Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Konspirasjonsteoretikarane

Av Jon Hustad
,  17.06.11


Norske medium og norske kommentatorar har i flokk og fylgje teke feil i Treholt-saka. Mest skade har Harald Stanghelle gjort.

Soga gjentek seg, sa Marx, fyrst som tragedie og så som farse – og, kunne han ha lagt til: i Noreg som konspirasjons­teori. Den 6. september 1984 kjende Riksadvokaten seg tvinga til å senda ut ei total avvising av eit oppslag i Arbeiderbladet. I oppslaget stod det at «bunnen» var fallen ut av Treholt-saka. Det skulle vera null prov for Irak-spionasje, byråsjef Arne Treholt var ikkje påverknadsagent, og han hadde ikkje gjeve ut dokument som truga Noregs tryggleik. Vel, Treholt var tiltala og dømd for alt dette. Forfattaren av artikkelen i Arbeiderbladet var Harald Stanghelle. Det skulle ikkje stogga der.

Den som fyrst tok opp det «tvilsame» pengeprovet i media i 1985, var Harald Stanghelle. 21. september 1985 slo Arbeider­bladet opp saka «FUSK MED TREHOLTBEVIS?» Ideen kom truleg frå Arne Haug­stad, forsvararen til Treholt då saka skulle takast opp for Høgsterett. Sidan har Stanghelle halde på. I august 1983 landa Treholt med om lag 30.000 dollar på Fornebu, seier Politiets overvåkingstjeneste (POT), med mellom 25.000 og 28.000 dollar, seier Treholt sjølv. 30.000 dollar svara til 210.000 kroner i 1984, 500.000 no. I 1984 var ei gjennomsnittsløn i Noreg vel 118.000 kroner. Treholt hevda sjølv at han hadde fått 20.000 av dollarane frå Irak, og at han hadde vunne pengar på eit kasino i Wien. Politiet sjekka; Treholt hadde ikkje registrert seg på det kasinoet han hevda han var på. Skulle ein spela i Wien, måtte ein registrera seg.

KGB-russaren Titov, som Treholt òg hadde møtt i Wien, hadde derimot berre gjeve han små­­peng­­ar, påstod Treholt. At Treholt i mai 1983 hadde møtt den same Titov i Helsingfors og så landa på Fornebu med 10.000 dollar, har det elles vore underleg stilt om frå Treholt-lægret, men det er vel naturleg sidan Treholt i Helsingfors korkje møtte irakarar eller var i ein by med kasino. 10.000 dollar var meir enn ei halv industriarbeidarløn det året. Då Treholt vart arrestert, hadde han mellom anna ein løynd konto i Sveits med 52.000 dollar, eller 850.000 2010-kroner.

Ikkje sentralt
Pengeprova var aldri sentrale for POT, og dei ynskte ikkje å leggja dei fram for retten sidan det kunne avsløra korleis dei ar­­beidde. I ettertid er dei altså skulda for å forfalska eit prov dei ikkje ville nytta. Det var den 22. august 1983 dei var inne i husværet til Arne Treholt på Frogner og fann dei rundt 30.000 dollarane, og det var aktor Lasse Qvigstad, som kom inn i saka i oktober 1984, som ynskte at pengane skulle verta ein del av saka. Under sjølve rettssaka i lagmannsretten var likevel ikkje pengeprovet sentralt, men då Arne Haugstad fekk saka, byrja han å hevda at politiet hadde manipulert, og at det ikkje var plass til alle pengane i konvoluttar som politiet hadde teke bilete av.

Stanghelle vidareformidla altså desse luftige påstandane – som vart motprova. For open dagsrevyscene vart alle pengane lagde i konvoluttar, og dei fekk plass. Dei sakkunnige konkluderte òg med at det var plass til pengane etter å ha granska bileta. Under provopptaka til Høgsterett sa likevel Haugstad rett ut at politiet måtte ha juksa. Den andre forsvararen til Treholt, Alf Nordhus, tok på sterkast mogeleg vis fråstand frå det han såg på som uhyrlege påstandar frå Haugstad.

Litt rolegare
Med åra har Stanghelle roa seg litt med pengeprovet – litt, men ikkje mykje. I fjor kom så boka Forfalskningen. Politiets løgn i Treholt-saken, skriven av Geir Selvik Malthe-Sørenssen og Kjetil Mæland. Forfattarane meiner at politiet hadde lima på ein tapebit på kofferten til Treholt etter at Treholt hadde vorte arrestert, og gjennom eit langt og intrikat resonnement meinte dei å prova at politiet ikkje hadde vore inne i husværet til Treholt den aktuelle dagen, og at alt var ein del av ein stor konspirasjon. Her ein smakebit frå side 107: «Hvordan kunne dette skje? Det er kun én logisk forklaring på dette, og det var den POT-mannen ga meg på fjellet. Hansen og Solemsjø (dei to frå POT som var inne i husværet den 22. august, red.merk.) var aldri i leiligheten.» Det fellande provet skulle vera eit foto utan synleg tapebit frå då Treholt vart arrestert på Fornebu. Mellom andre hadde nokre britiske sakkunnige sett på biletet. Tapebiten må altså ha kome seinare, pengeprovet måtte ha vore ulovleg laga etter arrestasjonen. Den eine forfattaren hadde fått løn av Treholt under arbeidet.

Aftenposten gjekk av skaftet, og det endå om forfattarane mellom anna hadde intervjua ei kjelde som det ikkje fanst prov for at eksisterte. Gjenopptakingskommisjonen i dag seier rett ut at den anonyme kjelda til forfattaren truleg ikkje finst, påtalemakta at kjelda ikkje finst i det heile teke. Stanghelle på si side agerte som om han no hadde fått prov på at nær heile fundamentet for den norske rettsstaten var underminert: «For riks­advokat Tor-Aksel Busch og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad må disse dagene ha fortont seg som et slags mareritt. Ikke bare fordi det er blåst nytt liv i en sak de – og vi andre – nå trodde oss ferdig med. Men vel så mye fordi deres egne flotte påtalekarrièrer er grunnmurt på den meget sterke innsatsen de begge la ned som Treholt-sakens aktorer. Det var selve manndomsprøven. Da må det være et svimlende perspektiv å ta inn over seg at de har invitert retten til å dømme en mann på fabrikkerte beviser. (...) Det er meget dramatiske påstander som nå legges frem. Materiale Riks­­advokaten gjør klokt i å ta på det dypeste alvor.»

Fasiten
Stanghelle fastslo vidare at penge­­provet var det viktigaste provet mot Treholt, ein påstand han står nokså åleine om i den normale verda. Aftenposten på reportasjeplass sa rett ut at det ikkje var ein tapebit på biletet på Fornebu. «Det viktigste indisiet er funnet av taperester på Treholts berømte attachékoffert, der peng­­ene ble oppbevart. Dette er taperester eller rester etter et klistremerke som er på kofferten den dag i dag, og som kan gjenses på politiets bilder av pengebeviset, men som ikke finnes på kofferten da Treholt ble arrestert 20. januar 1984.»

No har vi fasiten. Gjenopptakingskommisjonen har prova bortanfor all tvil at politiet var i husværet den 22. august. Det finst bilete av etterforskarane der den dagen, og i den same biletserien finst det bilete av kofferten med tapebiten på. Politiet sende vidare førespurnad til ei samarbeidande internasjonal etterretnings­teneste om det dei hadde funne i dagane etter den 22. august, og særleg spurde dei om hjelp til å spora eit stempel på ein setel som dei hadde teke bilete av. Alt Stanghelle har spekulert i, og alt forfattarane av boka har sagt om prov og indisium for at politiet har manipulert, har forsvunne. Biletet frå Fornebu er irrelevant, tapebiten kom ikkje etter arrestasjonen, men før. Konspirasjonsteorien var nett det, ein rein konspirasjonsteori.

Likevel har Stanghelle halde fram. «Framleis mange lause trådar å grava i», sa han til NRK rett etter at kommisjonen hadde knust heile resonnementet hans. Dagen etter heldt han fram i spaltene til Aftenposten og hevda ulogisk nok at kommisjonen hadde undergrave den tilliten dei sjølve var avhengige av ved ikkje å granska det irrelevante Fornebu-biletet. «Kommisjonen har stirret seg blind på de øvrige beviser – og ser rett og slett ikke betydningen av Fornebu-bildet», skreiv Stanghelle og synte med det at det var han sjølv som hadde stirt seg blind.

Stanghelle har ikkje vore åleine. Dagsavisen har òg heile tida vore på konspirasjonssporet og har etter at kommisjonen la fram saka, rosa seg sjølv og Stanghelle (som var tilsett der under saka) for dekninga av Treholt-saka. Strand skreiv dette dagen etter framleggjinga: «Når det likevel fortsatt hefter tvil om Treholt-saken, er det fordi kommisjonen ikke har gjort et så grundig arbeid at all tvil kan sies å være ryddet til side. Det er bemerkelsesverdig at kommisjonen bare legger vekt på rapportene om de sentrale bilder av Treholts koffert, fra sine egne oppnevnte sakkunnige, og ikke tar hensyn til britiske rapporter som konkluderer til Treholts fordel.» Dette er diverre typisk for konspirajonstenkjarane: Same kor logisk umotproveleg eit prov er, så vil dei korkje forstå eller endra synspunkt. Når tapebiten var der den 22. august 1983, lenge før Treholt vart arrestert, treng ein altså ikkje å diskutera sakkunnige, ymse britiske ekspertar eller noko anna om biletet frå arrestasjonsdagen. Tapebiten var der før, under og etter arrestasjonen.

Egeland i svart
John Olav Egeland i Dagbladet har på si side hevda etter framleggjinga at «Treholt-saken er sakte vandring i et mørkt myrlandskap der ingen av aktørene har fast grunn under føttene». Han hevdar som Strand og Stanghelle at kommisjonen ikkje har gjort noko godt arbeid, og at det framleis hefter tvil. Heller ikkje Egeland ser ut til å ha forstått at med dei siste funna er alt over. Men når ein ser kva slags overskrifter Egeland har nytta på Treholt-kommentarane sine, forstår ein at nederlaget har vorte for tungt å svelgja: «De kalde skyggene», «De som tenker koffert», «Det skitne Norge», «Å steike en riksadvokat», «Når tillit ikke er mulig». Skal vi tru Egeland, må Noreg vera eit politidiktatur.

Ja, det er viktig å freista å kle av makta, men ein må vita når ein skal stogga. I Treholt-saka er det store delar av norsk presse som har vorte avkledde, men i prosessen har dei diverre gjort mykje for å underminera tilliten til ei påtale- og ordensmakt som i ein internasjonal samanheng er av dei mest ukorrupte og heiderlege i den vestlege verda.

To kommentatorar har rett nok stått oppreist heile vegen, Olav Versto i VG og Halvor Elvik i Dagbladet. Dei har heile tida forstått kva dette er for noko: ei godt dokumentert og godt etterforska spionsak. Det er prova bortanfor all rimeleg tvil at Treholt var spion, og at politiet ikkje manipulerte prov. Ja, i alle store straffe­saker vert det gjort feil verda over, men at nær alle dei store riksavisene held seg med konspirasjonsteoretikarar på kommentarplass, må vera noko særnorsk.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake