Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Burde ikkje vore så kategorisk

Av Jon Hustad
,  12.08.11


I sitt fyrste intervju etter 22. juli seier Christian Tybring-Gjedde at han har nytta for sterke formuleringar, men at han ikkje har skifta syn på innvandringspolitikken.

I helga byrjar valkampen, og Christian Tybring-Gjedde kjenner seg fri til å prata att. Og det vi skal prata om er mellom anna dei sterke påstandane frå Peter Nome – Fylkesformannen i Framstegspartiet i Oslo har nemleg vore med og «fostret en drapsmann», kunne vi lesa i Dagsavisen og mange andre stader. Dag og Tid møter Tybring-Gjedde på ei øy i Oslofjorden. Det er snart tre veker sidan terroren råka nasjonen, og Tybring-Gjedde fortel at bomba og dei gruelege drapa har gjort eit uutsletteleg inntrykk på han.

– Eg var på fisketur då eg fyrst fekk høyra om åtaka. Det var uverkeleg, kven kunne ha gjort noko slikt? Då talet på drepne voks, gjekk eg som dei fleste andre inn i ein sorgperiode som framleis tyngjer meg. Folk må hugsa at vi politikarar ikkje berre er motstandarar, vi er òg kollegaer. På Stortinget vert ikkje venskap forma etter partigrensene. Det er trist og sjokkerande at einskilde sidan har freista å slå politisk mynt på dette gjennom å oppkonstruere band mellom meg og drapsmannen.

Men lukkast har desse delvis gjort: Etter eit kjapt og uvitskapleg søk på internett og i sosiale medium har underskrivne kome til at den noverande tre på topp-hatlista i Noreg går slik: 1: drapsmannen, 2: Fjordmannen, og 3: fylkesformannen, som saman med ein annan Frp-ar, Kent Andersen, altså skreiv fylgjande i ein kronikk i Aftenposten den 25. august 2010:

«Men, vil vi hjelpe Arbeiderpartiet med å bytte ut norsk kultur med ‘flerkultur’? Aldri! Vil vi bidra til kultursviket? Ikke om noen satt opp plakaten ‘skutt blir den som ...’! Vil vi noen gang føle oss ‘flerkulturelle’? Aldri i verden! For vi tror ikke noe på flerkultur. Vi tror det er en drøm fra Disneyland. Rotløshet satt i system. Idioti på lang sikt, og vi tror det kan komme til å rive landet vårt i filler.»

Tybring-Gjedde har nekta å snakke om 22/7 i media. No gjer han eit unnatak for Dag og Tid.

For sterk form
– Angrar du på at du skreiv denne kronikken?

– Eg angrar ikkje på meiningsinnhaldet. Dei utfordringane vi tek opp i den kronikken, var der før denne forferdelege tragedien, og dei er der etter terrorhandlingane. Når det er sagt: Eg tek sjølvkritikk på at kronikken er så kategorisk. Det burde han ikkje ha vore. Men eg minner om at vi har vore inne i ein periode med friskt politisk ordskifte. Båe sider har vore med på å drive opp temperaturen. Og vi må alle gå i oss sjølve no som det er semje om at vi treng ein meir dempa tone. Men meiningsinnhaldet står eg for den dag i dag.

– Men du nytta ein retorikk som knytte band til krigen, mellom anna Gestapo-formuleringa om «skutt blir..», og som mange i Arbeidarpartiet meiner gav dei eit landsforrædarstempel.
– Eg seier ikkje at dei er forrædarar, men det er ikkje til å koma forbi at Ap har hatt hovudansvaret for norsk politikk etter krigen; det ansvaret må dei taka. Ap har gjort mykje bra, det er dei flinke til å taka æra for og den æra fortener dei, men då må dei også taka ansvaret for det som ikkje har gått så bra. Slik er det på alle politiske område, også innvandrings- og integreringspolitikken.

– Men har ikkje Frp generelt og du spesielt gjeve eit tilskot til å gjera retorikken meir hatsk?
– Nei, vi har gjeve tilskot til å gjera han meir realistisk. Eg trur elles folk gjennomskodar at delar av snakket om «tonen» eit stykke på veg er ein freistnad på å slå politisk mynt på tragedien. Dei som talar mest om «tonen», veit kva som inspirerte drapsmannen – han etterlét eit manifest på 1500 sider med fotnotar. Både høgre- og venstresida er eit kontinuum (glidande skala red. merk) der moderate deler visse synspunkt med ekstreme krefter – sosialdemokratar og kommunistar er til dømes samde om at likskap er viktig. Då vert det meiningslaust av Aftenposten å krevja at Frp skal beda om orsaking for tankegods som ein finn i manifestet – for det spreier seg forunderleg jamt over partigrensene. Tilnærminga mi har vore open og direkte. Men det tyder ikkje at eg er eit vondt og hatefullt menneske, og heller ikkje at eg ser andre menneske slik. Eg er ein forkjempar for menneskerettane, og eg ser at menneskerettane vert brotne i stadig større omfang i innvandrarmiljø. Alle skal ha rett til å gifta seg av kjærleik, alle skal få velja eigne livslaup, alle skal ha rett til å velja religion, eller ikkje å ha ein religion. Når det ikkje skjer, kjenner eg det som ei plikt å seia frå.

Eurabia
Drapsmannen, den såkalla Fjordmannen og ei rekkje andre der ute trur på den såkalla Eurabia-tesen, som seier at dei europeiske elitane har inngått løynde avtaler med den arabiske og muslimske verda. Desse avtalane, påstår desse som trur på Eurabia-tesen, opnar for masseinnvandring som fyrst undergrev Europa gjennom fleirkulturalisering og som til slutt fører til at Europa vert underlagt islam og at vi eller alle etterkomarane våre vert ein del av Kalifatet.

– Trur du på noko av dette? Er det ein plan der ute? Ein plan som går lenger enn vanleg misjonering?
– Eg har inga tru på at det ligg ein konspirasjon bak innvandringa. Innvandringa kjem av eit naivt ynske om å syna nestekjærleik. I vår kultur har vi lært å tykkja synd på folk som ikkje har det så bra som oss. Det er ei sunn og rett haldning. Men når vi fører ein innvandringspolitikk som ikkje er berekraftig og tek i mot så mange at integreringa stoggar opp, er det ikkje fornuftig neste­kjærleik som styrer politikken, men reine kjensler; ynsket om at det skal gå bra. Når ein driv politikk, lagar ein prognosar og statistikk for alt mogleg: liggjedøgn på sjukehus, drepne i trafikken, kilometer veg, men når det kjem til innvandring, skal vi ikkje gjera det. Der skal vi snakka om noko anna.

– Vel, vi fekk det såkalla Brochmann-utvalet nett no som sa at den noverande innvandringa ikkje var berekraftig i eit statsfinansielt perspektiv. Den meldinga vart lagd fram under ein statsråd frå Sosialistisk Venstreparti. Bør ikkje du og Frp feire slike sigrar?
– Tja – det seier noko om kor langt ute på viddene vi er når det å setja sanninga på trykk, kan kallast ein «siger». Hadde Brochmann lagt fram dette nokre år tidlegare, ville ho garantert vorte stempla som rasist og Frp-sympatisør på grunn av «tonen». Men sant og seia er eg ikkje så oppteken av den økonomiske sida, Noreg er rikt og vi skal vera rause med rikdomen vår. Det eg er verkeleg er oppteken av, er det kulturelle aspektet ved innvandringa. Sjølv om innvandringa er økonomisk berekraftig ei god tid til framover, meiner eg at vi må redusera innvandringa av kulturelle og menneskerettslege grunnar. Eg meiner at det er sjølvsagt at vi skal ha ei aldersgrense på 24 år for henteekteskap, personleg kan eg faktisk ikkje fatta og forstå kvifor vi i det heile skal akseptera at ein må henta ektefelle i opphavslandet. Eg meiner òg at det er naturleg at ein ikkje gjev opphaldsløyve til andre enn dei som er reelle flyktningar frå ulike formar undertrykking, såkalla humanitært grunnlag er ein så vid kategori at mange millionar kan få opphald i Noreg sidan stort sett alle land har verre levevilkår enn vi har. Skreller vi vekk alt anna, står vi att med 1500 til 2000 menneske i året som vi skal gje vern, dette er dei menneska vi skal taka vare på. Alle andre har vi ikkje ei moralsk plikt til å taka vara på, seier Tybring-Gjedde og held fram.

– Ja, på mange sett og vis har vi ei moralsk plikt til ikkje å taka desse inn, vi har ei plikt overfor etterkomarane våre, vi skal taka vare på det som så mange har vore med på å byggja opp her heime. Vi er eit lite land, vi kan ikkje taka mot alle som vil hit. Tempoet må ned. Heller ikkje innvandrarar er tente med at det kulturelle samhaldet i Noreg forvitrar. Det er ikkje nestekjærleik, korkje overfor dei som er her eller dei som kjem til å koma.

VG
Kva kan ein så seia og ikkje seia i Noreg? Tybring-Gjedde legg vekt på at ord ikkje er det same som handling og at han alltid tenkjer seg godt om før han snakkar og skriv, men at han gjerne vil verta endå betre.

– Men det er ein skarp skilnad på penn og pistol, det må vi halda fast ved. Skilnaden på ekstremistar og andre er at ekstremistar freistar å nå dei politiske måla sine med vald. Når det er sagt, ser mange ut til å meina at ord kan føra til handling, og særleg dei orda Frp og eg nyttar. Eg er likevel forundra over at denne haldninga ser ut til å avgrensa seg til Frp.

Før påske i fjor ringde Tybring-Gjedde VG og foreslo at det kvart år burde vera ei markering i den norske skulen for å minnast alle dei jødane som vart sende med skipet Donau den 26. november 1942. Eit av framlegga Tybring-Gjedde tok til orde for var å ha rollespel i skulen. «Vi trenger en dag i året hvor elevene kan lære om holocaust og jødenes historie. For å vise at man mener noe med løftet om å bekjempe mobbing av jødiske barn, bør man bære et merke eller et symbol som viser det. Da mener jeg en jødestjerne kan være et godt symbol, fordi det er noe som forener alle jøder», sa Tybring-Gjedde.

Overskrifta i VG vart svært så tabloid: «Frp-topp ber muslimer gå med David-stjerne».

– Eg ynskte at alle norske elevar skulle verta minte om at pultar stod tome etter den 26. november. Vi har inga markering av denne dagen her til lands. Eg ville få fram kor vanskeleg det er å verta stigmatisert, som David-stjerna var eit døme på. Eg sa ingenting om at dette berre skulle gjelda muslimske elevar.

Den påfylgjande laurdagen skreiv VGs kommentator Yngve Kvistad at det som skilte Tybring-Gjedde og Hitler i hovudsak var barten.

– Eg hadde ikkje snakka med Kvistad, men om slike som han og Nome og andre meiner at hatske ord fører til hatske handlingar, så bør dei vel fyrst gå i seg sjølv om dei meiner det er ei kopling. Sjølv trur eg ikkje det er ein slik samanheng. Men dei som trur det er det, bør gå føre som døme. Når det er sagt, vi bør alle oppføra oss høvisk i ordskiftet.

– Og det seier mannen som skreiv kronikken i Aftenposten?
– Ja, eg ser at nokre av formuleringane mot slutten, særleg den med «skutt blir den…», var uheldige, og særleg uheldige er dei etter udåden. Desse formuleringane var feil. Men eg ynskjer ikkje eit samfunn som utviklar eit minste felles multiplum om kva som kan seiast eller ikkje seiast. Meiningar krev at vi tek i bruk språket, ord er føresetnad for demokratiet. Skal ein verta høyrd, må ein vera villig til å taka i bruk den reiskapen på eit utfordrande vis. Meiningane må brynast mot kvarandre og konkurrera med kvarandre.

– Men det er ikkje til å koma forbi at Brevik nytta negative meiningar om innvandring og integrering som legitimering for det han gjorde. Trur du han har forandra Noreg?
– Datoen vil verta skriven inn i norsk historie for alltid. «Aldri meir 9. april» bør utvidast til òg å gjelda 22. juli. Men vi har ikkje noko anna val enn å nytta orda i framtida og. Vi kan ikkje både ha meir ytringsfridom, som Jens Stoltenberg ynskjer, og endå fleire restriksjonar på det frie ordet.

Elles fortel Tybring-Gjedde at han ikkje fekk tilsend manifestet frå Brevik, han er heller ikkje nemnd der.

– Mannen var heilt ukjend for meg, eg har aldri vore i kontakt med han, og eg var ikkje mellom dei 1000 menneska som fekk tilsendt manifestet. Dei som ynskjer å leggja drapsmannen føre mi dør, har enkelt og greitt kome til galen adresse.

– Fjordman har nytta dette omgrepet «Disneyland», har du det frå han?
– Eg er ikkje på sosiale medium eller bloggar. Eg har ei passiv Facebook-side der ein administrator legg ut føredrag eller innlegg eg har halde i stortingssalen.

– Hatar du muslimar?
– Sjølvsagt ikkje, men eg må verta betre til å gjera det klart at alle som er her i landet lovleg, òg skal vera her i framtida. Elles har eg vore sambuar med ei pakistansk dame. Det seier kanskje noko.

Tybring-Gjedde seier dette er det siste intervjuet han gjev om kronikken i Aftenposten.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake