![]() |
|
|
Juss mellom makt, merksemd og kritikk Jørn Øyrehagen Sunde, 06.05.11 Den merksemda og kritikken som jussen må få på grunn av overføringa av politisk makt, må ikkje forsvinna inn i det svarte holet til maktmisbruksavsløringane, skriv Jørn Øyrehagen Sunde. Juss får stadig meir merksemd og ikkje minst kritikk. Det er difor ikkje tilfeldig at på ei og same tid vert justismord og juristetikk debattert i Dag og Tid, at spørsmålet om kva er rett, vert debattert i Morgenbladet, samstundes som Nytt Norsk Tidsskrift vier store delar av seinaste nummeret sitt til relasjonen mellom juss, politikk og menneskerettar. Årsaka er samsvaret mellom evna til å driva politikk og jurisdiksjon – det er ikkje mogleg effektivt å styra eit samfunn utan rett til å skapa og handheva rettsnormer. Og di fleire av rettsnormene som vert skapte av domstolane spesielt, og av den juridiske samfunnssfæren generelt, di meir er det juristar som styrer samfunnet. Den auka merksemda og kritikken som domstolane spesielt, og jussen generelt, vert til del, er difor naudsynt for å ha ein tilfredsstillande kontroll med denne delen av den politiske verksemda. Avdemokratisering Jamvel om juryordninga skulle verta avskaffa med hundre gonger meir oppstyr enn eg spår, vil det likevel ikkje koma i nærleiken til omfanget av debatten rundt ordninga før ho vart innførd. Juryordninga var nemleg mellom 1814 og 1887 ikkje berre eit spørsmål om utforminga av straffeprosessen, men ein del av fundamentet som vart støypt for det norske demokratiet, saman med innføringa av parlamentarismen i 1884 og allmenn stemmerett for menn i 1898 og kvinner i 1913. Det er grunn til å spekulera om det manglande engasjementet for juryordninga i dag kjem av at demokratiet er så etablert og omfattande at juryordninga ikkje lenger har ei rolle å spela for det. Eg vil derimot hevda at det er det motsette som er tilfellet: at det i dag går føre seg ei innskrenking av demokratiet som gjer avskaffinga av juryordninga heilt naturleg. Makta til Domstolane For det fyrste fordi det er domstolane i Strasbourg og i Luxembourg som er sjølve motoren i utviklinga av både dei europeiske menneskerettane og EU-retten gjennom ekspansiv tolking av rettsnormene dei er sette til å forvalta. For det andre fordi desse domstolane er sekundære. Det tyder at det er føresett at nasjonale domstolar skal avseia avgjerder slik desse to internasjonale domstolane ville ha gjort, og berre når denne føresetnaden sviktar, skal dei internasjonale domstolane sjølve i aksjon. Vidare er det i realiteten domstolane i Strasbourg og i Luxembourg sjølve som set grensene for eigen jurisdiksjon og dermed grensene for når nasjonale domstolar er ubundne av nasjonal politikk. Som ein systemkonsekvens har Stortinget med EØS-avtalen og menneskerettslova i realiteten pålagt norske domstolar å skapa ein stadig større del av rettsnormene gjennom ei dynamisk tolking av EU-retten og menneskerettane. Denne utviklinga var eit tema alt for maktutgreiinga frå 2003. Og etter det har ho eskalert. Nederlaga til den norske staten i reiarlagsskattesaka og i saka om Opplysningsvesenets fond i 2010 må sjåast i lys av nettopp denne overføringa av politisk makt til domstolane spesielt, og den juridiske samfunnssfæren generelt, i 1990-åra. Debatt ved vegskilje Ikkje særleg originalt går slike debattar gjerne føre seg i samband med store endringar i jussen. Debatten mellom Seip og Andenæs markerte til dømes overgangen til den mest passive og demokratibundne Høgsterett ein har hatt i norsk rettshistorie. Den no pågåande debatten fell altså saman med overgangen til ein langt meir aktivistisk og demokratiubunden Høgsterett. Men dei pågåande debattane er vonleg noko langt meir enn markørar ved eitt av dei mange vegskilja opp gjennom rettshistoria. For med ei overføring av makt frå storting til domstolane spesielt, og til den juridiske samfunnssfæren generelt, må det òg skje ei overføring av merksemd og kritikk for å ha tilfredsstillande kontroll med maktutøvinga. Samstundes er det slik at til dømes dei pågåande debattane i Dag og Tid dei seinaste månadene viser fram to sentrale utfordringar med den merksemda og kritikken som jussen no må få. Maktmisbruksavsløringsmisbruk Om samfunnet verkeleg vert tryggare og meir rettvist om ein offentleg avslører seksual-, betalings- eller trafikkmoralen til politikarar, prestar, dommarar etc., skal ikkje diskuterast her. Poenget er at den merksemda og kritikken som jussen må få på grunn av overføringa av politisk makt, ikkje må forsvinna inn i det svarte holet til maktmisbruksavsløringane. Faren er stor. For juss er framleis jomfrueleg mark for maktmisbruksavslørarar. I 2008 var det til dømes kravd at det skulle reisast riksrettssak mot høgsterettsdommarane som avviste nyhandsaming av éi av dei to drapssakene mot justismordofferet Fritz Moen. I namnet til maktmisbruksavsløringane ville ein altså føra politisk rettssak mot dei fremste medlemene av den uavhengige dommarstanden, noko som elles berre skjer i bananrepublikkar og ikkje i rettsstatar. Med andre ord ville ein ofra ein grunnverdi i rettsstaten for ein ny overdose maktmisbruksavsløring i det offentlege rommet. Manglande felles forståing og språk Til dømes kan den frie bevisvurderinga som vert nytta i norsk straffeprosess, og som vart innførd samstundes med juryordninga i 1887, stå fram som vilkårleg for utanforståande. Og det er all grunn til å utvikla bevislæra i norsk straffeprosess for å sikra ei best mogleg bevisvurdering. Men samstundes må ein ha i minne at det er nettopp den frie bevisvurderinga som gjorde det mogleg reelt å straffeforfølgja brotsverk som seksuelt misbruk av barn, valdtekt og andre tilsvarande handlingar, fordi dei gamle legalbevisa (tilståing, to fullgode vitne, dokument) nesten aldri finst i slike saker. Difor er bevisvurderinga fri i alle rettsstatar. Men problemet er like stort på den andre sida. Juss er altså ein teknisk disiplin, og han har ein eigen metode og ein eigen terminologi utvikla over åtte hundre år. Jussutdanninga handlar mindre om å læra normer, for dei endrar seg jamt, og meir om å læra den juridiske metoden og terminologien. Det er dette som set juristar i stand til effektivt å oppdatera seg ved normendring og til å kommunisera effektivt med kvarandre. Men det er samstundes eit hinder når ein skal kommunisera med ikkje-juristar. Når juss og juristar vert kritiserte, vil kritikken sjeldan følgja logikken til juristar og difor lett stå fram som skivebom for medlemene av standen. Å kritisera ein dom fordi retten ikkje har teke omsyn til bevis lagde fram under rettssaka, vil for ein jurist lett stå fram som meiningslaust fordi det er så mykje ulikt som vert hevda under ei rettssak, og det er nesten umogleg for nokon som ikkje var til stades, å avgjera kva som der og då hadde truverde. Samstundes er ingen dom uavhengig av det som vart hevda under rettssaka, og slike innvendingar kan ikkje avvisast i seg sjølve, men gjennom ei forklaring av den juridiske bevislæra. Den maktoverføringa som skjer frå den politiske til den juridiske samfunnssfæren, fordrar at juristar må verta tospråklege på ein heilt annan måte enn før – dei må læra å kommunisera like effektivt med omverda som med kvarandre. Meir av alt I dag har bindinga til menneskerettsdomstolen i Strasbourg og til EU- og EFTA-domstolane i Luxembourg gjort at domstolane spesielt, og dermed den juridiske samfunnssfæren generelt, ved inngangen til 2000-talet får tilbake mykje av den makta dei mista hundre år før. Lite medvite, men heilt naturleg, har dei dermed fått meir merksemd og kritikk. Denne merksemda og kritikken samsvarar enno ikkje på langt nær med den politiske makta domstolane spesielt, og den juridiske samfunnssfæren generelt, no har fått tildelt. Men like viktig som at mengda merksemd og kritikk aukar, er det at dei ikkje vert fanga inn i maktmisbruksavsløringsspiralen, og at det vert utvikla felles forståing og språk som gjer at juristar og ikkje-juristar kommuniserer om det same, om dei enn ikkje vert samde. Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og forfattar av Høgsteretts historie 1965–2015. |
![]() |
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|