascinert, forundra og provosert den kristne vestlege verda meir enn historia om Jeanne d'Arc, den kvinnelege krigaren. 

TEATER
Nationaltheatret:
Jeanne d'Arc. Prosessen mot Guds kriger
av Friedrich von Schiller, Paul Claudel og Robert Bresson
Bearbeidd av Victoria H. Meirik og Mari Vatne Kjeldstadli. Regi: Victoria H. Meirik. Scenografi: Ingrid Tønder. Musikk: Arthur Honegger

Var ho visjonær – eller berre hallusinert? Det einaste som ikkje kan diskuterast, er at trua hennar gav ho ei kraft og ein autoritet som knapt nokon hærførar eller politikar har kunna overgå. Og så var ho endåtil kvinne – for snart seks hundre år sidan. Historia om henne har hatt ein kommenterande appell til alle epokar i verdshistoria sidan. Og det er lite som tyder på at vi vert ferdige med henne.

Lappeteppe
Det er laga mange bøker, skodespel, operaer og filmar om Jeanne d’Arc. Det er heller ikkje første gongen ho trer fram på hovudscena i Nationaltheatret. Her har både Liv Ullmann, Liv Dommersnes og operasongarinna Cally Monrad framstilt ho før. Denne gongen har ein derimot ikkje valt eit av dei mest velkjende og brukte skodespela om krigslegenda. Manuset som ligg til grunn for den nye framsyninga på Nationaltheatret, byggjer på både Friedrich von Schillers romantiske drama Jomfruen fra Orleans, Paul Claudels operalibretto Jeanne på bålet og Robert Bressons spelefilm Jeanne d’Arc frå 1962. Dessutan er nokre passasjer tekne direkte frå rettsprotokollane frå 1431!

I utgangspunktet er det eit svært spanande prosjekt, dette å søkje mot eit nytt Jeanne d’Arc-bilete frå ulike ljoskjelder. Resultatet må likevel seiast å vere så som så. Arbeidet med dramaturgi og regi har enda opp i eit heller uoverskodeleg lappeteppe, der dei mange fram- og tilbakeblikka, og dei mange mannspersonane som stendig skifter rolle utan å skifte kostyme, gjev oss ei skikkeleg IQ-utfordring når det gjeld i det heile å følgje med i handlinga. Vi bør sikkert ha IQ-utfordringar i teatret av og til, men dei bør nok liggje på eit djupare nivå enn handlingsplanet.

Glødande
Det skal straks seiast at framsyninga er spektakulær og visuelt oppfinnsam nok til at ho held oss vakne, og Kjersti Botn Sandal i tittelrolla viser ei glødande overtyding – som også overtyder oss. Diverre er det berre i nokre få glimt om gongen ho får verkeleg motspel som det knitrar av. Og vel var nok Jeanne d’Arc einsam med den personlege kampen sin, men det var vel ikkje på den måten det skulle synast?

I tillegg til Sandal er det mest musikken til Honegger, frå operaen Jeanne på bålet, og dei kvinnelege koristane som framfører han, som tilfører denne teaterhendinga det vesle pustet av mysterium og magi. Men ut over det vert ikkje denne klassikarlegenda så særs engasjerande denne gongen.
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake