Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Ny-gamal innsikt i Muhammeds liv
Lars Gule,  27.05.11

Boka til Halvor Tjønn gjev innsyn i dei eldste kjeldene om Muhammed, men truleg ikkje i livet til profeten.

SAKPROSA
Halvor Tjønn:
Muhammed – slik samtiden så ham
Dreyers forlag

Denne boka er ikkje ein tradisjonell biografi om Muhammed, strekar forfattaren under i innleiinga. Det er heller ikkje ei bok om korleis forfattaren ser på Muhammed, skriv han vidare. Men akkurat det er noko mindre truverdig.

Muhammed – slik samtiden så ham er ei framstilling av korleis dei eldste arabiske historieskrivarane levandegjorde religionsstiftaren og profeten Muhammed. Deira historieskriving var basert på forteljingar overleverte frå personar som levde samtidig med Muhammed. Tjønn har henta fram framstillingane til Ibn Ishaq, al-Tabari og al-Waqidi frå 700- og 800-talet. Han set om og samanfattar arbeida deira på norsk. Slik får vi ei forteljing om Muhammeds religiøse oppvakning i Mekka, utvandringa til Medina i 622, erobringa av Mekka i 630 og livet hans fram til han døydde i 632.

Krigarprofet
Muhammed vert skildra gjennom desse eldste arabiske kjeldene, som forkynnar og som krigarprofet. Lesaren vert teken med på dei mange krigartoktene han la ut på, og slaga han var med på. Vi får høyre forteljingane om utdrivinga av jødane frå Medina og om kvinnene i Muhammeds liv. Det biletet Tjønn på denne måten teiknar for oss ut frå dei klassiske kjeldene, er med moderne augo lite flatterande.

Tjønn har ikkje store innvendingar mot dette biletet. Han forsvarar seg med at føremålet med boka er å vise korleis Muhammed vart oppfatta av sine samtidige – eller i alle fall av dei fyrste generasjonane av muslimar. Men sjølv om boka også gjev eit riss av Muhammeds bakgrunn i Mekka og av forfølgjinga av dei fyrste muslimane, er det likevel krigsherren og erobraren som står i fokus i framstillinga. For eg tolkar Tjønns prosjekt til å vere å vise at Muhammed var ein ganske brutal krigarprofet. Tjønns utval av og frå dei klassiske kjeldene er såleis noko skeivt.

Neppe korrekt
Det biletet desse kjeldene gjev, og særleg i Tjønns utval, er neppe korrekt. Det er fleire grunnar til dette. Dei overleverte forteljing­ane kjem frå tilhengjarane til Muhammed, ikkje motstandarane, framstillingane er nedskrivne i ettertid og kan òg vere inspirerte av at bestemte teologiske og/eller politiske posisjonar skulle styrkjast eller svekkjast av forfattarane. Kjeldene til forfattarane har naturleg nok heller ikkje vore handsama med den kritiske tilnærminga historikarar i dag ville nytte.

Likevel gjev kjeldene eit interessant innblikk i Muhammeds menneskelege sider, trass i moglege overdrivingar den eine eller andre vegen. Noko som talar for eit monaleg truverde i i alle fall delar av framstillingane, er at dei ikkje vik unna for å teikne eit bilete av ein tidvis vondskapsfull og hemngjerrig mann og ein mann med sans for vakre kvinner. Kjeldene fortel òg om ein politisk svært kløktig leiar, ein mann som la grunnlaget for ei sameining av stammane på den arabiske halvøya og ein seinare arabisk-muslimsk ekspansjon av dimensjonar.

Så felttoga og slaga er viktige i den fyrste historia til islam. Dette vert òg tydeleg gjennom kjeldene. Slik sett var Muhammeds militære erobring av Arabia viktigare religionshistorisk, men truleg mindre blodig enn erobringa til hebrearane av det lova landet, slik ho er skildra i Det gamle testamentet.

Problematisk
Sjølv om det å samanfatte desse klassiske arbeida og presentere innhaldet for eit norsk publikum er ein god idé, er dette likevel ein problematisk innfallsvinkel til meir kunnskap og betre forståing for Muhammed og den religionen han stifta. For av di denne framstillinga så sterkt vektlegg krigsherren og den brutale Muhammed, som truleg speglar sentrale realitetar i livet til profeten, vert det uråd å skjøne kvifor profeten nyt den nærast grenselause respekten mellom så mange muslimar i dag og som vi har høyrt om sidan striden om Muhammed-karikaturane.

Det er difor viktig ikkje å nytte eit anakronistisk perspektiv på Muhammed-figuren. Historiefagleg kan vi ikkje vurdere Muhammeds moralske kvalitetar med dagens målestokkar – mellom anna menneskerettar, demokrati, likestilling. Han må vurderast ut frå normene og ideala i samtida, på den arabiske halvøya, i det vidare Midtausten – og i Europa for den del. Då vert Muhammeds framferd meir rasjonell og beundringsverdig. I eit samtidig perspektiv var Muhammed modig, viljesterk, upartisk, rettferdig og sjenerøs. Han vart òg sedd som ein mild mann, særleg andsynes born. Det er desse karaktertrekka som i seinare framstillingar har vorte lyfte fram slik at Muhammed har vorte idealtypen på eit dydig menneske, eit føredøme for alle muslimar. I tillegg har Muhammed av ettertida vorte tillagd mirakuløse eigenskapar.

Likevel menneske
Dei opphavlege kjeldene som Tjønn presenterer, gjer Muhammed menneskeleg att. Det er i seg sjølv verdifullt. Mange muslimar peikar då også på at Muhammed var eit vanleg menneske. Tjønns bruk av kjelder som nyt stor respekt i den muslimske verda, bør sikre legitimiteten i framstillinga. Men det er likevel ikkje sikkert at Tjønns bidrag til menneskeleggjering av Muhammed vil få særleg mykje å seie for (norske) muslimars oppfatning av Muhammed som ideal, også moralsk. Til det er truleg beundringa av mannen gjennom mange generasjonar for tungt avleira også i dei moderne muslimske oppfatningane av profeten.

Repetisjon
Tjønn har valt ei noko spesiell framstillingsform. Han vekslar mellom omsett samanfatning og eigne – og ofte gode og innsiktsfulle – kommentarar. Men det er ikkje alltid like klårt kvar kjeldene talar, og kvar Tjønn tek over. Ein viss repetisjon kunne òg vore unngått med noko strammare redigering av boka.

Sjølv om boka nok kan verke tung for nokon, er ho likevel verd å lesa. For boka gjev innsikt, men kan hende meir i den arabiske tenkjemåten for om lag 1250 år sidan enn ho gjer i livet til profeten Muhammed endå hundre år før desse kjeldene vart nedskrivne. Og lenge før den idealiserte og mirakuløse Muhammed hadde vorte etablert som eit ideal for alle muslimar.

Lars Gule er fyrsteamanuensis og post doc. ved Senter for profesjonsstudiar, Høgskolen i Oslo.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake