Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Angsten for Eurabia
Kaj Skagen,  29.07.11

Alle verkeleg farlege ideologiar inneheld punkt og mønster som er henta frå røynda og som alle må akseptera som fakta. Dette elementet av fakta gjer det mogeleg ?å byggja opp ein fiksjon med forførarisk kapasitet.

Den planlagde og kaldt ut--førde vondskapen høyrer til dei tinga vi ikkje heilt skjønar. Difor har orda «uforståeleg» og «uverkeleg» vore gjengangarar i kommentarane til bomba i regjeringskvartalet og særleg massedrapet på Utøya.

Likevel har liknande redsler som den systematiske, langvarige avrettinga av nesten sytti menneske på det vesle politiske ferie-paradiset i Tyrifjorden vore iscenesette før. Rett nok må vi til dei fælslege folkemorda i førre hundreåret for å finna førelegga. Men det har hendt. Dette slaget politisk motivert vondskap er verkeleg nok. Han høyrer til vår verd, og det er ei av dei største utfordringane våre å gjennom-skoda han.

Det kjem ikkje til å verta lett. Den industrielt organiserte vondskapen under Hitler har vorte studert og fortolka av historikarar og filosofar i seksti år, og vi berre nærmar oss å skjøna korleis det kunne skje. Nyss kom den store romanen til Jonathan Littell, De velvillige, der forfattaren på over tusen sider freistar å forklara korleis det kan ha sett ut inni dei mest intelligente og artikulerte SS-offiserane. Litteraturen om vondskapens natur vil halda fram med å koma og vil verta lesen med skaking og interesse. Vi veit at dette finst. Vi skjønar det ikkje.

Verdsbiletet hans
Éin av fleire nyklar til å skjøna tvillingåtaket kan liggja i det politiske verdsbiletet til gjerningsmannen. For dette verdsbiletet har vore med på å legitimera handlinga for han. Det politiske verdsbiletet hans går fram av fleire dokument han sjølv har gjort offentlege. Det gjeld dei kommentarane han frå hausten 2009 til hausten 2010 la att på ymse nettstader. Framfor alt gjeld det nettmanuskriptet «2083», eit 1500 siders kompendium som inneheld grunnideologien og historiesynet hans, strategiane hans, ei dagbok som samstundes er ei detaljert innføring i korleis ein lagar døyelege bomber, ein sjølvbiografi i intervjuform og ein video på YouTube som er eit kort, propagandistisk referat av det ideologiske innhaldet i «2083».

I innleiinga til kompendiet skriv Breivik at om lag halvdelen er henta frå andre forfattarar, og halvdelen skal han ha skrive sjølv. Her interesserer ikkje forfattarrettane oss, for i alle høve er kompendiet uttrykk for verdssynet hans.

At det ligg føre så mykje tekst frå Anders Behring Breivik, gjer åtaket hans om mogeleg endå meir uhyggjeleg. Han planla aksjonen sin systematisk og arbeidde målretta gjennom ni år for å realisera han. Hovudsaka hans var ikkje nedslaktinga og bomba, men boka. Her kallar han faktisk tvillingåtaket for «the marketing operation». Han slakta ned om lag sytti menneske som ein lekk i marknadsføringa av ideologien sin.
Kjernen i denne ideologien eller dette verdsbiletet er kampen mot islam. Målet er ein europeisk revolusjon, fastsett nokre tiår fram i tida. Medan komande «tempelriddarar» driv væpna motstandskamp, skal Anders Behring Breivik sitja fengsla med lovas strengaste straff, som «ein levande martyr», som han sjølv seier. Rettssaka og den truleg livsvarige fengslinga inngår i strategien hans. Til no har alt gått etter planen, bortsett frå at han ikkje fekk møta i retten i gallauniform.

Eurabia
I Anders Behring Breiviks augo lever vi i ein strid på liv og død, der «islam» er den konkrete fienden og europeiske «multikulturistar» femtekolonnen. Desse svikarane, «kulturmarxistane», har infiltrert norske samfunnsinstitusjonar, fyrst og fremst pressa, skuleverket og universiteta. Kulturmarxistane går inn for multikultulturalisme, masseinnvandring til Europa, kvinnesak, seksuell frigjering, prevensjon og fri abort, for å nemna noko.

Resultatet av dette programmet vil verta undergangen til den vestlege kulturen gjennom islams «demografiske krigføring»: Masseinnvandring og reproduktiv ubalanse vil føra til at heile Europa vil verta islamisert. I denne krigen står venstrerørsla saman med islamistane for å undergrava all opposisjon mot arabiseringa. Det gjer dei ved å bruka mediedominansen sin til å utdefinera alle «kulturkonservative» som rasistar, fascistar og nazistar. Kulturmarxistane forfalskar historia for å framstilla den europeiske sivilisasjonen i eit dårleg ljos, herleggjera islam og systematisk dekonstruera europeiske etniske grupper gjennom masseinnvandring. Målet deira er eit islamisert Europa eller «Eurabia», leidd av eit islamisert FN.

Denne prosessen, Europas kulturelle undergang, er no komen så langt at han ikkje kan stansast med demokratiske middel, meiner Anders Behring Breivik. Det er naudsynt å gripa til våpen i ein langvarig motstandskamp. Tvillingåtaket i Oslo og på Utøya er tenkt i denne krigskonteksten. Breivik ser seg sjølv som ein bergingsmann for Europa og Noreg.
Verdskonspirasjon

Politisk kan han plasserast så langt til høgre at han dett utfor kanten av den politiske skalaen. Vil ein likevel insistera på å ha han på denne kjende skalaen, går ein glipp av det ukjende med han. Til dømes er han ikkje nazist i den vanlege meininga av dette omgrepet. Han er Israel-tilhengjar og filosemitt, noko som strir mot ein grunntanke i nazismen om den jødiske verdskonspirasjonen. Men ein kan kanskje seia at han har halde på den same konspirasjonsteorien og berre bytt jødane ut med muslimane.

Andre av synspunkta hans er nokså vanlege. Ein vil finna mange som meiner at innvandringa til Noreg må stoggast, ja, etter meiningsmålingar skal eit fleirtal av nordmenn meina det. Rett nok er det ikkje noko fleirtal av nordmenn som stør Israel i konflikten med palestinarane, men over 60 prosent av amerikanarane gjer det. Puritanske haldningar når det gjeld seksuallivet, er vortne sjeldne hjå oss, men dei finst og kan argumenterast for.

Men Breivik ikkje berre har slike standpunkt. Han set dei inn i ei konspirativ ramme og ein militant samanheng. Kulturmarxistane og muslimane står ikkje berre for synspunkt han ikkje deler, men dei opererer som svære grupper i ei løynd og medviten undergraving av nasjonen og sivilisasjonen vår. Breivik trur på ein verdsfemnande konspirasjon retta mot dei europeiske folka. Han trur ikkje på makta i ordet, ikkje på open dialog, ikkje på argumentativ, akademisk eller kunstnarleg virke for idéane sine. Han ser meiningsskilnader som uttrykk for motsetnaden mellom ulike fiendslege folkegrupper som tek del i ein løynd verdskrig.

Slik har det vorte tenkt før innanfor fleire totalitære ideologiar. Både marxismen og nazismen splitta menneska opp i slike svære grupper etter klassemessige eller rasemessige skiljeliner og rekna med ein krig på død og liv mellom gruppene. I begge tilfelle enda det med millionar av fanga, plaga, drepne menneske. Breiviks kompendium har noko av den same lukta. Det hadde vore ei trøyst om han berre var nazist, høgrefascist eller noko anna kjent som dei fleste av oss er vaksinerte mot. Men om det gamle viruset er mutert, hastar det å finna motgifta.

Smittsam galskap
Anders Behring Breivik må vera ein galning, men galskapen hans er intellektuelt ordna på eit vis som kan gjera han smittsam. Det er mykje enklare og behagelegare for oss å avfeia tankane hans som rein nazisme eller rein galskap enn å setja oss inn i dei og argumentera mot dei. Men det kan vera naudsynt å gjera det siste. Alle verkeleg farlege ideologiar inneheld punkt og knaggar og mønster som er henta frå røynda og som alle må akseptera som fakta. Det er mellom anna dette elementet av fakta som gjer det mogeleg å byggja opp ein fiksjon med forførarisk kapasitet.

Eit slikt faktum i den anti-jihadistiske fiksjonen til Breivik gjeld krisa i den europeiske kulturen. Ein treng ikkje vera ekstremist for å meina at denne kulturen eller sivilisasjonen er inne i ein overgangsfase med uklårt utfall. Slike overgangsfasar har vi hatt før. Den kristne sivilisasjonen frå mellomalderen er borte og kjem ikkje att. Det same gjeld den førkrigssivilisasjonen som Stefan Zweig kallar «verda av i går». Kristendomen har tapt den sentrale posisjonen sin i samfunnslivet og får han ikkje att. Sekulariseringa av den vestlege verda har marginalisert dei kristne og religiøse verdiane hjå oss og bytt dei ut med ideala frå opplysingstida om menneskerettar, individuell fridom, folkestyre og fornuft. Moderne teknikk og globalisering har krympa geografiske avstandar og gjort landegrenser meir utydelege. Varer, idéar og menneske flyt meir eller mindre fritt i verda.

Om innvandring frå religiøse til sekulariserte kulturar fører til at ulike folkegrupper dannar parallelle samfunn, kan ein under uheldige omstende få konfliktar. Får ein verdistrid mellom parallellsamfunn der det eine har ei religiøs og det andre ei sekulær orientering, er det ikkje gjeve at det sekulære vil gå sigrande ut. Det kan vera at eit sekularisert samfunn med berre opplysingsideal ikkje kan overleva på lang sikt. Mange utopiar er vortne tenkte og skapte ut frå kjensla av at vi lever i ei slik krise.
Men det er vesentleg skilnad på eit krisemedvit med tru på at den sekulariserte europeiske kulturen lid under eit verdivakuum, og eit militær gruppemedvit som vil «verna Europa» mot framande folkegrupper med bomber og massedrap.

Ikkje kristen-fundamentalist
Dette skjønar ikkje Anders Behring Breivik. Det kulturelle perspektivet hans er reint militært. Han har ingen idé om at problemet til den europeiske kulturen kan vera at han har tapt den reint åndelege overtydingskrafta si. Han spør seg ikkje om korleis dei europeiske opplysingsideala kunne styrkjast innanifrå, eller om kva som må til for at ulike kulturar og menneskegrupper kan leva i fred side om side, slik dei langt på veg gjorde i Europa i fleire tusenår, heilt fram til den ulukksalige nasjonalismen råka oss på 1800-talet. I staden vil han berre drepa og forvisa dei andre. Heile kompendiet hans, både det han sjølv har skrive, og det han har henta frå andre antijihadistar, er påfallande utvendig.
Han kallar seg kristen, men ikkje eitt ord tyder på at han har noko indre tilhøve til kristendomen. No er kompendiet hans samansett frå fleire kjelder, og det kan stå uforeinlege ting i det. Men heile ti gonger nyttar han omgrepet «kristen ateist». Med dette meiner han ein person som ikkje trur på Gud og ikkje er religiøs, men høyrer til det ein før kalla den kristne verda, og som vi no kallar den vestlege kulturkrinsen. «Dei kulturelle faktorane er viktigare enn den personlege relasjonen din til Gud, Jesus eller Den Heilage Ande», skriv han som ei forklaring på at ein vestleg-kulturell ateist kan vera ein «tempelriddar» og kjempa mot muslimane.

Han skildrar religionen som ei krykkje for svake sjeler. Men han reknar med at han vil koma til å be Gud om hjelp og støtte «når eg rasar gjennom byen med flammande våpen». Men endå meir hjelp reknar han med å få frå steroidane han skal rusa seg på under «operasjonen», fordi efedrinet vil «auka aggresjonen min, den fysiske kapasiteten min og den mentale konsentrasjonen min med minst 50–60 prosent». Bøna, trua, nattverden og andre kristne ritual vert tilrådde som mental opprusting òg for ateistiske mordarar. Men Anders Behring Breivik trur på ei høgre makt eller Gud, men helst i tilstandar av «ekstrem stress eller fare». Ut frå kompendiet er han agnostikar med eit pragmatisk og instrumentelt tilhøve til kristendomen. Ein stad kallar han seg rett nok «100 prosent kristen», men seier sam-stundes om seg sjølv at han ikkje har noko sterkt personleg guds-tilhøve, og at «vitskapen må få absolutt forrett framfor bibelsk lære». Han er altså ikkje kristenfundamentalist. Dei set som kjent bibelteksta fyrst.

Eit truga kollektiv
Han kallar seg òg «kulturkonservativ», men legg ikkje for dagen noko engasjement eller noka innsikt i europeisk kulturtradisjon. Han ramsar opp mange storverk frå europeisk litteratur, men det er ikkje noko som tyder på at han verkeleg har lese dei. Han seier rett ut at han nyttar omgrepet «kulturkonservativ» om seg sjølv berre fordi omgrepet «nasjonalist» har så dårleg klang.

Eg trur «nasjonalist» peikar i rett retning. Anders Behring Breivik er ein militant, gruppeorientert nasjonalist eller eurosentrist som opplever verda og historia som ein darwinistisk overlevingskamp mellom ulike menneskegrupper. Det er gruppa og «arten» som tel for han, ikkje individet. Det er mellom anna denne gruppetenkinga, eller snarare denne identifiseringa hans med det han oppfattar som eit truga kollektiv, som gjer slike handlingar som tvillingåtaket mogelege. For når verda vert opplevd som krig mellom kollek-tiv, forsvinn ein sjølv som individ; då forsvinn òg offera som individ, slik at menneske kan slaktast ned for ein idés skuld. Og den som ikkje trur på makta i ordet og er utan idéar med truverde, han lèt geværmunningane tala. Det var ikkje «den europeiske kulturen» som tala i Oslo og på Utøya, det var den ekstreme kultur- og språkløysa.

Hatet mot Noreg
Anders Behring Breivik er ein internett-radikalisert person, djupt gripen av hat mot det norske etablissementet og med ein subkulturell ideologi som lèt hatet gli over i massemord.   Etter tvillingåtaket har mange spurt seg om korleis eit slikt hat mot det offisielle Noreg kan vera mogeleg, og få har gjeve gode svar. Vi lever jo i verdas beste land?

Men om ein fylgjer med på sosiale medium og nettsider for politisk marginaliserte, veit ein at slikt hat er utbreitt. Det «multikulturelle» norske samfunnet med likestilling mellom folke-gruppene og kjønna, og liberale haldningar til minoritetar av alle slag, er slett ikkje elska av alle. Det er òg hata. Men dei som hatar dette samfunnet, er i regelen ikkje artikulerte, eller dei er så aggressivt artikulerte at dei ikkje slepp til i vanlege medium. Difor kjenner dei seg knebla og undertrykte, utan organ og talerøyr. Det skaper ei kjensle av rasande avmakt.

Samstundes veit ein at terror er verkemidlet til avmakta. Mellom rasande, hatefulle, gruppe-orienterte menneske som kjenner sine eigne fellesverdiar tråkka på og meiner at dei ikkje kjem til orde i ålmenta med saka si, kan det før eller seinare dukka opp folk som grip til «andre middel» for å gjera seg gjeldande, særleg når det vert bygd opp ein ideologisk undergrunn som kan legitimera slike middel.

Røynda som spel
Men Breivik henta ikkje berre verdsbiletet sitt og fann samtale-partnarane sine på internett. Han nytta òg mykje tid til online-spel. I kompendiet gjev han opp at spelegalskap kan vera ei god dekkhistorie for den som treng mykje tid åleine for å førebu eit åtak. Seier han til venene sine at han er vorten spelegalen, og at han skjemmest over dette, kan han få dei med på å dekkja over førebuingane hans utan at dei sjølve veit det. Med dette dekkjer Breivik over at han faktisk brukte mykje tid på slike spel. I World of Warcraft (WoW) kalla han seg «Anders Nordic» og «Conservatism» og la att det mykjeseiande sitatet: «Det er betre å verta hata enn å verta gløymd.»

Når ein veit at leiken på WoW går føre seg som kamp og nedslakting på avgrensa og naturvene «maps», er det mest umogeleg å ikkje tenkja på at Utøya kan ha vorte til eit slikt map eller av-grensa område i spelet, der helten roleg overvinn og drep dei i tal overlegne fiendane sine. I eit anna dataspel han har spela mykje, «Modern Warfare», liknar grunnplottet òg på Utøya-massakren: Ein russisk nasjonalist går gjennom storhallen på ein flyplass i Moskva og drep sivile for fote.

Det er òg noko spel- og draumeaktig over forteljinga hans i kompendiet om den nye hemmelege Tempelriddar-ordenen, som skal ha vorte stifta av tolv europearar i London i 2002. Denne ordenen skal ha fire militære grader; det er tale om ritual og lovnader som i eit rollespel. Dei mange og lange listene over dei ulike gradene, eigenskapane, motto osb., er henta rett ut av spelverda. Og på bileta sist i kompendiet syner Breivik seg fram som ein animert tredimensjonal figur, stasa opp i fleire roller, som sjølvskapte skapningar i eit dataspel. Når han så melder frå om at han ynskjer å få opptre i retten i ei uniform, vert det klårt at han ikkje berre kjem rett frå spelverda med våpna sine. Han vil òg tvinga spelverda si på alle andre. Berre som fiksjonsfigur, i ei fik-sjonsverd, kan han tola å stå fram med eit forsvar for handling-ane sine.

På grensa mellom spelverda og røynda talar han om «våre operasjonars grufulle karakter» som må til for å vekkja europearane opp av dvalen og til kamp mot kulturmarxistane og muslimane. Umerkande for seg sjølv kryssar han grensa frå spel til røynd: «Har du fyrst bestemt deg for å slå til, er det betre å drepa for mange enn for få, elles risikerer du å redusera den ynskte ideo-logiske verknaden av åtaket», skriv han i eitt av mange råd til dei hypotetiske etterfylgjarane sine. Så tek han på seg speldrakta si, sprengjer regjeringskvartalet og køyrer mot Utøya.

Meir openheit
Statsministeren har sagt i ein av talane sine i desse dagane at tvillingåtaket på det norske demokratiet skal svarast med «meir demokrati». I praksis vil det mellom anna seia at vi må syta for at legitime synspunkt no ikkje vert delegitimerte ved å verta knytte til massedrapet. Det må verta meir, ikkje mindre openheit og fri debatt om vanskelege saker som innvandring, integrering og islam o.l. Det må verta mindre, ikkje meir kasting av ròtne egg på meiningsmotstandarar. Det må verta skjerpa openheit for av--vikande meiningar i pressa, endå klårare avvising av valdelege innslag i politikk og kvardag.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake