Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hest er ikkje best

Av Cathrine Brøymer
,  26.08.11


Skal nokon sjå denne filmen, bør hesteinteressa vere svært sterk.

FILM
Til siste hinder
Regi: Anders Øvergaard
Noreg 2011

Kvifor er mange jenter så opptekne av akkurat hestar? Dei store dyra er kraftige, og det kan nok vere flott å meistre og stelle slike skapnader. I gamle westernfilmar var hestar stort sett ei utprega maskulin sysle, og ikkje minst eit praktisk transportmiddel, medan det no er mest jenter som driv med slikt. I mykje barne- og ungdomsunderhaldning er det også jenter som har teke styringa på dette feltet, noko som er heilt på sin plass. Slik er det også i filmen Til siste hinder, men no står frontane mellom bygd og by. Den svarte hesten Kehilan blir mest ein mystisk hovudkarakter.

Kehilan framstår nærmast som ei eiga kraft i filmen, og den negative og sminka byjenta blir bergteken då ho med eitt får auga på han. Den svarte og mystiske hingsten får ho til å like livet på landet – trass i alt.

Historia i ungdomsfilmen Til siste hinder er tynn som sagflisene på stallgolvet og kan raskt oppsummerast slik: Ei søt, men jålete jente (Julie Nordhuus) flyttar frå byen til ein aud stad i Nord-Noreg og hatar bygdelivet i om lag ti minutt. Dinest ønskjer ho seg ein hest, som mora heilt sist i filmen skjønar at ho må få sjølv om ho trur han er farleg. Det heile blir fortalt utan at noko kjennest spesielt viktig for tilskodaren. Filmen er så trøyttande og keisam at det er lett å undre seg om desse tinga eigentleg ikkje har nokon stor relevans for hovudpersonane heller.

Utan høgdepunkt
Spørsmålet er rett og slett kvifor nokon trur at det blir underhaldning berre av å filme unge jenter i lag med hestar. I Til siste hinder er handlinga så godt som heilt utan dramatiske høgdepunkt. Sjølv for målgruppa, unge jenter tidleg i tenåra, kan eg ikkje tru at dette vekkjer noka stor begeistring, for det er fleire ting vi aldri får svar på. Unnataket er sjølvsagt nokre av dei fine hestebileta – av jenter som rid ute i storslått nordnorsk natur.

Det er mildt provoserande at nokon greier å lage ein film så totalt blotta for spaning, sjarm og gode replikkar. Ordveksling­ane ligg for det meste daudt i munnen på skodespelarane, og altfor ofte blir orda og setning­ane følgde av «talande» andletsuttrykk som truleg er meint å uttrykkje det manus aldri greier å få fram. Dialogen verkar like naturleg som dubba barne-TV på Disney Channel. Trass i filmtittelen finst det lite motstand og få hinder i denne nye hestefilmen for ungdom.

Cathrine Brøymer er litteraturvitar og fast filmmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake