Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Kjernefysisk lagnadstime

Av Arvid Bryne
,  18.03.11


Dei siste ti åra har det vorte tala om ein «kjernefysisk renessanse». No tagnar det snakket. Eksplosjonane i Fukushima-kraftverket har mobilisert motstandarar av kjernekraft frå Sverige til Sør-Afrika.

Japansk fjernsyn har sendt bileta av katastrofen inn i heimane våre. Kvar morgon når me har slått på radio og fjernsyn, har me fått vita at stoda var alvorlegare enn ho var kvelden før. Redsla for kjernefysiske utslepp har kome på toppen av dei domedagsaktige reportasjane om liding­­ane til japanarane etter jordskjelvet og tsunamien.

På avstand såg me at eksplosjonen i Fukushima blåste taket av reaktorbygningen og sende ei sky av tjukk, kvit røyk opp i lufta. Då røyken løyste seg opp, var berre tre av det som augneblinken før hadde vore fire reaktorbygningar synlege.

Hendingane i Japan har alt fått store konsekvensar for framtida til atomkraftverk, kvar i verda dei måtte liggja. I Sveits har styresmaktene lagt alle planar om utbygging eller nyetableringar på is. I Tyskland har Angela Merkel utsett avgjerda om å forlengja levetida til sytten kjernefysiske anlegg med tolv år, og opposisjonen har fått ny og kraftig vind i segla i kampen mot å byggja nye anlegg. Så seint som i 2008 sa Merkel at avgjerda om å stengja anlegga var «fullstendig feil». I mest alle land har diskusjonar om klokskapen i investeringar i ei kjernefysisk framtid fått nytt innhald.

Tsjernobyl
Den 26. i neste månad er det eit kvart hundreår sidan Tsjernobyl. Den gongen blåste òg taket av ein av reaktorane ved dette store atomkraftverket ti mil nord for Kiev i det som den gong­­en var Sovjetunionen. Taket vog 500 tonn. Til skilnad frå det som skjer i Japan, vart det den gongen sleppt ut enorme mengder radioaktivt materiale, særleg radioaktivt jod og cesium, i atmosfæren. Det radioaktive utsleppet var fire hundre gonger større enn det frå dei to atombombene i Nagasaki og Hiroshima i 1945 til saman. Skadeverknadene frå Tsjernobyl vil merkast i mange år enno. Tsjernobyl-katastrofen kan på sikt føra til kring 9000 dødsfall i Ukraina, Russland og Kviterussland, opplyste FNs spesialforum for Tsjernobyl. Andre studiar har kome til langt høgare tal: Greenpeace meiner til dømes at ulukka kan koma til å kosta heile 90.000 menneskeliv.

Øydeleggjande
For atomkraftverkindustrien var Tsjernobyl øydeleggjande. Han kom berre sju år etter den delvise nedsmeltinga av reaktoren i Three Mile Island-kjernekraftverket ved Harrisburg i Pennsylvania og førde til at det vart slått full stopp i bygging av nye anlegg. Ein ny organisasjon, World Association of Nuclear Operators, vart etablert. Den skulle verka som gjensidige kontrollorgan og utarbeida tryggingsføresegner. USA, saman med land i Vest-Europa, brukte hundretals millionar dollar på å betra tilhøva på dei mange kjernekraftverka av same type som Tsjernobyl i Sovjetunionen. Det vart bråstopp i bygging av nye anlegg.

Men som åra gjekk, minska otten for at katastrofen skulle skje på nytt. Teknologien vart betre og sikrare. Krava kom om auka kraftproduksjon, samstundes som fossile brennstoff auka i pris.

Miljøaktivistar
I fleire land tenkte miljøaktivistar på nytt og kom til at atomkraft når alt kom til alt, var betre for miljøet enn kraft basert på fossilt brennstoff og CO2-utslepp. Tolmodet var minst i land som Kina, India og Sør-Korea, der den økonomiske utviklinga er av­­heng­ig av tilgang på kraft. Eit skifte i synet på atomkraft rundt inngang­­en til det nye tusenåret gjorde at ein i vår del av verda då byrja tala om «kjernefysisk renessanse».

Finland var fyrst ute. Som fyrste land i Vest-Europa etter 1986 tinga landet eit stort kjernekraft­verk, Olkiluoto 3, som ligg på øya med same namn i Eurajoki i Vest-Finland. Her ligg frå før to kjernekraftverk. Dette nye anlegget skulle etter dei opphavlege planane vore ferdig for to år sidan. No heiter det at det kanskje er ferdig i 2013. Verket vert minst 50 prosent dyrare enn planlagt, slik tilfellet er med mange av dei 63 andre kjernekraftverka som er under bygging i femten land, etter det Det internasjonale atomenergirådet (IAEA) opplyser. Meir enn to tredjedelar av desse er i Asia, dei fleste i Kina. Her er tjue atomkraftverk under bygging, medan ytterlegare førti er planlagde.

Obama-garanti
I USA har Obama-administrasjonen gjeve lånegarantiar for åtte milliardar dollar til to atomkraftverk i Georgia. Dei vert dei fyrste som vert bygde sidan 1970-åra. I alt er det 104 kjernefysiske kraftverk i drift i landet. No kjem protestane, både i pressa og i Kongressen, men Det kvite huset har gjort det klart at ein vil halda fast på planane.

I heile verda var det per desember i fjor 442 kjernefysiske reaktorar i drift og 65 under bygging.
Sverige er eit av landa som har gjort heilomvending når det gjeld atomkraft. Etter ei folkerøysting i 1980 bestemde Riksdagen at kjernekrafta skulle fasast ut i 2010. I oktober i fjor vart dette vedtaket omgjort. No kan det byggjast nytt – med eit tak på ti nye kjernekraft­verk. Men òg i nabolandet vårt er mange komne på andre tankar etter katastrofen i Japan.

Stopp – eller køyr?
Om dei dramatiske hendingane i Japan vil få ein verknad på byggjeboomen for nye atomkraftverk, er for tidleg å seia. I Kina, India og Sør-Korea tykkjest førebels reservasjonar mot kjernekrafta å vera liten. Det same er tilfellet i Russland og i søramerikanske land. Endåtil Chile, som er meir utsett for jordskjelv enn mange andre land, seier dei vil halda fast på planar om å byggja atomkraftverk.

Generaldirektøren i IAEA, Yukiya Amano, fortalde nyleg at mellom ti og tjuefem land er i startgropa for å få sitt fyrste atomkraftverk i 2030. Til Der Spiegel sa han at i alt 65 land har bede om assistanse for å få den naudsynte teknologien. 21 av dei er i Afrika.

For dei må Fukushima stå som ei påminning – saman med Three Mile Island og Tsjernobyl – om at menneska aldri heilt og fullt kan kontrollera atomkrafta. Naturkreftene kan knusa alle åtgjerder og sikringstiltak som menneska steller i stand.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake