Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Norsk storbok
Kristin Fridtun,  18.02.11

Det raudsvarte prosjektet manglar ikkje sprut.

ORDBOK
Norsk Ordbok.
Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet.
Band 9: ramost–skodda

Det Norske Samlaget 2011

Redaksjonen til Norsk Ordbok arbeider so fræsen står. Eg hadde snautt fått band 8 i neven då band 9 kom susande. Niaren har den same gilde bokbunaden som dei andre bøkene i rekkja: svarte permar og raud rygg med gullskrift på. Det er ikkje eit lyte at ordboka er fin å sjå på, endå det viktigaste er at ho er god å bruka.

Då er spørsmålet: Korleis brukar me ei ordbok? Som kjent trur somme at ordbøker er noko me grip til når me støyter på ord me ikkje skjønar. Det grensar til misbruk berre å bruka bøkene på den måten. Gode ordbøker gjer meir enn å tyda ut oppslagsordet; sant å seia er ordbøkene mest interessante når du er ute etter anna enn sjølve ordtydinga.

Teigane i Norsk Ordbok er difor umåteleg fengslande: Her finst ikkje berre opplysningar om bøying, uttaleformer og ordhistorie, men òg talrike døme på korleis me kan nytta ordet. Bruksdøma er oppførde med kjelde, slik at me jamvel ser kvar ordet vert eller vart nytta slik og slik. Særs mange døme er tekne or den nynorske bokheimen, so no kan dei berre teia seg, dei som meiner at ordbøker ikkje er retteleg litteratur.

Skitprat
Band 9 opnar med ramost og endar med skodda. Fylgjeleg har bandet både rass, rauv og skit som oppslagsord. Dette er heilt grunnleggjande ord som held seg svært godt, men i gamle ordbøker er dei ofte mildna eller plent tekne ut. Ivar Aasen nemner rett nok dei tre orda i Norsk Ordbog (1873), men det var nok utenkjeleg for honom å utstyra skit med dette dømet: «då den første skiten splæsja ned i vatnet, fikk eg kaldt vatn opp i rompa». Det er godt at ordboka over det norske folkemålet dekkjer dei folkelege orda skikkeleg.

På sporet av ordet
Gode ordbøker er «farlege» på same måten som gode leksika: Det eine oppslagsordet set deg på sporet av eit anna oppslagsord, og so sit du der, då, og blader att og fram og syg til deg lærdom som du ikkje visste at du trådde etter. I band 9 er slike bladeferder både lærerike og morosame, for redaktørane har ofte valt humoristiske bruksdøme med snert og kraft. Oppslagsorda i seg sjølv byd på mykje moro, for sanneleg finst det mange rare ord i målet vårt. Fylgjeleg kan du ha stor glede av Norsk Ordbok utan å vera ovhuga målgranskar.

Har eg ingen kritiske merk­nader? Nei. Dei etymologiske opp­lys­ningane er kanskje litt snaue her og der, men det skal me berre skita i, for å seia det med eit oppslagsord. Ordtilfanget er som kjent grenselaust, so det å skulla samla og skipa dei norske orda i tolv band, er mest ei halslaus gjerning. No ser det likevel ut til at prosjektet lukkast. Det er berre å bøya seg i støvet.

Kristin Fridtun er nordiskstudent og fast språkspaltist i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake