|
|
Fjordmans manifest Av Øyvind Strømmen, 05.08.11 Den anonyme bloggaren meiner EU vil gjera oss til muslimar og trur vestlege leiarar fører krig mot sitt eige folk. Kva veit vi om han? Manifestet til den norske terroristen som stod bak terroråtaka i Oslo og på Utøya er i ferd med å verta lese i filler. På akkurat det punktet har terroristen fått det nett som han ville. Men dei som les oppdagar ikkje berre kva slags ekstreme førestellingar terroristen har, men også at dei fleste av dei knappast er originale. Her er klipt og limt frå mange kantar. Ein av dei som oftast er klipt inn, er bloggaren Fjordman. Nær 40 av essaya hans er gjengjevne i sin heilskap. Men kven er denne Fjordman eigentleg? Og kva står han for? Det skal seiast at det i journalistkrinsar svirrar rykte om namngjevne personar. Ein del av desse rykta verkar mildt sagt underlege, andre er kanskje noko meir plausible, utan at eg heilt trur på dei. Strengt teke veit me, iallfall i skrivande stund, lite om kven den anonyme skribenten er. Han er norsk. Han hevdar å vera trønder. Han har møtt ein del sentrale folk i både høgreradikale og høgreekstreme miljø, i Noreg, og i Europa elles. Hege Storhaug i Human Rights Service skriv også at ho har møtt han, og at han var «urokkeleg» i sine idear: «Han hadde forstått, alle vi andre hadde ikke forstått. Han mente at Europa var på vei til en uunngåelig blodig konfrontasjon, grunnet en villet ødeleggende innvandringspolitikk, der islam stod i sentrum for ødeleggelsen». Fjordman inspirerte terroristen, men hevdar på det sterkaste å ta avstand frå vald, og frå terroråtaka i Oslo. Han har likevel ikkje nøla med å hylla English Defence League, sjølv om dei knappast er utan valdelege tendensar. Konspirasjonsteoretikar Som mange andre ytterleggåande nasjonalistar er Fjordman oppteken av gamle slag, som han alle tolkar i eit bestemt rammeverk – ein slags evigvarande europeisk krig mot islam. At ein av ottomanane sine sentrale allierte var den protestantiske, ungarske prinsen Imre Thököly vel han forståeleg nok å hoppa bukk over. Fjordman si europahistorie er karakterlaus. Me veit òg at Fjordman har markert seg som ein sentral figur blant dei som forfektar ein konspirasjonsteori under namnet Eurabia. Med den har han jamvel sleppt til i norsk litteratur, drivande inn mot mainstream. Hallgrim Berg, «bunadshøgre» framfor nokon, refererer til «den kjente bloggeren Fjordman» som solid kjelde i si bok «Amerikabrevet: Europa i fare». Ole Jørgen Anfindsen har teke med eit heilt kapittel av Fjordman i si bok «Selvmordsparadigmet». Oriana Fallaci forfekta også tilsvarande idear i den siste boka ho gav ut før ho døydde, «Fornuftens styrke», med utgangspunkt i same kjelde som Fjordman kviler på – Bat Ye’or si bok «Eurabia: the Euro-Arab Axis». Det kapittelet heiter «Sviket». Det er ikkje tilfeldig. Ideen om svik står sentralt i Fjordman si tenking. Han meiner vestlege leiarar driv demografisk og juridisk krigføring mot den kvite fleirtalsbefolkninga – og, ja, rase spelar òg ei rolle for Fjordman. Han meiner denne løynde krigen er det største sviket i verdshistoria. I Fjordman si verd er Stoltenberg verre enn Quisling, og Stoltenberg og hans kumpanar rundtom i Europa fører krig mot oss alle. Utan at me er det minste klåre over det. «Naudsynte steg» Kva dei naudsynte stega er for noko seier ikkje Fjordman noko om. Der er det Oslo/Utøya-terroristen tek over med sitt manifest. Øyvind Strømmen er journalist og forfattar.
|
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|