Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Pastellfarga tenåringslyst
Cathrine Brøymer,  19.08.11

Filmversjonen av Olaug Nilssens Få meg på, for faen er søt, festleg og full av draum.

FILM
Regi: Jannicke Systad Jacobsen
Få meg på, for faen
Noreg 2011

Då filmen hadde premiere på Tribeca Filmfestival i New York tidlegare i år, var det under namnet Turn me on, Goddammit. Den direkte, engelske tittelen uttrykte med snert den desperate kjensla til tenåringsjenta Alma. Ho vil vere på, og har ei sterk trong til å kjenne ein annan kropp nært og intimt. Filmen Få meg på, for faen handlar i stort om denne sjølvsentrerte drifta, som trekkjer hovudpersonen inn i fleire hjelpelaust pinlege episodar. Filmen fekk pris for beste manus, og ikkje minst svært god omtale i fleire amerikanske publikasjonar.
Medan den opphavlege romanen til Olaug Nilssen hadde fleire hovudpersonar, har regissør og manusforfattar Jannicke Systad Jacobsen valt femtenåringen Alma som midtpunkt. Dette er eit vellukka grep, som rett nok fører til at handlinga blir litt mindre surrealistisk, men som likevel skaper eit interessant fokus: den kåte, keitete tenåringsjenta. Her gjev Helene Bergsholm eit flott portrett av Alma; ho er både lys og lett, open og søkjande i uttrykket.

Ustabile tenåringar
Alma i filmen er kanskje ikkje så spesiell, trass alt. Ho ringjer sextelefonen og stel eit pornoblad i daglegvarebutikken der ho sit i kassa, noko som sjølvsagt blir oppdaga. Men det verste er at ho blir sosialt utestengd av venene etter at ho seier noko gale på ein fest. Staden er dessutan Skoddeheimen, ein fiktiv plass på Vestlandet.
Filmblikket på den utsette hovudpersonen er både varmt og varsamt. Det kan nærmast verke som om bileta er farga duse av den skjøre sinnstilstanden hennar: Filmen vekslar stadig mellom fantasi, draum og røynd. Mørkret i problema og attråen gjev fine kontrastar til dei stilistisk finstemte filmfotografia.
Når Alma og «venene» sit på bussen og viser fingeren til skiltet med Skoddeheimen, passar det til dømes glimrande at dei også er så uskuldige, søte og ikkje minst samstemte i hatet mot bygda dei bur i. For det er jo eit alvor her også, noko som handlar om å oppleve noko, å kome seg på.
Jannicke Systad Jacobsen har tidlegare laga kortfilmar og dokumentarfilmar, men dette er den første spelefilmen hennar. Dokumentarfilmen Scener fra et vennskap frå 2009, syner fine, usentimentale opptak av to vener i trettiåra, som ofte berre står og preikar saman, medan kameraet jamt og trutt dokumenterer kvart einaste kremt. Dette blir på mange vis ein krass motsetnad til den ustabile tenåringsverda i Få meg på, for faen. Underleg nok kjennest innblikket i den private venneverda deira nesten like pinleg som kåtskapen til Alma.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake