Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Stor fare, stor uvisse

Av Per Anders Todal
,  13.05.11


Havet kan stige med 160 centimeter i dette hundreåret, seier professor Dorthe Dahl-Jensen, men vedgår at alle slike prognosar er høgst usikre.

Sist veke la Amap, forskingsprogrammet til Det arktiske rådet, fram ein ny rapport om klimaendringar i Arktis. Rapporten spår mellom 90 og 160 centimeter havstiging i dette hundreåret, det meste på grunn av avsmelting frå grønlandsisen og andre brear. Men det er ikkje nokon ny studie som ligg bak konklusjonen, seier professor Dorthe Dahl-Jensen som er ein av forfattarane. Ho forskar på is og klimaspørsmål ved Niels Bohr-instituttet i København.

– Det vi har gjort, er å oppsummere den forskingslitteraturen som no finst om oppvarminga av Arktis. Vi veit at isen på Grønland smeltar fortare, og at permafrosten og havisen minkar. Det som er nytt, er at vi no er sikrare på kor store og raske endringane er.

– Du var med på å lage Melting Snow and Ice, ein kort rapport som Jonas Gahr Støre og Al Gore la fram i København i 2009. Den fekk kritikk – også frå forskarar – for å vere misvisande. Er rapporten til Det arktiske rådet meir solid?
– Rapporten frå 2009 var ei svært kort oppsummering, og nokre av formuleringane var nok litt upresise. Men det grunnleggjande innhaldet var rett. Rapporten for Det arktiske rådet er mykje meir omfattande, sju hundre sider som oppsummerer solid, fagfellevurdert forsking.

– Mange hevdar at IPCC, Klimapanelet til FN, berre lagar skrekkscenario. Men rapporten til IPCC frå 2007 hadde varsame anslag for havstiging – 19 til 59 centimeter i dette hundreåret. IPCC tok ikkje med mogleg havstiging frå bresmelting fordi kunnskapen var så usikker. Kor mykje meir veit de no?
– Ein god del meir. IPCC-rapporten frå 2007 bygde på den forskinga som var publisert fram til 2005; no har vi fem år til med studiar å byggje på og veit langt meir om korleis smeltinga har akselerert. IPCC vil høgst truleg ta med havstiging frå issmelting i den neste rapporten sin.

– Var det ein tabbe av IPCC å ikkje ta med ein prognose for havstiginga som inkluderte slik smelting sist? Det er ikkje så tillitvekkjande når klimaforskarar spår alt frå 19 centimeter til 160 centimeter havstiging i dette hundreåret?
– Det kan så vere. Men uvissa er svært stor når det gjeld havstiginga. Det er nok sant at dei ulike tala bidreg til forvirring, men eg meiner det er rett å vere open om uvissa.

– Grønlandsisen er ein viktig variabel. Kvifor er det så vanskeleg å seie noko sikkert om korleis smeltinga på Grønland vil utvikle seg? Dette blir jo intenst forska på, med satellittmåling, boreprøver og på anna vis?
– Vi får stadig meir kunnskap om Grønland òg. Vi veit det er meir smelting i ytterkantane av grønlandsisen, og nokre av isstraumane mot sjøen har dobla farten sidan 2002, truleg fordi havet har blitt varmare. Men sidan det er uvisse om kor stor oppvarminga vil bli i Arktis, er det òg usikkert kor stor smeltinga vil bli frå Grønland.

– Ein optimistisk teori er at auka snøfall over innlandsisen på Grønland kan kompensere for auka smelting langs kysten, slik at havstiginga blir mindre?
– Dette er noko vi studerer. Og i somme område på Grønland har vi faktisk registrert auka snøfall dei siste åra, men det er ikkje nok til å kompensere for den auka smeltinga langs kysten.

– Sjølv om Arktis har blitt varmare dei siste tiåra, har havstiginga dei siste åra vore ganske stabil kring tre millimeter i året, som svarar til 30 centimeter på hundre år. Om grønlandsisen smeltar raskare no, kvifor stig ikkje havet fortare?
– Vi veit at smeltinga frå Grønland og andre brear har auka mykje dei siste åra. Men det meste av havstiginga til no har kome av at havvatnet har blitt varmare og difor utvida seg. No er vi i ein periode der den effekten har blitt svakare – og vi veit rett og slett ikkje kvifor. Men vi går ut frå at den effekten vil auke igjen, og at havstiginga da vil akselerere.

– Halvannan meter høgare havnivå vil vere dramatisk for kystområda i verda. Men for politikarar er det eit stort steg frå å konstatere truslane til å gjere noko med utsleppa av klimagassar.
– Ja, og for klimaforskarar er det svært frustrerande. Vi er overraska over at vi har så lite gjennomslag. Men vi må berre halde fram med å fortelje om det vi finn ut som best vi kan.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake