Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Om kulturvandalismen i Stavanger
Arild Rein,  25.03.11

Fleire titusen bøker i magasinet til Stavanger bibliotek skal kasserast for å gje plass til nye kinosalar på Sølvberget.

Fredag 18. februar var eg på Stavanger bibliotek på jakt etter bøker av den danske forfattaren Hans-Jørgen Nielsen. I etterordet til Bjørn Aamodts Samlede dikt (2007) skriv Kjartan Fløgstad om Hans-Jørgen Nielsens påverknad på Bjørn Aamodts dikting – og heile den norske 60- og 70-talsdiktinga. Eg blei nysgjerrig, fann fram Nielsens bok Fotballengelen frå bokhylla mi og gjekk altså til biblioteket på jakt etter andre bøker av Nielsen.

Det viste seg at biblioteket berre hadde essaysamlinga Den fraktale boogie (1991), forutan Fotballengelen. Den fraktale boogie stod ikkje i hyllene, men var lagra i magasinet. Ein hjelpsam bibliotekar gjekk ned i magasinet og henta boka for meg. Då han leverte boka til meg, sa han: «Ja, du veit det kjem til å skje store endringar med magasinet?» «Nei!?» «Talet på titlar i magasinet kjem til å bli halvert. Som du veit, treng kinoen større plass, og det kjem til å gå utover magasinet.» Halvering av talet på bøker i magasinet! Eg blei så paff at eg gløymde lånekortet mitt i utlåns­maskinen.
Eg kontakta fleire flittige brukarar av biblioteket. Ingen hadde høyrt om dei dramatiske endringane med tanke på magasinet. Eg bestemte meg for å undersøkje saka.

Om bokstammen på Stavanger bibliotek
Stavanger bibliotek har ein bokstamme på 730.000–830.000 band, 6–700.000 band står ute i hyllene, og ca. 130.000 band i magasinet. Som følgje av SF Kinos arealutviding og bygging av tre nye kinosalar er forslaget frå biblioteket at 65.000 av dei 130.000 banda i magasinet skal bort. Av dei 65.000 banda som skal ut av Sølvberget, blir om lag halvparten, 30–35.000 band, sende til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Resten skal auksjonerast bort, seljast eller makulerast.

Stavanger bibliotek blir tvinga til å redusere talet på titlar i magasinet ut frå plassomsyn. Halveringa av talet på titlar i magasinet kjem altså ikkje av at biblioteket sjølv «reinskar» eller «nappar» i samlinga si, men av SF Kinos ekspandering. Og som alle som har drive med ryddesjau i eigen bustad, veit: Har du først bore ting ut av huset ditt, gitt dei til venner eller Fretex, selt eller kasta dei på søppelfyllinga, kjem desse tinga aldri inn i huset igjen. Avgjerda om å fjerna tinga vi ikkje vil ha, ikkje har bruk for, ikkje har plass til, er irreversibel.

Stavanger bibliotek har altså teke ei avgjerd om å halvera magasinet sitt frå 130.000 band til 65.000. Men går ein til planteikningane for bygginga av dei nye kinosalane, ser ein at arealet bibliotekmagasinet sit att med, er forsvinnande lite. Ikkje nok med det, arealet magasinet sit att med, er delt i tre kakestykke og spreidd over heile U2 (underetasje 2), noko som må vere svært lite funksjonelt for eit magasin. Då eg snakka med bibliotek- og kulturhussjef Marit Egaas på Sølvberget, var ho ikkje eingong sikker på om det eine av desse tre kakestykka var eigna til å lagre bøker. Mitt spørsmål blir då: Om dei to–tre romma i U2 ikkje er store nok til å huse den tenkte samlinga på 65.000 band, er det då slik at fleire av desse banda også blir sende til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana, eventuelt auksjonerte bort, selde eller kasta på fyllinga?

Biblioteka kallar boksamlingane sine for bokstammar. Eg vil kalle eit magasin i eit bibliotek for bokstammens røter. Utan røter døyr eit tre. Utan eldre bøker, sjeldne bøker, utan bøker vi ikkje finn andre stader enn på biblioteket, blir vi historielause og utan minne. I mi verd er eit bibliotek utan eit magasin ikkje noko bibliotek, berre (endå ein) ferskvarebutikk som pushar ferskvarer.

Om SF Kino og Sølvberget
I kampen om Sølvberget, om Sølvbergets sjel, har SF Kino vunne – og alle dei andre involverte partane tapt: Norsk Barnemuseum må flytte, Stavanger Bibliotek må gi frå seg areal og minst halve magasinsamlinga si, Galleri Sølvberget er vengeklipt og går mot ein langsam død, Kapittel, som lenge har ytra ønske om eigne lokale til litteraturfestivalen sin, har ikkje blitt høyrd. SF Kino har selt inn sin popcorn-og-kiosk-, øl-og-vin-filosofi til politikarane, og dei har fått fullt gjennomslag. Vedtaket om nytt kinosenter på Sølvberget blei banka gjennom i Stavanger formannskap 3. juni 2010. Innstillinga kom frå Høgre og blei samrøystes vedteken.

SF-Kino har pr. i dag åtte kinosalar med til saman 1076 sete. Etter ombygging og tre nye salar vil SF Kino disponere ca. 1400 sete, ein auke på om lag 300. Pr. dags dato står kinosalane i stor grad tomme fram til klokka 17. Grovt sagt har SF Kino kapasitetsproblem berre to dagar i veka, fredags- og søndagskveld, så dei tre nye kinoane synest å bli laga for å ta av for det trykket.

Ei av dei viktigaste sakene SF Kino køyrer på Sølvberget no – etter å ha kome i førarsetet og blitt premissleverandør for kva slags hus kulturhuset Sølvberget skal vere – er å få total kontroll og monopol over kiosksalet på huset, og då må Narvesen ut. Kiosksalet er ein svært lukrativ business for SF Kino. Men kinoen startar jo ikkje før klokka 17, så kvifor skal alt kiosksalet på Sølvberget vera i SF Kinos regi? Kan ikkje Stavanger bibliotek, Galleri Sølvberget eller Kapittel stå for salet (og dermed inntektene) før klokka 17? Dei hadde heilt sikkert hatt bruk for dei.

9. februar 2011 banka Formannskapet gjennom forslaget om vin- og ølservering i to av SF Kinos salar: Vip-salen og luksussalen. No fekk endeleg vaksne folk lov til å ta seg ein øl eller eit glas vin på kino, og ikkje berre etter kino.

Om politikarane og Sølvberget KF
3. juni 2010 blei altså forslaget om nytt kinosenter på Sølvberget banka samrøystes gjennom i Stavanger formannskap. Saka om nytt kinosenter i Stav­anger har blitt fremja to gonger før i formannskapet, 11. juni 2009 og 11. mars 2010. I formannskapssak 3145/09 gjorde formannskapet følgjande samrøystes vedtak: «I det videre arbeidet vurderes de eventuelle konsekvenser [mi uth.] for andre funksjoner i Sølvberget.»

I saksprotokollutskriftet frå formannskapsmøtet 3. juni 2010 blir det vist til innstillinga frå styret for Sølvberget KF om ombygging av Sølvberget. Innstillinga frå styret for Sølvberget KF er protokollførd som: «Bibliotekets magasin og lager må ikke få redusert kapasitet» (s. 3, mi uth.).

Brevet frå styret i Sølvberget KF viser i klartekst at styret ikkje ville at magasinet til biblioteket skulle få redusert kapasitet, og likevel er det jo nett det som er i ferd med å skje. Kva har skjedd? Kvifor har ikkje styret i Sølvberget KF blitt høyrt? Kanskje, om vi les litt vidare i brevet frå styret i Sølvberget KF til rådmannen, datert 5. februar 2010, kan vi finne ut kor hunden ligg gravlagd:

«Styret for Sølvberget har tidligere ytret ønske om delt kino mellom Sølvberget og et nybygg i Stavanger øst blir reist i den videre diskusjonen. Dette alternativet er nå skrinlagt, og det foreligger to alternativ: Enten flytter kinoen helt ut av Sølvberget, eller det legges til rette for en utvidelse. På dette grunnlag stiller styret for Sølvberget KF seg bak anbefalingen om å innpasse nye kinosaler i kulturhuset (s. 1, mi uth.). Det er som i eventyret: Er først ulven invitert inn, er det vanskeleg å frede lammet. At Sølvberget KF «frivillig» har invitert SF Kinos utvidingsplanar inn i Sølvberget og underkasta seg SF Kinos ønske og lyster i denne saka, er openbert.

I vurderinga til rådmannen av dei to kinoalternativa – Sølvberget kontra Nytorget – nemner han ikkje bokmagasinet med eitt einaste ord. Det er som om bokmagasinet ikkje er rekna med i det heile teke når han set opp sitt pro–contra Sølvberget–Nytorget-skjema. Kvifor?

Om Stavanger bibliotek
Eg er ein fanatisk bibliotektilhengjar. Eg har vore ein (ekstremt) flittig bibliotekbrukar i fire tiår og kan vanskeleg sjå for meg at eg hadde blitt forfattar utan Stav­anger bibliotek (i så tilfelle hadde eg blitt ein heilt annan forfattar). Alle forfattarar er først og fremst lesarar.

Biblioteket er ein unik arena for kunnskapstileigning. Her finst bøker, tidskrift, aviser, film og musikk tilgjengeleg – heilt gratis. Her kan du gå på oppdagingsreise heilt på eiga hand. Her kan du finne bøker, film og musikk du aldri hadde funne fram til utan biblioteket. Her kan du fordjupe deg i historie og øve deg sjølv opp til kritisk tenking. Her kan du finne ro, glede og underhaldning i eit miljø med totalt fråvære av kommersielle aktørar. Biblio­teket er ein oase, ein fristad der den enkelte brukar kan, for ei stakka stund, fri seg frå kvardagslivets nevrotiske og disi­plinerande press og vere seg sjølv.

Stavanger bibliotek er Stavangers viktigaste kulturelle arena. Dei andre kulturinstitusjonane i Stavanger når ikkje biblio­teket til skinnleggen i innverknad og påverknadskraft. (Tenk på barnebiblioteket!) Kvifor er dette så underkommunisert i media? Er ikkje biblioteket høgkulturelt nok for kulturjournalistane å skrive om? På meg verkar det som om kultur­journalistane sit og vaglar i dei flotte medie­husa sine og berre ventar på nye akkrediteringskort til den neste (kultur)festivalen.

Er det sånn at biblioteket berre er der, like naturleg og kvardagsleg som vinden, regnet og dei skiftande årstidene, og difor ikkje er verdt å skrive om? Saka om øydelegginga av bokmagasinet i Sølvberget viser at det ikkje er tilfellet.

Stavanger bibliotek er ikkje berre Stav­angers viktigaste kulturelle arena med brei folkeleg tilslutting, det er også sjølve hjartet i Stavanger sentrum. Går det an å tenkje seg eit Stavanger sentrum utan biblioteket på Sølvberget?

Førsteamanuensis ved Markedshøyskolen i Oslo Erling Dokk Holm har ein interessant kronikk i Dagens Næringsliv 19. februar 2011, med overskrifta «Biblioteket bygger byen». Hovudtesen hans er: «Alle som driver med by- og tettstedsutvikling i våre dager, bør se på hvilket potensial biblioteket representerer. Det er en type institusjon som peker langt utover seg selv.» Holm skriv vidare at folkebiblio­teket er ein underkommunisert suksess, at det positive bidraget det gir til det norske samfunnet, er lite forstått, og at folkebiblioteket (og fag- og forskingsbiblioteka) blir mykje brukte fordi dei er unike og tilbyr noko ingen andre tilbyr. Han konkluderer: «Et godt bibliotek er både en generator for urban vekst og stedsutvikling, et tempel for dannelse og kontemplasjon, og en lavmælt manifestasjon av hvor sofistikert offentlig sektor kan være. Det fins ingen ting som er så fremtidsrettet og som bak sin fasade – av gamle idealer – tilbyr en så samfunnsbyggende kraft.»

Om kulturvandalismen på Sølvberget
Ordet bibliotek kjem frå gresk biblion – som tyder ‘bok’ – og theke – som tyder ‘lager’ eller ‘gøymestad’. Eit bibliotek er altså i si opphavlege tyding eit boklager eller ein bokgøymestad. Og kva er ikkje magasinet på Sølvberget om ikkje nettopp det – eit boklager, ein bokgøymestad – der bøker som elles hadde forsvunne, blir lagra og tekne vare på både for oss nolevande og for komande generasjonar? Ved å rasera bokmagasinet bryt ikkje berre Stavanger bibliotek med den bokstavlege tydinga av ordet bibliotek, men òg med bibliotekets ånd – som forvaltarar og bevararar av vår felles kulturarv.

Spørsmålet mitt blir: Skal forfattarar, filmfolk, musikarar, biletkunstnarar, lokalhistorikarar, lektorar og universitetsfolk – og alle andre som er glade i Stav­anger bibliotek – berre sitje og sjå på at politikarar, SF Kino, Sølvberget KF og Stav­­anger bibliotek vandaliserer og raserer biblioteket vårt?

1. november 2011 begynner ombygginga av dei tre kinosalane på Sølvberget. Arbeidet vil ta minst eitt år, og «det virker sannsynlig at Sølvberget må stenges i lange perioder» (brev frå Sølvberget KF til rådmannen 5. februar 2010) på grunn av ombyggingsarbeidet (elektroniske og ventilasjonsmessige endringar, støy og støv og uhaldbare arbeidsforhold). Betonggolvet mellom U1 og U2 skal bort. Alle veit at betongstøv og bøker er ein særs dårleg kombinasjon.

Mens Sølvberget sannsynlegvis må stengje i lange periodar under bygginga av dei nye kinoane, står Sølvbergets Napoleon, SF Kinos direktør, fram i Rogalands Avis 25. februar 2011 og proklamerer: «Stenger ikke kinoen». Og vidare: «For å få en forsvarlig drift av kinoen i denne perioden må all ombygging skje om morgenen med tanke på larm. Arbeidet skal være ferdig til den ordinære kinoåpningstiden klokken 16.30.» Sitat slutt. Her høyrer vi talen til ein suveren. Her høyrer vi den rå, sjølvsagde og heilt ubevisste talen til makta. På Sølvberget er det ingen andre enn SF Kino – den einaste store kommersielle aktøren på huset – som bestemmer og set premissane. Det kinodirektøren eigentleg seier til Rogaland Avis, er: «La alle dei andre som jobbar på Sølvberget, ver så god jobbe i skiten og støyen og betongstøvet, men frå klokka 16.30 skal stilla og betongstøvet senke seg, for då opnar kinoen.»

Kor lenge SF Kino blir på Sølvberget, er det ingen som veit. Om tjue år er det ikkje sikkert kinoen eksisterer slik vi kjenner han i dag. Kva då? Vandaliseringa av biblio­teket har alt skjedd, og kva skal alle dei tomme kinosalane brukast til?

Om kulturhovudstaden
I 2008 kunne Stavanger smykke seg med tittelen «europeisk kulturhovudstad». Alt i 2005 lanserte kunstnaren Trond Hugo Haugen prosjektet (og slagordet) Ka då ittepå?, der han ønskte å setje søkjelyset på etterbruken – undersøkje kva som kom til å skje på kulturfeltet i Stavanger etter 2008 – og fram til 2018. No, tre år etter at Stavanger var europeisk kulturhovudstad, veit vi svaret alt: Kulturvandalisme er den nye vinen.

I 2011 bestemte politikarane i Stav­anger at Sølvberget KF måtte spare 3,4 millionar kroner (noko som har sett ulike grupper på huset opp mot kvarandre og skapt eit dårlegare arbeidsforhold og eit dårlegare kulturhus, jf. Galleri Sølvberget-saka). I september 2012 opnar det nye konserthuset i Stavanger. Prislapp: 1265 millionar kroner. Berre opningsfesten med pomp og prakt, og høg kulturfiff- og kjendisfaktor, er rekna til 19 millionar. Då er det berre ei avsluttande helsing igjen: Stavanger – europeisk kulturhovudstad i 2008 – gratulerer.

Arild Rein er forfattar.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake