Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Søkjer bestemors islam

Av Marianne Sunde
,  04.03.11


Nefise Özkal Lorentzen har sendt ein ballong til Allah. Den er fylt med urettferd, liding og undertrykking av kvinner i islams namn. Filmen vert vist på NRK på kvinnedagen 8. mars.

Filmen En ballong til Allah opnar med at den norsk-tyrkiske filmskaparen Nefise Özkal Lorentzen fortel at mormor hennar, som var tilhengjar av sufismen, oppfordra henne til å leite etter smaragden.
– Islam var hennar smaragd, rettferd, kjærleik og samhald. Ho fortalde meg at dei forfalska profetutsegnene i islam, og dessutan at dei bokstavtru sharia­lovene og macho-imamane hadde svelgt lyset frå smaragden. Først når desse vert fjerna, kan smaragden igjen skine, og kvinner slutte å lide.

I filmen har regissøren ei samtale med mor si som medgjev at ho ynskte at ho fekk ein son slik at barnet hennar skulle sleppe å oppleve undertrykking. Ho nemner fem område som må betrast: Jenter må få gjere sin eigne val i utdanning, sjølv velje ektefelle og vere fri til å gå frå ekteskapet utan å verte audmjuka, ha ein arbeidsplass fri for trakassering, og det må vere likskap mellom jenter og gutar i arveoppgjer. «Men det alvorlegaste av alt er at kvinner vert utsette for mishandling i heimen», seier mora ettertenksamt.

Nefise Özkal Lorentzen reiste i 2009 ein kort tur frå mor si på Nesodden til Bjørnsonfestivalen i Molde for å møte si «litterære mor», Nawal El Saadawi. Den egyptiske feministen, psykiateren og forfattaren kjempar for eit sekulært samfunn og var såleis skeptisk til å medverke i ein film om islam. Men på besøk i Kairo året etter fekk regissøren forfattaren i tale. Filmen viser eit sterkt møte mellom dei to.

Dei drikk te på El Saadawis kjøkken, og regissøren brest i gråt og seier:
– Eg treng deg for å vere meg.
– Nawal El Saadawi kjem til filmpremieren i Oslo, rett frå revolusjonen i Egypt. Kva hadde det å seie for deg å ha henne med i filmen?
– Ingen andre kunne ha opna opp inn til meg. Filmen kunne ikkje vorte den same, så ekte eller så personleg. Eg har lese bøkene hennar omsette til tyrkisk sidan eg var atten år, ho er den som meir enn nokon har sett ord på undertrykkinga av kvinner i den muslimske verda. Ho er den viktigaste for oss. Ho er kanskje enda viktigare for oss enn Simone de Beauvoir er for kvinner i Europa.

– I samtala med El Saadawi seier du at du kjenner på ei splitting i deg sjølv. Kan du utdjupe dette?
– Det er denne splittinga som har vore drivkrafta mi til å lage denne filmen. Bestemor mi var fri til å seie det ho ville om islam. Men når eg skal seie ifrå, kjenner eg meg ufri. Og ved å lage denne filmen er det nettopp dette fengslet eg vil ut av. Når eg kritiserer islam i Tyrkia, er eg fri til å seie klårt og sterkt ifrå. Når eg i Oslo kritiserer islam, nører eg opp under framandfrykt og islamofobi, og det er fare for at eg så går i forsvarsposisjon.

– Det får meg til å tenkje på da eg oppsøkte ein kvinneorganisasjon i Kairo for å samle informasjon om omskjering av jenter og vart møtt av ein ung aktivist som lurde på kvifor eg kom til Egypt for å skrive om omskjering i staden for å skrive om trafficking til, og prostitusjon i, mitt eige land.

– Nettopp, det er akkurat slik eg ikkje vil vere. Eg ynskjer ikkje å ekskludere deg som vestleg kvinne fordi du skriv om noko som er vondt og vanskeleg i min eigen kultur. Viss eg som muslim ikkje snakkar om vald mot kvinner i min muslimske kultur, så overlèt eg det til dei i Noreg og Vesten som ikkje freistar å forstå, men som ser verda i svart-kvitt. Det er mest som eg høyrer Siv Jensen: «Eg visste det. Det er så mykje undertrykking blant muslimar.» Men det er ikkje det eg seier. Eg ynskjer å vere med på å setje søkjelys på eit problem. Eg vil vise at vi sjølve tør, og kan, ta opp det som er gale i vår eigen kultur for å få til ei endring.

I filmen oppsøkjer regissøren ein ung salafistsjeik, som set som vilkår for å verte filma av henne at ho stiller usminka, utan parfyme og med svart sjal som dekkjer håret. Han fortel at kona hans gjennom seks år aldri har vore ute og handla, at ho berre går ut ein gong kvar tredje eller fjerde månad, da saman med han. Og han seier at muslimar har plikt til å ta livet av ei muslimsk kvinne som gifter seg med ein kristen mann, fordi ho vil verte påverka av religonen til mannen og såleis vert rekna som ein frafallen.

– Dette gjeld deg. Korleis er det å stå overfor ein sjeik som uttalar seg på denne måten?
– Målet for mitt møte med han var ikkje å vere anklagande eller sint, men prøve å forstå han, forstå kvifor han meiner det han meiner. Meiningane hans er ukultiverte, uverdige og uhyrlege. Men han er ein del av islam i verda i dag, difor var det viktig å ha han med.

– Du viser ein draum du hadde, der du møter Adam og Eva i Paradis, og Eva spør: «Kva er din religion?» Men du kan ikkje svare.
– Nei, eg kan ikkje svare islam. For den islam som er i Saudi-Arabia eller Iran, eller den islam som salafistsjeiken snakkar om, er ikkje min islam. Men eg trur at min islam finst, og eg leitar.

I filmen oppsøkjer Özkal Lorentzen også nitti år gamle Gamal al-Banna, bror til Hassan al-Banna som stifta Den muslimske brorskapen. Dei to brørne gjekk i kvar si retning. Gamal al-Banna meiner tida er mogen for ein kvinnerevolusjon innanfor islam, han er imot hijab og meiner at niqab er skammeleg og heilt uakseptabelt, da klesplagget tek vekk personlegdomen til kvinna.

– Gav arbeidet med filmen deg håp om at kvinna ein dag vert frigjord i islam?
– Det gav meg håp å snakke med Gamal al-Banna. Han er ein klok og lærd gammal mann. Han meiner at mange skriftlærde ar­­beider mot islam, at tolkinga deira er i direkte strid med teksten i Koranen. Det gav meg håp å vere med på kurs for imamar i Tyrkia om kvinners rettar. Og det gav meg ikkje minst håp å møte den pakistanske professoren Asma Barlas som nytolkar Koranen og som stiller spørsmål ved kvifor kvinner ikkje er likeverdige overfor menn når dei er likeverdige overfor Gud.

– Med denne filmen ynskjer eg å gje mitt bidrag til å lækje såret og få slutt på at kvinner lid i islams namn, seier Nefise Özkal Lorentzen, som håpefullt leitar etter smaragden, arven frå bestemors islam.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake