Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Oslo dekonstruert

Av Klaus Johan Myrvoll
,  11.02.11


Oslo byleksikon er kjelde nr. 1 for alle som søkjer kunnskap om hovudstaden vår – men ikkje om Nynorsk-Oslo.

SAKPROSA
Knut Are Tvedt (red.):
Oslo byleksikon
Femte utgåve
Kunnskapsforlaget 2010

Lat det vera sagt med ein gong: Oslo byleksikon er eit storverk som stadig lever opp til ambisjonen om å «inneholde det en osloboer bør vite om den byen og den om­­egnen han jamlig ferdes i», som det heitte i den fyrste utgåva som kom ut i 1938. Sidan den gong­en har leksikonet lagt på seg frå ut­­gåve til utgåve, til det no, i den femte, inneheld over seks tusen artiklar skifte på drygt seks hundre sider. Leksikonet er no rikt illustrert med både gamle og nye bilete, her finst tematiske kart og tabellar, og ikkje minst gjer kartdelen attarst i boka, med eige register, at byleksikonet vert eit nyttig oppslagsverk.

Gater og vegar
Oslo byleksikon inneheld ingen biografiske artiklar. Med tanke på kor mange kjende og viktige personar som har butt i Oslo, er det ei forståeleg avgrensing. Men personar som har fått gate- eller vegnamn oppkalla etter seg, er omtala under desse, rett nok nøkternt og med presisering av eventuell lokal tilknyting. Det er gate- og vegartiklane som dominerer, om ikkje i omfang, so i talet på oppføringar. Om me skal tru føreordet, er alle gate- og vegnamn i Oslo komne med, ved sida av plassar, parkar, torg, bruer og kaiar.

Serskilt viktig er dei mange artiklane om gamle lykkjer og nedlagde gardar som med tida har gjeve grunn til den framveksande byen. Det er fascinerande å tenkja på at det under gatene og husa me ser i dag, ligg ein gardsstruktur med eldgamle grenser som framleis gjer seg gjeldande. Byen greier ikkje heilt å dølja opphavet sitt. Med Oslo byleksikon har me fått ein reiskap som kan nyttast til å rekonstruera desse laga i landskapet. På den måten vert Oslo meir likt resten av landet; det er berre ei bygd som har vakse ut av alle proporsjonar.

Utval
I byleksikonet finn me omtalar av alt det ein har fylt dette byromet med – skular, kyrkjer, gravstader, museum, sjukehus, teater og kinoar, dessutan nokre viktige hotell og restaurantar, private verksemder og kommunale institusjonar. Her kan det nok vera noko ulikt kva ein har funne plass til og ikkje. Sjølvsagt kan ikkje alle skjenkje- og etestader i Oslo koma med, og her synest redaksjonen å ha fylgt eit slags ansiennitetsprinsipp, der dei lengstlevande har fått eigne oppslag (t.d. eldstemann i klubben, Engebrets Café), medan dei ikkje fullt so etablerte lyt nøgja seg med ein stuttare omtale under dei gatene dei held hus i, og den store hopen vert verande unemnd. Ein leitar fåfengt etter noko oppslag om «Lorry», men finn det kjende vassholet omtala under Parkveien nr. 12. Det er for so vidt greitt, men det er ikkje opplagt at ein veit kva gate restauranten ligg i, eller kjem på å sjå etter der. Boka burde avgjort ha vore utstyrd med eit namne- og personregister.

Namnetolkingar
Ei fin side ved Oslo byleksikon er alle uttydingane av namn. Det er jo ofte namn me støyter på som løyser ut undring over historia åt omgjevnadene våre. I mange tilfelle er namna gjennomsynlege, som ved dei mange gatene som er oppkalla etter personar, men då òg kan det vera spørsmål om nett kven desse var. I byleksikonet er det lagt ned mykje arbeid med å identifisera rett opphavsmann ved ei rad namn, til dømes skal majoren som Majorstua er oppkalla etter, ha vore ein viss ingeniørkaptein med majors rang Michael Wilhelm Sundt (d. 1759). Ein veit ikkje om han sjølv budde på Majorstua, men enkja hans forpakta denne opphavlege lykkja under Nedre Blindern i mange år.

I andre tilfelle er namna slett ikkje gjennomsynlege. Kven visste at Volvat er det danske landsbynamnet Tavlov (der eigaren Thaulow ætta frå) stava baklengs? Eller at Skarpsno kjem av nederlandsk Scarpen oort ‘det skarpe hyrnet’? Alt dette fær me greie på i Oslo byleksikon. Men nokre gamle namn vantar uttyding. Det gjeld m.a. Ammerud (kjem av kjæleforma til Arnbjørn, norr. Ambi) og Briskeby (truleg av brisk ‘einer’).

Ved det mest sentrale namnet av alle, Oslo, skulle eg ynskt at forfattarane hadde vore meir autoritative; her er leksikonet på­­fallande stutt med tanke på all merksemda som har vore vigd dette namnet. Me vert berre presenterte for dei tri tolkingane som har vore kasta fram, der den fyrste, at førelekken er os ‘elvemunning’, er førvitskapleg (ein folkeetymologi), og den andre, at det dreiar seg om ei samansetjing med ås i tydinga ‘høgdedrag’, er uaktuell av ljodhistoriske grunnar. Det er berre den tridje, ås i tydinga ‘førkristen gud’, som er råd å halda oppe. Redaksjonen har gjort det lett for seg ved berre å slå fast at «de to siste tolkning­ene er de vanligste».

Nynorsk i Oslo
På eitt område fell Oslo byleksikon heilt igjennom: Dei mange sentrale nynorskinstitusjonane som har halde hus i Oslo i alle år, er mest fråverande. Avisa du held i hendene, Dag og Tid, «verdas einaste riksavis på nynorsk», er inkje unnatak. Me les om Aftenposten, Dagbladet, VG, Dagsavisen, Morgenbladet – ja, jamvel Klassekampen og Natio­nen har kome med, men ikkje Dag og Tid. Det same gjeld Den 17de Mai (1894–1935), riksorgan for Venstre og ei tid den største dagsavisa i landet – ho er berre nemnd med ei line i samleartikkelen «aviser». (Leksikonet tek med andre aviser som er gått inn.)

Aschehoug og Gyldendal og Cappelen får eigne omtalar, men me leitar fåfengt etter Det Norske Samlaget, skipa i Kristiania i 1868 som eit av dei fyrste mållaga i landet og i dag det leiande nynorskforlaget. Dei einaste nynorskinstitusjonane som har funne vegen inn i Oslo byleksikon, er Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og Det Norske Teatret.

På forunderleg vis fortel òg dette noko om Oslo: Byen har alltid hatt eit ambivalent tilhøve til motrørslene, som på si side alltid har hatt Oslo som sentrum for verksemda si. Kanskje er det på tide å få augo opp for denne delen av Oslo-røyndomen òg?

Klaus Johan Myrvoll er doktorgradsstipendiat i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo og fast bok­meldar for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake