Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Mett av dage i Kollen
Margunn Vikingstad,  25.02.11

Ketil Bjørnstad skriv om dødsangst og pleietrengande foreldre, svigerforeldre og døtrer i Holmenkollåsen. Det er så velmeinande at alle forsøk på brodd, overraskingar og ironi blir kjøvde.

ROMAN
Ketil Bjørnstad:
De udødelige
Aschehoug 2011

I Oslo hausten 2009 tetnar det seg til for allmennlege Thomas Brenner. Han oppdagar ein kul i brystet til kona, han skal snart følgje mor si på eit truleg permanent opphald på sjukheim, han har døtrer midt i tjueåra som ikkje viser teikn til å ta ansvar for eigne liv, og om kort tid skal den høgt elska kona hans, Elisabeth Dahl, feire sine seksti år med både fest og Chicago-tur, noko som berre må bli vellukka. Dokter Brenner kjenner at hjarterytmen ikkje er heilt som han bør vere.

Kokepunktet
Det har altså kome til eit visst punkt for Thomas. Han har i overkant mykje omsorg å utføre. I tillegg kjem angsten for å miste Elisabeth. Verken ho eller Thomas snakkar om kulen i brystet, og i den familiekjære heimen er det ganske mykje ein ikkje tek opp. Dottera Annika blir feitare og feitare, og det einaste faren greier å gjere, er å leggje fram legemiddel mot stram sveittelukt godt synleg på badet.

Det hjelper ikkje på hjarte­flim­meret at dokteren blir opp­søkt av ein gammal klassekamerat frå Katta, no kardiolog, Mildred Låtefoss. Ho kan fortelje at Brenner kjem til å få Kongens fortenestemedalje. Han ser ingen glede i slik heidersutøving, berre pinlegheiter, og tenkjer, noko pompøst, slik: «Skal man måtte nedverdige seg til å bli et forfengelig menneske?»

Ei surning
På botnen av den hjartegode og nesten sjølvutslettande sonen, svigersonen, ektemannen, faren og legen gøymer det seg ein misantrop og ein gretten gammal gubbe. Heldigvis, tenkjer eg, for romanen er elles full av velmeinande tankar og ord om familie og samhald. Slik blir dei småkyniske refleksjonane til Brenner om yngste generasjon Brenner/Dahl frigjerande, sjølv om det ikkje er heilt truverdig frå den snille dokteren, som når han vurderer fedmen til dottera Annika i flysetet på veg til Chicago: «Det var grenser også for fleskets smidighet.»

Brenner med adresse Dagali­veien høyrer til dei som skil mellom gamle og nye pengar og ser med stor skepsis på fleire og fleire unge som slår seg til i åsen, med lånte pengar. Dei er travle og knaskar piller i stress over jobb, barn og til dømes bygnings­tekniske skadar i dei håplause rekkjehusa dei bur i. I tillegg er dei ikkje «oppmerksomt tilstede eller nærværende i det hele tatt», noko Brenner ser ut til å meine er det einaste rette å vere etter at Elisabeth Dahl har vendt seg i retning buddhisme.

Føreseieleg og hòl
Gubbar som er i ferd med å surne, kan ha noko å seie verda, men trass i tendensar til god ironi blir Brenner berre hòl og pompøs. Talande for det oppstylta tankegodset romanen ser ut til å streve etter, er Brenners eiga vurdering av den snart førti år gamle novelledebuten til kona, Protuberanser: «Hun gjorde mennesket mer spennende, mer motsetningsfylt», og vidare: «Tegningen av menneskene: så synlige, og allikevel så kompliserte. Sivilisasjonskritikken som steg opp av konstruksjonen og karaktertegningene». Romanen er elles sterkt prega av retoriske spørsmål som: «Hadde han ikke, de siste årene, levd med en urovekkende følelse av å kunne miste henne når som helst?»

Dokter Brenner har sympatisk nok familien som sitt livsprosjekt, han skubbar døden framfor seg og skal nok vere eit døme på kor lammande det er å ende som omsorgsperson for gamle foreldre som aldri døyr og for barn som aldri blir vaksne. Men De udødelige blir ei altfor føreseieleg og velmeinande historie til at ho greier å rokke ved den samtida ho prøver å pirke borti.

Margunn Vikingstad er litteraturvitar og fast bokmeldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake