Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Rovdyrpolitikken heng ikkje i hop

Av Jon Hustad
,  24.06.11


Den norske ulvepopulasjonen er i ikkje berekraftig, heiter det i ein ny svensk rapport.

Alle norske bygdehistorie­bøker er fulle av soger om då rovdyrplaga vart øydd. Dei var heltar, desse mennene som skaut den siste ulven eller bjørnen. Her er ei soge frå Skjåstadalen på Sunnmøre. Frå den dalen kom den i si tid mest vidgjetne mannen i Hjørundfjorden – «bjønnaskytaren» og meisterskytaren Johan Luidvig Kornelius Rørstad, piperøykjaren frå Jogarden på Raustad som døydde i 1971, 88 år gamal. Det var Johan Rørstad som i åra 1903–05 skaut dei siste fire bjørnane i Hjørundfjorden. Den siste skaut han i Bakkedalen ovanfor Finnes.
Sumaren 1958 hadde Johan passert femogsytti. Jorun, yngste jenta på garden, såg opp på nordsida av Raustadvatnet, der gjekk sau, kje, lam og geit. Jorun la merke til at dyra var urolege. Ho tok ein kikert for sjå kva som gjekk føre seg. Ingenting. Men så, høgt over flokken, såg ho to ørner som gleid omkring i lufta.
Ho ropa til faren og bad han taka fram rifla for å skræma ørnene med eit par skotsalver. Jorun gav kikerten til faren. Han såg at ei av ørnene hadde slege seg på ein kvit bjørkestomn. Han meinte å sjå ørna klårt. Johan gjekk ned til Raustadvatnet. Han stilte seg opp om lag 400 meter frå ørna. Så trekte han av.
Johan var for gamal til å traska bort gjennom krattskogen. Seinare på dagen kom sonen Johan heim frå arbeidet. «Eg gjekk til den kvite bjørkestomnen. Det var ingen kulemerke på han, men eg såg heller inga ørn. Eg gav meg god tid, og då såg eg ei ørnefjør som stakk opp frå lyng og eine, og der låg den eine ørna med eit hol i skolten etter blyspisskula», fortalde han til lokalpressa.
Nokre år etter at Johan hadde den skote den siste bjørnen, gav hjørundfjordingane han ein ven sylvpokal med innskrifta: «Du gjorde dei vel, du øydde udyra. No er dei sæle, dei små husdyra.»

Barbarisk?
Så kva er det som har endra seg? Ei openberr forklåring er sjølvsagt økonomien. Før var bøndene eit positivt tilskot til nasjonal­økonomien, kjøt hadde vi ikkje råd til å importera, helst skulle vi eksportera det vesle vi hadde til overs. Då seier det seg sjølv at korkje den einskilde bonden eller samfunnet som heilskap hadde råd til jamvel marginale tap. Bøndene betalte skatt, subsidiar fanst knapt. Rovdyra måtte bort.
Men eitt er at dei i si tid laut bort, noko anna er at når dei norske rovdyra og med det dei gena dei representerte, fyrst vart borte, så fann styremaktene etter ei tid ut at vi skulle byrja å importera rovdyr. Sjølvsagt har vi no råd til å betala ut rovdyrs­erstatning, desse summane utgjer berre nokre brøkdelspromille av statsbudsjettet, men desse nye rovdyra og deira gen har aldri vore truga. Korkje den sibirske ulven eller den nordeuropeiske bjørnen har vanta område å halda seg på. Kva er det som har gjort det så maktpåliggjande at vi òg skal ha delar av desse stammene?
Førre veke fekk vi eit nytt rovdyrforlik. Framleis skal vi ha rovdyr, bufe og folk i same område. Men det skal verta noko meir lokalt sjølvstyre, og det skal verta enklare å skyta streifdyr. Eivind Liven er tidlegare veterinær­direktør og var yrkesaktiv både då rovdyr var noko herk og då dei skulle vernast.
– Det seier seg sjølv at det økonomiske aspektet spela inn då vi byrja å verna rovdyr. No har vi diverre råd til å lata rovdyra eta bufeet, som sjølvsagt er heilt umoralsk. Med den veksande velstanden vart vi mindre avhengige av norsk landbruk, og med det kvarv forståinga for kva mat og matproduksjon er for noko.

Endringa kom i 1970-åra
– Når kom sjølve endringa i haldningane, når var det at rovdyra fekk høgre prioritet enn husdyra?
– Den store endringa kom i 1970-åra, etter kvart som miljøvernforvaltninga voks fram. Det var då det store paradigmeskiftet kom, og særleg dette at miljøvern òg skulle femna om rovdyr. Det å skyta vart ikkje like lett som før.
– I eit globalt perspektiv er ikkje dei stammene som vi no er med på å verna, truga, medan «vår» ulv og bjørn vart utrydda for lenge sidan. Kvar kjem denne importtrongen frå?
– Det er eit godt spørsmål, men det er no eingong den politikken vi har vedteke, at også vi skal verna rovdyra våre. At det er nok ulv i Sibir, og at vår ulvestamme ikkje finst lenger, er ikkje gangbar mynt, seier Liven.
I Noreg vart det vinteren 2009–10 registrert 33 til 39 ulvar, i tillegg vart det registrert 33 til 37 ulvar på grensa mellom Noreg og Sverige. Alle desse ulvane ættar frå fem dyr som opphavleg ikkje var i slekt med kvarandre. Dette har i sin tur ført til at dei norsk-svenske ulvane no er meir genetisk like enn det to vanlege sysken er. Ein fersk svensk forskingsrapport konkluderer med at populasjonen ikkje er genetisk livskraftig (sjå sidesak). Skal vi ha ei levedyktig stamme i Noreg og på grensa til Sverige, må svenskane og vi nordmenn truleg gjennomføra ein storstila import frå Russland og Finland. Men dette har ikkje vore eit tema i rovdyrforliket på Stortinget.
– Rovdyrpolitikken i Noreg er ikkje nett konsistent. Vi veit at vi har store innavlsproblem i ulvestamma, men vi har samstundes vedteke av vi skal ha denne same ulven. Den noverande politikken, korkje før eller etter rovdyrforliket, går i hop. Vi seier at vi skal ha desse rovdyra, samstundes seier vi at vi kan ha bufe på utmarksbeite.

Kor store tap skal vi tola?
– Skal vi ha ein genetisk berekraftig ulvepopulasjon, treng vi tre, fire genetisk ulike flokkar med førti–femti dyr. Liknande reknestykke er gjorde for bjørn. Då må vi vel berre leva med at store område ikkje skal ha bufe?
– Det politikarane må seia noko om, er kva slags tap som er godtakande utifrå eit dyrevelferdssyn. Dei seinaste åra har talet på dyr som har vorte tekne på utmarksbeite, dobla seg. Sume bønder misser helvta og av og til tre fjerdedelar av bufeet sitt. Det norske folket, inkludert politikarane, aksepterer ikkje at dyr skal verta etne og drepne på det viset, men likevel er politikken at vi ikkje skal taka tak i dette problemet. Vi kan ikkje halda fram med å låst som alt skal vera som før. Vil Stortinget at halvparten av sume saueflokkar skal etast opp, så får dei seia det.
– Det kan dei då ikkje, vi har skrive under ei rad internasjonale dyrehelsekonvensjonar.
– Men alle veit at det er nett det som hender. Og det vil henda etter dette forliket òg.

Rovdyra kjem etter
– Om vi fjernar ein del bufe frå nokre område, vil vel ulven fylgja etter maten til nye område?
– Ja, men då aksepterer du altså òg at husdyr skal vera rovdyrmat. Det held ikkje for meg. Vi skal akseptera at rovdyr skal leva på andre ville dyr. Då får dei mellom anna leva på hjortedyr, noko rovdyra også i aukande grad gjer i visse område. Alt no har vi sett ein monaleg nedgang i talet på elg i Østerdalen.
– Men skal stammene vera berekraftige og friske, må det vel enorme område til?
– Ja, og vi vil få problem i grenseområda mellom rovdyr og husdyr, men det kan vi handtera. Men det må verta store område der bøndene ikkje får nytta ut­­marka si til husdyrhald. Desse må sjølvsagt få økonomisk kompensasjon.
– Men skal rovdyrhelsa haldast oppe, må vi akseptera at unge hannulvar streifar frå ein stor flokk til ein annan stor flokk. Då kjem dei automatisk inn i beiteområde.
– Greitt nok. Men for å taka opp att meg sjølv: Då må vi vera ærlege, skal vi halda husdyr for matproduksjon for menneske eller rovdyr? Det er det siste vi gjer i store område i dag.

Undersak:
SVERIGE OG EU AVGJER NORSK POLITIKK
Det svenske ulvepopulasjonen skal truleg kraftig opp. EU har lagt ned forbod mot felling av ulv. Dimed kjem fleire dyr til Noreg.

I praksis er det den svenske rovdyrforvaltninga som avgjer kor mykje ulv vi har i Noreg, og om den ulven vi har, kan verta genetisk berekraftig. Norsk ulv er som norsk bjørn ei lita underavdeling av svenske rovdyr. No i vår la den tidlegare leiaren for det svenske naturverndirektoratet, Lars-Erik Liljelund, fram ein rapport om tilstanden for svensk ulv og kor mykje ulv landet treng for å ha ein berekraftig ulvepopulasjon. Hans konklusjon var at Sverige i dag ikkje har ein genetisk berekraftig ulvepopulasjon.

Svenskane har i dag om lag to hundre ulv; så godt som alle desse er genetisk mest heilt like. Liljelund går inn for at talet på ulv må opp i minst 450 i Sverige. Men før dei svenske styremaktene byrjar ein slik politikk, vil Liljelund at ulvestamma skal få inn nytt blod. I praksis er den einaste genutvekslinga som går føre seg over landegrensene, den mellom Noreg og Sverige. «Det går føre seg altfor lite utveksling mellom den svensk-norske stamma og den mykje større stamma som finst i Finland og Russland», sa Liljelund då han la fram rapporten for regjeringa.

Brei semje
Liljelund vil både at det skal plasserast ut ulv frå andre nasjonar i Sverige, og at ein skal leggja til rette for vandringar over den finske og russiske grensa. I arbeidet med rapporten har Liljelund fått hjelp av ei rekkje internasjonale forskarar, som stiller seg attom konklusjonen.
«Men rapporten er berre basert på biologi og økologi og kva som må til for at ulven skal nå ein berekraftig populasjon. Han tek ikkje omsyn til sosioøkonomiske faktorar», sa Liljelund.

Det er krav frå EU som ligg bak rapporten. Sverige har skrive under EU-konvensjonar som pliktar landet til å ha berekraftige rovdyrstammer. EU-kommisjon skal overvaka den svenske prosessen og har høve til å skriva ut bøter om Sverige ikkje gjer som EU ynskjer. Går Liljelunds framlegg gjennom, vil det måtta få store konsekvensar for norsk rovdyrforvaltning. Det vil garantert verta større vandring til Noreg om den svenske stamma går opp. Det er òg lite truleg at ulv med gen frå Finland og Russland kan fellast om dei tek norske husdyr.

EUs miljøkommissær Janez Potocnik har gått kraftig ut mot det svenske regimet som opnar for felling av nokre få ulvar. Potocnik seier at all felling av ulv og andre verna rovdyr bryt med EUs regelverk. Om Sverige ikkje gjev etter for kravet innan august, vert saka dregen inn for EU-domstolen. Finland tapte ei liknande sak berre for eit par år sidan og måtte slutta med felling av ulv. Noreg er ikkje ein del av EUs rovdyrregime, men gjennom Sverige er vi indirekte medlemer.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake