Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Staten knuser dei private

Av Jon Hustad
,  08.04.11


Det norske staten eig over ein tredjedel av aksjane som er noterte på Oslo Børs, og gjer det langt betre enn private eigarar.

Om vi ser bort frå makt, etikk, moral og slike grunnleggjande spørsmål som om staten er god eller vond: Kva skal til for at det er ein føremon for oss alle om staten eig og driv kommersiell verksemd i Noreg? Vi kan tenkja oss tre kriterium:

1) Det staten eig, må minst ha like høg avkastning som det private eig. Har verksemdene til staten dårlegare avkastning, vert Noreg som samfunn relativt sett fattigare. Har dei derimot høgre avkastning, vert Noreg samla sett rikare, og dessutan får skattebetalarane lægre skatt grunna høgre kapitalutbyte som går inn i statskassa.

2) Dei verksemdene som staten eig, må ha like høg innovasjonstakt og produktivitetsvekst som dei private verksemdene. Det er rett nok vanskeleg å mæla, men det er ofte eit samsvar mellom verdistiging og produktivitet. Låg innovasjonstakt gjer Noreg relativt sett fattigare enn andre land.

3) Statsåtte selskap må ha same råmevilkår som dei privatåtte, ikkje dårlegare, og ikkje betre. Får dei betre vilkår, reduserer det konkurransen sidan betre vilkår reelt sett er det same som å subsidiera statleg verksemd gjennom å taka verdiar frå private verksemder. Får derimot statlege verksemder dårlegare vilkår, aukar dette faren for konkurs, som på si side kan føra til at skattebetalarane må subsidiera desse verksemdene over skatte­setelen. Ulike vilkår fører generelt sett til det økonomar kallar feilallokering av ressursar, eller meir direkte: Sparepengane til folk vert bruka feil.

Nummer tretten
Førre veke la næringsminister Trond Giske fram stortingsmelding nr. 13 (2011): «Aktiv eigarskap – norsk statleg eigarskap i ein global økonomi», heretter kalla eigarskapsmeldinga. Der ser Næringsdepartementet på korleis det har gått med verdiskapinga sidan førre melding, som kom for vel fire år sidan. Oljefondet er her halde utanfor; meldinga tek føre seg norske verksemder som staten eig ein strategisk og styrande del av. Og lat det vera sagt med éin gong: Ideologiske liberalistar finn truleg lite å gleda seg over i denne meldinga. Staten som eigar har tilsynelatande gjort det svært godt.

Tala er i alle høve enorme: Ved utgangen av 2010 hadde staten verksemder verde om lag 600 milliardar kroner, 500 av desse var noterte på Oslo Børs. Det finst ikkje gode tal på kor mykje norsk næringsliv samla sett er verdt, men eit overslag frå 2003 kom til 2700 milliardar. Av dette var 33 prosent på hendene til staten, 27 prosent på private norske hender, medan utlendingar åtte 28 prosent. Resten var stiftingar og samvirke. Tre fjerdedelar av denne eigarskapen var ikkje børsnotert. I dei moderne industrilanda er den norske staten tvillaust den største eigaren av nasjonalt næringsliv. Gjennom Oljefondet er vi òg den største eigaren på europeiske børsar, men det er ikkje eit tema her.

Historisk sett har ikkje statleg eigarskap vore ein stor suksess i Noreg. I etterkrigstida var staten ein nær einerådande investor og satsa særleg mykje på jarnverk, som var ein fiasko, det same galdt investeringane i shipping og skipsverft utetter i 1970-åra. Men frå 1980-åra av fekk vi ei omleggjing: Staten skulle i praksis driva på same vis som det private næringslivet, og subsidiering av kommersiell statleg verksemd vart avvikla. Ser vi isolert på verdiskaping, har denne omleggjinga vore ein suksess, særleg i perioden som denne meldinga tek føre seg.

Alt anna enn SAS
Så tala: Dei åtte største børs­noterte selskapa som staten eig delar i, er desse: Cermaq ASA, som gav ei nettoavkastning (det er verdistiging pluss utbyte) på 1,8 milliardar kroner frå 2005 og ut 2010, DNB NOR, som hadde ei avkastning på knapt 20 milliardar, Kongsberggruppen med 6,5 milliardar, Statoil med 113 milliardar, Telenor med 35 milliardar og Yara 27 milliardar. Verdien av Norsk Hydro fall på si side med 41 milliardar, men det er av di store delar av gamle Hydro har vorte overførde til Yara og Statoil.

Éi statleg investering skil seg ut som katastrofal, den i SAS. Staten har der tapt 2,4 milliardar i denne perioden. Ikkje nok med det: Regjeringa har òg gjeve SAS 1,3 milliardar i ekstra eigenkapital og forplikta seg på andre måtar, som igjen truleg vil føra til endå større tap i framtida. SAS har i dag ein langt mindre samla verdi enn det den norske staten har investert i selskapet. Så har det då heller aldri vore særleg lønsamt å investera i flyselskap. Som den fremste investoren i verda, Warren Buffet, ein gong sa det: «Om nokon av dei som såg Kitty Hawk (flyet til Wright-brørne, red.merk.) taka av, hadde skote ned skiten, ville dei ha spart investorar for over hundre år med smerte.»

Oppsummert: 1. januar 2006 var desse åtte selskapa verde knapt 430 milliardar kroner, så kom finanskrisa i 2008, men 31.12.2010 hadde dei gjennom utbyte og verdistiging likevel gjeve eit ekstra nettotilskot på 160 milliardar til statskassa og var langt meir verde på børsen. Samla verdistiging per år var på 6,5 prosent for dei selskapa staten eig delar av, medan den samla verdistiginga på børsen var på 5,7 prosent. Men sidan staten eig ein så relativt stor del av aksjane på børsen, er skilnaden i verdistiging mellom dei private investorane og staten endå høgre enn desse tala viser. Denne generelle verdistiginga vert med andre ord høgre av di staten åleine har gjort det så mykje betre enn dei private investorane.

Dobla verdiane
Endå betre vert det om vi ser på dei ikkje-børsnoterte verksemdene som staten eig, slike som Statkraft, Store Norske Spitsbergen Kulkompani, Posten og Entra. Dei var verde 60 milliardar 1. januar 2006, fire og eit halvt år seinare hadde dei nær dobla seg, og den årlege avkastninga har vore på 13,9 prosent, som er langt, langt betre enn så godt som alle private investorar. Ein mann som Stein Erik Hagen har til dømes tapt store pengar i den same perioden på investering­ane sine i Orkla.

Det kan vera fleire grunnar til at staten gjer det så bra. Staten har mellom anna råd til å vera langsiktig i ei tid merkt av kortsiktige investorar og passive småeigarar. Han har òg råd til å vera med på kapitalutvidingar. Staten i seg sjølv betaler ikkje skatt, og så bortetter.

Men tala i eigarskapsmeldinga er likevel klåre: Staten som eigar gjer det betre enn eit samla privat næringsliv og kjem truleg med eit positivt tilskot til norsk verdiskaping. Heilt sikre kan vi sjølvsagt ikkje vera, og sidan fleire av dei statlege selskapa er så dominerande i si nisje, hadde det kanskje vore meir rett å jamføra dei norske statlege selskapa med internasjonale selskap i same marknad, men nokon gode tal for dette har ikkje meldinga.

Det vi derimot veit, er at Oslo Børs har gjort det betre enn eit gjennomsnitt av internasjonale børsar i denne perioden. Men også her kan vi problematisera: Noreg kom greitt gjennom finanskrisa i 2008, mykje takka vere at staten hadde råd til å driva motkonjunkturpolitikk, men dette reiser spørsmål om det økonomar på engelsk kallar moral hazard: Når staten eig så mykje, og samstundes er så rik, vert det då ikkje freistande for den same staten å berga norsk næringsliv gjennom å nytta svært mykje pengar over statsbudsjettet? Meir peng­­ar enn det som er lurt på sikt? Nokon gode svar på dette spørsmålet finst neppe og vil i alle høve vera merkte av ideologisk ståstad.

Annleis for oljefondet
Kva med innovasjonstakta? Som nemnt, det beste målet på slikt er truleg avkastning, og den har vore god. Utover dette gjev ikkje meldinga konkrete svar på spørsmålet, men diskuterer problemstillinga på prinsipielt og ab­­strakt nivå. Konklusjonen ser ut til å vera at aktive og store eigarar gjer det lettare å gjennomføra teknologiendringar og å auka produktiviteten.

Men ved å seia dette opnar regjeringa opp for kritikk av Oljefondet, som både er ein lite aktiv eigar og har forbod mot å ha dominerande postar i internasjonale selskap. Det som er bra i Noreg, er altså ikkje bra i utlandet, om ein skal tru Trond Giske og Næringsdepartementet.

Har så statlege eller delstatlege selskap i Noreg betre konkurransevilkår enn private? Næringsdepartementet seier sjølvsagt nei og legg sterk vekt på å skilja mellom staten som eigar og staten som lovgjevar og regulator. I ein internasjonal samanheng er Noreg eit ukorrupt land med eit lovlydig byråkrati, men det vil likevel vera underleg om ikkje staten som lovgjevar og byråkrat frå tid til anna gav staten som eigar føremoner som han ikkje ville ha gjeve til andre. Både i byråkrati og i politikk er det framleis rom for skjøn.

Spørsmålet er likevel om dette er eit særleg stort problem, særleg sett i ljos av at skjøns­området no er mykje mindre enn før; EØS-avtalen, som legg ned forbod mot konkurransevridande tiltak, kjem i vegen. Noreg har sidan vi vart medlem, stort sett alltid vore best i klassa når det gjeld å tilpassa lovverket til EU-direktiv og har knapt hatt saker oppe for ESA-domstolen.

Oppsummert: Protestar mot statleg eigarskap kan altså ikkje seiast å vera forankra i tung empiri; ei kritisk innstilling handlar nok meir om ideologisk ståstad og ein otte for den sterke staten.

Ein slags konklusjon
At staten gjer det så bra, kan rett nok ha ei forklåring som ikkje vert nemnd i meldinga, nemleg ein såkalla sein start. Verksemdene som staten no driv kommersielt eller som har vorte delprivatiserte, var før ofte monopol eller dreiv på ikkje-kommersielle vilkår, eller dei forvalta grunnrenta. Det kan vera at selskap som Telenor, Statoil og Statkraft før dei vart kommersialiserte eller delprivatiserte, hadde ei unaturleg låg verdisetjing, og at det tok lang tid for marknadene å oppdaga kor mykje desse selskapa kasta av seg.

I alle høve finst det ikkje noko fasitsvar på desse spørsmåla. Det einaste vi kan seia sikkert, er at norsk næringsliv jamt over driv svært godt, det vere seg i statleg eller privat regi. Det er difor vi er eitt av dei rikaste landa i verda.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake