Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Pengedryss over Sametinget

Av Jon Hustad
,  10.06.11


Ein politisk rådgjevar på Sametinget tener langt meir enn ein politisk rådgjevar på Stortinget. Einskilde ved Sametinget har hatt ein lønsauke på over 400 prosent på sju år.

Kvifor har plenumleiaren i Sametinget gått frå å tena 171.000 i 2004 til å tena 724.100 i 2011? Det har Per Selle, som er professor i statsvitskap ved Universitet i Bergen, granska. Han meiner at det mykje handlar om politisk ukultur. I ein ny rapport, «Sametingets organisatoriske utfordringer. En vurdering», har Selle sett på korleis Same­tinget fungerer.

Selle er til dels sterkt kritisk og meiner sametingspolitikarane ikkje heilt har forstått at dei ikkje er eit vanleg parlament, men primært ein høyringsinstans for staten: «For at viktige deler av sametingssystemet skal fungere, må også det politiske nivå vise styrke, men samtidig være be­visst på egne begrensninger. (...) Jeg har videre påpekt at en kanskje har gått for langt i forhold til politisk profesjonalisering (for mange heltidspolitikere) og at en reell parlamentarisk modell ikke er gjennomførbar i et system som Sametinget, som jo samtidig er et statlig hørings- og forvaltnings­organ», skriv professoren.

Selle er heller ikkje nøgd med det han ser som lite naudsynte indre politiske
stridar mellom ulike samegrupper: «Jeg har påpekt tvilsomme sider med den politiske
kulturen og argumentert for at samarbeidsklimaet må bedres vesentlig om Sametinget skal kunne utføre samfunns-oppdraget sitt på en god måte. Jeg foreslår også at en setter ned et tverrpolitisk utvalg som tar disse utfordringene på største alvor.»

Men det som kanskje har overraska Selle mest, er nivået på lønene til heiltidspolitikarane og rådgjevarkorpset deira: «Jeg har også påpekt at det sjelden eller aldri er en god demokratisk idé at de folkevalgte i betydelig grad er lønnsledende i forhold til de en skal tjene. Det hjelper ikke med god administrasjon og forvaltning alene, og politisk nivå har også et tydelig ansvar for at det forvaltningsmessige og administrative er bygd opp og fungerer på en god måte.»

Lønsleiande
Så kor store er overføringane til samane, og kor mykje tener dei som sit i Sametinget og representerer dei 13.900 menneska som har meldt seg til samemanntalet? Det har NRK Sápmi granska. Men før vi gjev opp tala, må lesarane ha i minne at reise og diett, som ofte utgjer store summar sidan reiseavstanden til Sametinget i Karasjok er så stor for mange, kjem i tillegg. NRK har tidlegare avslørt at representantar har tent store summar på reise- og diettregimet.
Best tener sjølvsagt sametings­presidenten. I 2000 gav den stillinga vel 400.000 i løn; no får vedkomande drygt 921.000. Visepresidenten har i den same perioden gått opp frå knapt 380.000 til vel 724.000. Rådsmedlemene, som byrja å få løn i 2004, har gått frå om lag 460.000 til 651.690. Den beste utviklinga har plenumsleiaren hatt; posisjonen som gav 171.000 i 2004, er no komen opp i 724.100.

Også politiske rådgjevarar har det bra på Sametinget. I det norske Stortinget har ein vanleg rådgjevar om lag 440.000 som medianløn, dei best betalte får 510.000. På Sametinget har løna gått frå knapt 275.000 2002 til 640.000 no.

Det stoggar ikkje her. Dei 37 sametingsrepresentantane som ikkje er med på den daglege drifta av Sametinget, får løn etter kor mange dagar dei har frammøte: Om dei hadde møtt kvar dag, ville den samla årsløna deira ha vore litt over ein million. Ein norsk stortingsrepresentant tener 724.000. For 34 dagar med møte får representantane 98.400. Men om dei òg har plenumsleiing som ansvar, får dei 116.000 i tillegg. Dei som har gruppeleiar­ansvar, får 100.000. Lista over ymse tillegg til ymse verv kan gjerast lengre.

Vanlege samar tener lite
Sametinget held til i Karasjok. Medlemene ligg svært langt føre innbyggjarane der i løn. 70
prosent av folkesetnaden i Karasjok tente 200.000 eller mindre i 2009, syner skattelistene. Sametingsmedlemene representerer under 3 promille av den samla norske folkesetnaden. Dei 13.900 medlemene av samemanntallet har røysterett ved norske stortingsval, men den ikkje-
samiske delen av det norske folket har ikkje røysterett ved sametingsval.

Samla sett løyver Stortinget kvart år om lag éin milliard til føremål som går eksklusivt til samar. Når samane skal få dei same institusjonane som vanlege nordmenn, seier det seg sjølv at ting vert dyre; når få menneske deler noko, vert det dyrare enn når mange menneske gjer det same.
Det lukkast ikkje Dag og Tid å få nokon kommentar frå sametingspresident Egil Olli før avisa gjekk i trykken. Kommunikasjonsdirektør Jan Roger Østby ved Sametinget ynskte ikkje å kommentera saka.

– Dei må skjerpa seg
Finnmarkspolitikarane på Stortinget meiner løna i Sametinget har vorte altfor høg, og at det undergrev legitimiteten til Sametinget.
Det er Stortinget som løyver pengane til Sametinget og samiske føremål. Frank Bakke Jensen sit på Stortinget for Høgre i Finnmark og er kjend med lønsutviklinga i Sametinget.

– Som stortingsrepresentant skal eg ikkje blanda meg inn i lønstingingane i Sametinget, men eg må seia at slike utslag som dette set legitimiteten til Sametinget i fare. Det bør både administrativ og politisk leiing merkja seg. Dei er på galne vegar her.

– Kven er det som skal rydda opp i desse problema som Per Selle peikar på i rapporten sin, ekstrem lønsstiging og interne konfliktar?
– Det beste er sjølvsagt om dei samiske politikarane lærde seg dei demokratiske spelereglane og sjølve rydda opp i dette.

– Det er vel ikkje så mykje som tyder på det; nokre stillingar har hatt ein lønsauke på over 400 prosent, andre har nær tredobla seg dei seinaste ti åra?
– Eg kan vera samd i at tala ikkje gjev grunn til optimisme, men dette er ein demokratisk institusjon, og demokratiske organisasjonar må læra av feila sine. Sametinget er ikkje unikt i så måte, sist såg vi at Idretts­tinget ikkje makta å oppføra seg på eit moge vis.

– Kva gjer dette lønsnivået med konfliktnivået mellom dei ulike etniske gruppene i Finnmark?
– Det er ei ålmenn oppfatning i Finnmark om at Sametinget er ein umogen institusjon, og ja, det skaper konfliktar. Men igjen vil eg gjenta at dei næraste til å gjera noko med dette, er politikarane på Sametinget.

Ap samd med Høgre
Kåre Simensen sit på Stortinget for Arbeidarpartiet i Finnmark.
– Lønsutviklinga er særs uheldig. Dei samiske politikarane har løyvt seg sjølve ein prosentauke som ligg langt over samfunnet elles, og særleg uheldig er løna om ein samanliknar med det vanlege folk tener i nærområdet. Folk bryr seg om kor mykje dei sjølve og andre tener. Når fråstanden vert så stor som i dette tilfellet, undergrev det legitimiteten til det samiske politiske systemet. Men eg vel å tru at dei sjølve er i stand til å gjera noko med det.

– Ser du teikn til at Sametinget vil rydda opp?
– Nei, førebels gjer eg ikkje det. Men eg lever oppe i dette i det daglege og prøver ikkje å gje tilskot til eit auka konfliktnivå. Eg vel førebels å vera avventande. Det er så mange som har sterke meiningar om dette.

– Men det er mykje etter kvart: finnmarkslova, dei årlege presseoppslag om store rovdyrtap, lønsnivå og overføringar til samiske føremål. Bør ikkje Stortinget snart på nytt sjå på heile over­føringssystemet?
– Når det gjeld finnmarkslova, så vel eg å sjå slik på det at ho gjev oss nye høve, og at ho kan verka positivt for alle i regionen. Andre ser ikkje slik på det. Men det er klårt at om dei samiske politikarane ikkje tek signala, særleg om løn, så må Stortinget på sikt koma inn og gje visse føringar og reguleringar. Sametinget må forstå sitt eige beste. Dei kan ikkje vera lønsleiande i Finnmark.

Ikkje den rette
President Egil Olli gav dette svaret til NRK Sámi Radio i fjor i november: «Jeg er ikke den rette til å begynne å snakke om hva vi tjener og ikke tjener, det må være opp til den samiske befolkning­en å vurdere. Men vi har et stort ansvar for hele det samiske samfunnet og det samiske folket. Og det gjelder både rettighetssaker, språk, kultur, og så videre. Men andre må vurdere hva vi fortjener og ikke fortjener.» Etter dette svaret har løna hans gått opp med 40.000 kroner.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake