Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Gutemusikken

Av Agnes Ravatn
,  15.07.11


– Musikkmiljø er gode på å halde liv i uformelle maktstrukturar.

ROCK

Førre veke skreiv Dag og Tid om den amerikanske rocke­journalisten Ellen Willis som var pioner på sitt felt i 70-åra, for så å forsvinne ut av musikkhistoria, fordi ingen valde å hugse på henne. Også i dag er kvinner sterkt underrepresenterte i rockejournalistikken så vel som på festivalscenene og i dei ulike styra i musikkbransjen.

Astrid Kvalbein er songar, fast meldar av klassisk musikk i Aftenposten og redaktør for boka Kjønn og musikk – i utakt. Ho meiner at miljøet og kritikarposisjonen kan vere mulege forkla­ringar på fråværet av kvinner.

– Det er vanskeleg å kome på anna enn to nokså typiske forklaringar: generell mannsdominans på området, og det at kritikaren har ein maktposisjon det kanskje er vanskelegare for kvinner å innta enn menn.

Kvalbein meiner dette særleg gjeld rocken.

– På mitt felt, innanfor den klassiske musikken, har det samtidig kome markant fleire kvinner på banen som kritikarar dei seinaste ti åra. Eg kan berre spekulere i kvifor vi ikkje har sett det same innanfor rock, men kan det ha med uttrykket i musikken å gjere, at det klassiske konnoterer noko meir feminint – sjølv om det ikkje gjeld på komponist- og dirigentnivå? Eller er det noko i den triste hypotesen om at når kulturuttrykk misser prestisje og makt i samfunnet, kjem kvinnene inn? Rocken har vel på si side heller styrkt posisjonen som musikken til kultureliten.

«Seksuell vri»
I Marta Breens bok Piker, vin og sang (2006) finst det eit eige kapittel om kvinner i rockejournalistikken, og ho refererer dåverande Puls-redaktør Arild Rønsens kvinnevennlege fråsegn til Arbeiderbladet i 1993 om at «vi satser hardt på å rekruttere skrivende jenter (...) Jentene greier å lage en mer seksuell og interessant vri, fordi de har lyst på intervjuobjektene». Tja, at kvinners manglande seksuelle begjær må ta skulda for underrepresentasjonen, er ein interessant forklaringsmodell, men ein annan gjengangar er at kvinner gjerne går over til å gjere andre ting etter å ha skrive om rock i nokre år, som òg Willis gjorde.

I 2009 sa groove.no-redaktør Bjørn Hammershaug til Dagbladet at «det er kanskje litt generaliserende å si det, men vi opplever ofte at jentene som kommer inn, går fort ut igjen. Jeg vet ikke hvorfor.»

Musikkansvarleg i Dagbladet, Sigrid Hvidsten (ei kvinne!, red.mrk.), snudde problemstillinga på hovudet og uttala at «det finnes påfallende mange eldre, mannlige anmeldere som kanskje burde ha gitt seg litt tidligere». I Breens bok seier NRKs første kvinnelege rockejournalist Karin Westrheim at «jeg har møtt flere kvinnelige rockjournalister som har fortalt at de gikk lei av å skrive om halvviktige ting for umodne guttung­er. De ønsket å utvide horisonten. Og det kjenner jeg meg igjen i. Jeg var drittlei av rock på slutten og fikk alt langt opp i halsen.»

Guteklubb
Ja, er det slik at rock rett og slett ikkje er viktig nok? Ser ein på eit knippe av dei kvinnene som skreiv om rock i 80- og 90-åra, har dei i dag viktige posisjonar i norsk samfunnsliv: Nazneen Khan-Østrem er høgskolelektor i journalistikk ved HiO og samfunnsdebattant, Hege Duckert er kulturredaktør i NRK, Ina Blom er professor i kunsthistorie ved UiO, og Hege Ulstein er politisk kommentator i Dagsavisen. Slik sett kan vel berre Tor Milde og Stein Østbø og dei andre gamling­ane få sitje der med rocken sin?

– Kvifor er det slik at kvinnelege rockeskribentar «varer kortare»?
– Også her tenkjer eg spontant i nokså tradisjonelle banar: Å vere kritikar tyder gjerne å frilanse for minimumshonorar i aviser som kuttar i innkjøpt stoff så snart tala raudnar. Slike usikre vilkår passar kanskje kvinner, med og utan barn, dårlegare enn menn? Stemmer det at kvinner som får meir stabile vilkår, varer lenger – slik eg har inntrykk av? Men det kan òg vere mange skjulte mekanismar som gjer at ein ikkje blir anerkjent av «guteklubben» på eit felt. Musikkmiljø generelt er gode på å halde liv i slike uformelle maktstrukturar, og det har nok innverknad både på rekruttering og vidare trivsel for kvinnelege skribentar, seier Kvalbein.

Inntil vidare kan Dag og Tid berre oppmode dei ulike musikkredaksjonane om å gjere som vår namnesyster Natt&Dag: I Breens bok kan ein lese at ei «Anita Håland» lenge melde plater der – ein signatur som seinare synte seg å høyre til Thomas Seltzer.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake