Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Hoem søkte strid

Av Ottar Fyllingsnes
,  25.02.11


Heilt til ein vossing provoserte Edvard Hoem var det harmonien som prega den store høyringa om den nye nynorsken.

Den 1. august neste år skal den nye nynorskrettskrivinga takast i bruk, men før den tid skal både rettskrivingsnemnda, Språkrådet og Kultur­departementet seia sitt.
Måndag denne veka var det høyring om det fyldige framlegget frå rettskrivingsnemnda. Åtti interesserte hadde møtt fram på Nasjonalbiblioteket i Oslo, og møtet vart svært gemyttleg.

Fekk mykje ros
Rettskrivingsnemnda, med Grete Riise som leiar, fekk mykje ros, men sjølvsagt hadde alle innvendingar til framlegget frå nemnda. Fleire uttrykte motvilje mot å fjerna kløyvd infinitiv, men det var stor semje om å fjerna klammeformene.
– Denne normeringsprosessen har vore konstruktiv og rolegare enn tidlegare prosessar, slo leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård fast.
Det avfødde følgjande kommentar frå møteleiaren Jan Olav Fretland:
– Noregs Mållag har vorte veldig snille. Skremmande humane!

Drukna dykk
Den viktigaste innvendinga frå Norsk Målungdom er at den nye rettskrivinga ikkje gjer nynorsk vesentleg enklare å læra. Målungdomen meiner at nemnda gjer feil når dei fjernar lite brukte former, men vel å halda på valfridomen i frekvente ord.
Nynorsk kultursentrum svarar ja på ni av dei ti spørsmåla som nemnda har prioritert, men rår frå at dykk vert subjektform.
Og det var alle samde i.
– Nesten kva som helst er betre enn dykk, sa Kari Bjørke.
– Eg skal vera med på å hogga hovudet av dykk, sa Andreas Bjørkum.

Rettskrivingsnemnda har i stor grad lagt opp til at det skal vera konsekvens i den framtidige nynorsken, men fleire åtvara mot «konsekvensfundamentalisme».
– Det bør vera fleksibilitet. Nemnda skal uttala seg om det, sa nemndleiaren sjølvkritisk.

Ei enklare norm
Styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal, meinte at stor valfridom kan verta eit gode for den sikre og velutdanna, og eit hinder for dei usikre med varierande utdanningsgrad og språkkompetanse.
– Me trur ikkje at framlegget til ny rettskriving får fleire til å skriva nynorsk, men kjenner oss sikre på at det vert lettare for fleire å verta verande nynorskbrukarar og verta sikrare i den språklege kvardagen, sa Sandal.

Eva Nørstebø frå Nord-Gudbrandsdalen omtalte seg som talskvinne for sidemålslærarane.
– Eg har vore sidemålslærar i Oslo-skulen i heile mitt yrkesliv. Det har ikkje vore lett, og det har ikkje vore statusbringande. Årsaka til det er at nynorsken står i låg kurs hjå elevar i den vidaregåande skulen, i alle fall utanfor kjerneområda.
– Det heitte seg at rettskrivingsnemnda skulle arbeida fram ei enklare norm, og eg er sikker på at kvar einaste lærar i den vidaregåande skulen i heile landet sukka: Å, endeleg ei enkel norm! Det er det me vil ha. Fantastisk!
– No har me fått ei norm som er litt enklare, men ikkje enkel nok. De må vera brutale; de må skjera ned. Nynorsken overlever ikkje dersom me ikkje får ungdomen med oss, og då treng me ei enkel norm, sa Nørstebø.

Tett på bokmål
Arvid Langeland, som er leiar i Voss Mållag, meinte at rettskrivingsnemnda i stor grad opnar for vidare tilnærming og samanfall med bokmål.
– Eg vil nemna j-lause former som tenke, legge, ei brygge. På den andre sida seier nemnda nei til å ta inn att j i tenkjing og leggjing. Dei tillèt -te i ei rekkje linne verb som kjente, nemnte. Dei tillèt også drar–dratt, tar–tatt, lar–latt. Under presset frå det dominerande og hegemoniske bokmålet er det stor fare for at læremiddelprodusentane og det offentlege vil ta i bruk dei bokmålsnære formene.

– Voss Mållag har kjempa for nynorsk på skilt for Vinmonopolet. Neste år kan me ha vunne den kampen, men då kan me få servert ein nynorsk som er mest usynleg. Helse Vest har eit slagord som lyder slik: «Vi vil fremme helse og livskvalitet.» Jernbaneverkets slagord er «Vi ønsker velkommen til stasjonen.» Vert framlegget frå rettskrivingsnemnda vedteke, kan ein også kalla det nynorsk. Er det slik me skal feira sigrane våre, spurde Langeland.

Hoems kanonade
Innlegget fekk Edvard Hoem til å reagera.
– I dag har eg vore veldig glad, men no høyrer eg at tonen er som på det siste landsmøtet eg var på i Mållaget, sa han.
– Det er Austland mot Vestland, og det er den vanlege måten å krenkja folk på; at me som ikkje snakkar slik dei gjer på Voss, snakkar dansk – eller er påverka av dansk. Dette er løgn som språkhistorie, og det dumt som taktikk. Når det har vore ei språkutvikling i Noreg som har ført til at j etter dobbeltkonsonant er i ferd med å forsvinna, har det ingenting med dansk politikk å gjera. Det er eit objektivt fenomen over heile landet, på same viset som mange andre ting som skjer med talespråket.

– No vil eg tilbake på slagmarka, der krigen faktisk vert førd og bort frå desse private kampane oppe i fjellbygdene. Me som skriv eit nynorsk som vert forstått, og som vert tekne imot, må av og til renonsera litt på det som var vårt eige og opphavlege. Me må ta med oss dei som skal lytta til oss.
– Difor har eg i nærare 35 år brukt kløyvd infinitiv, som av ein eller annan grunn står i vegen for Langelands norske språk. Difor har eg hatt glede av store opplag. Oppimot 100.000 kjøpte Mors og fars historie, men det er ikkje av di eg skriv dansk.

– Det er ein nynorsk som ikkje er sjåvinistisk, bygdeorientert, provinsiell, tilbakeskodande, men som satsar på å gje eit samla inntrykk av det som er norsk språk i dag. Dette har eg halde på med i førti år, og det som kjem frå vossakanten, er beklageleg, men ikkje noko nytt. Slik behandla Måldyrkingslaget Tarjei Vesaas. Han var ikkje bra nok – han heller, så eg er i godt selskap. Vesaas brukte kløyvd infinitiv, og det gjorde Duun og Garborg også.

– Det er i grunnen det same kva som vert vedteke. Sidan 1970, då samnorskideane stod sterkare hjå Tor Obrestad og Einar Økland i Profil-krinsen i ein periode, har nynorsken – frå Kjartan Fløgstad og eg byrja å skriva – utvikla seg gjennom nynorsklitteraturen, slik at i dag er nynorsklitteraturen veldig konsistent. Det smittar også over på det nynorske avisspråket – kanskje med eit visst unnatak – for visse folk i Dag og Tid.
– Dette språket har vakse fram gjennom ei røynsle om at ein må finna ein rimeleg middelveg for å nå fram til heile landet. Du kan ikkje ri kjepphestar. Det er ikkje det som er poenget med skjønnlitteraturen, men å nå fram med innhaldet.

Dårleg strategi
Edvard Hoem støtta framlegget frå rettskrivingsnemnda, men han vonar at ein kan unngå eit par dumme ting.
– Den kløyvde infinitiven kjem nok truleg til å trivast betre om han vert forboden, og kanskje kjem Facebook-gruppa til å auka frå 500 til 50.000. Eg er også lei for at det ikkje skal vera lov å skriva former som glømme og kjøre.
I ein replikk svara Arvid Langeland at han ikkje hadde brukt ordet «dansk» frå talarstolen; at aust og vest hadde samarbeidd om eit forslag, og det var ikkje noko fjellbygdmål.
Både Turid Kleiva og Guri Vesaas peika på dei mange forfattarane utanfor dei nynorske kjerneområda som har valt å skriva på nynorsk.
– Eg er svært skeptisk til å ta ut målformer som er attraktive for heile landet. Det er dårleg strategi, åtvara Vesaas.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake