Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


– Klassiske musikarar må bli frekkare

Av Marita Kjetland Rabben
,  24.06.11


Klassisk musikk er sveltefôra på nyskaping, meiner musikar Trygve Brøske.

30. juni, Festspillene i Bergen: Stjernepianist Evgeny Kissin held solokonsert for ein halvtom Grieghall. Utanom spesielt interesserte musikkstudentar er det knapt ei sjel under femti i salen. Kvar er ungdommn?
– Me manglar eit yngre publikum. Klassisk musikk er ein truga kunstart, seier Trygve Brøske, pianist, komponist og førsteamanuensis i klaverfag ved Institutt for musikk, NTNU.

Basert på førebelse tal har Festspillene i Bergen stadfesta ein publikumsnedgang på om lag ti prosent sidan i fjor.
– Sjangeren treng fornying, koste kva det kosta vil. Klassiske musikarar må bli langt frekkare, meiner Brøske. Han er overraska over kor få som bryt grenser.
– Ein vil aldri nå alle, men det er ei fallitterklæring å tenkja at kunst berre er til for dei som «uansett kjem». Spesielt er klassiske songarar ofte konservative. Også symfoniorkestra må bli betre. Konsertforma er for stiv og høgtidsam, og det blir spela lite ny musikk.

Naudsynt nytolking
Sjølv er Brøske eit døme på ein grensesprengjande musikar. Han er utdanna klassisk pianist, har allsidig bakgrunn og leier mellom anna det sjangerfrie «Eisler Ensemble». Gruppa kombinerer musikarar med individuelle uttrykk, og Brøske gjennom­arrangerer alt materialet for ensemblet. På plata Death Smjert får mellom anna Modest Mussorgskijs «Dødens songar og dansar» gjennomgå.
– Eg skreller det ned til beinet og tek tak i teksta på nytt. Arrangerer musikken for song, fiolin, cello, piano, trombone, bass, tuba og perkusjon. Sjå til teaterverda; ingen set opp Et Dukkehjem som ein gjorde det på Ibsens tid. Ein aktualiserer.

Klare intensjonar
Brøske er uroa over det han kallar «gamlisungdom».
– Ein del formidling av klassisk musikk gjer meg trist. Mange unge formidlar på ein gammalmodig og halvfestleg måte. Ein treng både radbrekkarar og puritanarar, men ein må ha klare intensjonar.
Pianisten strekar under at det bak all såkalla kunstmusikk ligg eit enormt handverk.
– Nerdestatusen er ei utfordring for sjangeren. Ein skal absolutt ikkje slurva med handverket, men det er tankevekkjande at mange unge musikarar er så fjerne frå si eiga tid.
Han meiner universiteta er flinke til å laga reflekterte fag, men ikkje reflekterte musikarar.
– Noreg manglar tradisjon for dette. Studentane må setja seg inn i tidsånda som rådde då musikken vart skriven.
Ekstremfolkeleg
Brøske er initiativtakar og kunstnarleg leiar for Stangvik-festivalen, oppretta i 1999. Ei bygd på Nordmøre er arena for nye måtar å presentera klassisk musikk på.
– Me har som prinsipp å ikkje forenkla repertoaret. I staden for å laga crossovermusikk set me saman svært varierte konsertprogram. Til dømes laga me ei framsyning som kombinerte moderne musikkteater og revy med heile Schönbergs Pierrot Lunaire. I ut­gangspunktet eit krevjande verk, men det fungerte i ein slik samanheng.
Temakonsertar om drikkeviser eller galskap er også populært.
– Folk får seg gjerne ei overrasking.

Makteliten likar Åge
– Ein kan gjera mange ting, men det viktigaste er å utdanna publikum, meiner Brøske.
Han meiner me må lærast opp til å høyra musikk, sjå bilete og teater – rett og slett utvikla smakslaukane.
– Den som aldri har smaka oliven, likar det heller aldri.
– Er det verdt å kjempa så hardt for å ta vare på den klassiske musikken?
Svaret kjem kontant.
– Absolutt. Me snakkar om ein kunstart gjennomsyrt av kvalitet og meining som har eksistert i hundrevis av år.
Det som uroar han, er at musikken vert gjort «halvutilgjengeleg» gjennom media.
– Sekstiåttargenerasjonen ut­­gjer dagens journalistiske og akademiske maktelite. Dei høyrer på Åge Aleksandersen og voks opp i ei tid der klassisk var for «fiffen» og rock smalt og kult. Dette gjennomsyrer media. Sanninga i dag er at klassisk musikk på mange måtar er meir rocka enn rock.
Marita Kjetland Rabben er frilans musikar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake