Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hijabforbod og menneskerettar
Eirik H. Vinje,  04.03.11

Om eit stortingsfleirtal ynskjer forbod mot religiøse plagg i grunnskulen, er det neppe noko rettsleg hinder i vegen.

Frå fleire hald er det vist interesse for å forby hijab i grunnskulen. Eit framlegg om dette frå Frp vart sist veke forkasta under komitébehandling i Stortinget. Regjeringa har nekta kvar ein realitetsdebatt om saka med påstand om at Justisdepartementets lovavdeling har konkludert med at eit forbod vil vere eit menneskerettsbrot. Det er openbert feil. I vurderinga frå Lovavdelinga av 19. mars 2010 heiter det:
«Den europeiske menneskerettsdomstolen har i enkelte tilfeller akseptert et forbud mot hijab. Det kan således ikke utelukkes at et forbud mot hijab vil kunne anses legitimt og nødvendig etter EMK art. 9 nr. 2. Avgjørelsene knytter seg imidlertid til stater der sekularisme er et grunnleggende prinsipp. Det er derfor usikkert hvilken rekkevidde de har for Norge. Vi anser rettstilstanden som usikker.»

Det er tydeleg at regjeringa anten ikkje greier å lesa vurderingane frå eigne ekspertar, eller at ho driv offentleg villeiing. Begge alternativ er uroande og burde ha interesse ut over denne konkrete saka.

Lovavdelinga har inga formell avgjerdsmakt og har tradisjon for å konkludera varsamt i tolkingsutsegnene sine. Menneskerettsjusen er også vag og omskifteleg, og det er difor ein særleg grunn til å ta atterhald. Når utsegna vert lesen i samanheng, sit ein med eit klart inntrykk av at Lovavdelinga – stikk i strid med framstillinga til regjeringa – hallar i retning av at forbod kan vera akseptabelt, men at det avgjerande er grunngjevinga bak. Så lenge det ikkje ligg føre eit grunngjeve lovframlegg, kan ikkje Lovavdelinga gje noko klart råd.

EMD godtek forbod
Det sentrale poenget i saka er at Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) faktisk har godteke nasjonalt hijabforbod i offentlege undervisningsinstitusjonar i absolutt alle klagesaker som har vore reiste. Det har etter kvart kome ei rekkje avgjerder om dette, som alle gjeld Tyrkia eller Frankrike. Det finst heller ikkje noka avgjerd frå andre relevante organ som gjev støtte for at hijabforbod i offentleg skule generelt sett er eit menneskerettsbrot.

Hovudargumentet for at eit norsk hijabforbod kan tenkjast å vera eit brot på religionsfridomen – trass i denne eintydige rettspraksisen –, er at Noreg har ein statsreligion. EMD har nemleg som eit av fleire poeng i avgjerdene sine framheva at Frankrike og Tyrkia har strengt sekulære konstitusjonar. Det kan difor hevdast at desse landa har betre grunn til å forby religiøs markering i offentlege institusjonar enn Noreg, der staten sjølv er grunnlovfesta kristen. Dette er neppe rettsleg avgjerande. Rett nok har Noreg ein offisiell statsreligion, medrekna ei statskyrkje. Men realiteten er at heile det offentlege apparatet utanom statskyrkja byggjer på sekulære prinsipp og verdiar. Nettopp av omsyn til menneskerettane er religiøs forkynning forbode i den offentlege grunnskulen i Noreg. Det gjev også eit forsvarleg juridisk grunnlag for eit generelt forbod mot religiøse klede i skulen. Det tyder sjølvsagt at ikkje berre hijaben, men også den jødiske kippah, turbanen til sikhane og klede med religiøse symbol eller bodskap må forbydast. Ei grense kan eventuelt dragast mot religiøse smykke og liknande diskrete effektar.   

Eit forbod spesielt retta mot hijab kan derimot vera meir utfordrande i høve til menneskerettane. Eit regelverk som er grunngjeve i hijaben som eit uttrykk for muslimsk tru, vil i alle høve ikkje verta akseptert.

Likestillingsomsynet
Ei aktuell grunngjeving er derimot likestillingsomsyn. I den førande avgjerda, Sahin vs. Tyrkia (2005), som galdt forbod mot hijab på tyrkiske universitet, vart dette omsynet sterkt vektlagt av storkammeret i EMD, som meinte at dersom hijab vart tillate, kunne det føra til sosial tvang mot kvinner som ikkje ynskjer å bruka plagget. Mykje tyder på at eit slikt sosialt press er stort også i norske muslimske miljø. Eit forbod kan altså indirekte verna menneskerettane til andre.

Borna
Omsynet til å verna borns integritet er eit særleg argument for å forby hijab i grunnskulen. Reglane i Koranen om kvinneleg påkledning er eksplisitt grunngjevne i å hindra attrå frå menn. Mange vil nok finna ubehag i at slikt skal vera førande for påkledinga av jenter ned i femårsalderen. Dette er ei indirekte seksualisering av born, som det kan vera legitime grunnar til å halda utanfor grunnskulen på linje med sminke og utfordrande klede. Hijab kan også tenkjast å hindra kontakten med ikkje-muslimske born. Det er vel elles dei færraste born, om nokon, som tek eit sjølvstendig religiøst grunngjeve val om å iføra seg hijab. At foreldra pålegg borna å gå med hijab, kan òg tenkjast å gjera det vanskelegare for borna sjølvstendig å velja sin eigen religiøse ståstad når dei kjem i mogen alder. Det kan igjen hevdast at hijabforbod faktisk vernar religionsfridomen slik sett.

Andre tilhøve
I Sahin-saka vart også omsynet til å motverka politisk ekstremisme og antidemokratiske krefter vektlagt av EMD. Det omsynet veg sjølvsagt særleg tungt i Tyrkia, men muslimsk ekstremisme er heller ikkje irrelevant i Noreg.
I to saker mot Frankrike godtok EMD eit spesifikt forbod mot hijab i gymnastikkundervisninga som var grunngjeve i praktiske og hygieniske forhold.

For å oppsummera: Dersom eit stortingsfleirtal ynskjer eit forbod mot religiøse plagg i grunnskulen, er det neppe noko rettsleg hinder i vegen. Og det er svært sannsynleg at også eit spesifikt forbod mot hijab med ei god grunngjeving vil stå seg i høve til menneskerettane.
Tilsvarande rettslege grenser for bruk av hijab vil truleg gjelda også elles i den offentlege sfæren, det vil seia på statlege og kommunale arbeidsplassar, i Forsvaret osb. I den reine privatsfæren vil det i ut­­gangspunktet vera i strid med menneskerettane å forby religiøse klede. Noko anna er det derimot at staten tillèt private arbeidsgjevarar å nekta slike klede. Ein arbeidsgjevar bør ha rett til å bestemma at arbeidsplassen skal vera fri for religiøs markering.

Plagg som niqab og burka skjuler identiteten til beraren og hindrar kommunikasjon, noko som reiser særeigne spørsmål. Lovavdelinga har i ei tidlegare utsegn konkludert med at forbod mot slike plagg i skulen er uproblematisk.

Fiktive menneskerettar
Som nemnt har menneskerettane – slik dei vert tolka av den relativt sjølvmedvitne EMD – vorte svært vide og vage. Det er knapt noko samfunnsområde som ikkje er berørt av menneskerettene, og det er på grunn av EMDs såkalla dynamiske tolking svært vanskeleg å seia nøyaktig kva slag handlingsrom dei europeiske nasjonalstatane har til kvar ei tid. Då eg sjølv arbeidde i Lovavdelinga, var ei dagleg oppgåve å vurdera lovframlegg opp mot menneskerettar, EØS-avtalen og anna internasjonalt regelverk. Fleirtalet av dei lovframlegga vi vurderte, reiste på eitt eller anna vis spørsmål om brot på eller justering i høve til internasjonal rett. Svært ofte kunne ein ikkje konkludera sikkert, men måtte nøya seg med å slå fast om det var sannsynleg at internasjonal forpliktingar vart brotne. Dersom Stortinget skulle unnlata å gje lover i alle høve der det er ein liten risiko for brot på internasjonal rett, er det ikkje stort att av rolla som lovgjevar. Den norske staten har likevel i andre samanhengar vist at han ikkje lid av overdriven servilitet mot internasjonalt forpliktingar dersom nasjonalt handlingsrom vert rekna som viktig. Men akkurat i denne saka har tydelegvis regjeringa funne det føremålstenleg å skyva meir eller mindre fiktive menneskerettar føre seg for å sleppa ein ubehageleg diskusjon.

Eirik H. Vinje er advokat.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake