Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Rik reise til lova land
Karsten Alnæs,  28.01.11

Ei fascinerande, nesten besetjande historie, lagd fram som ei detektivforteljing.

SAKPROSA
Karin Sveen:
Mannen i Montgomery Street. Portrett av en norsk emigrant
Forlaget Oktober

I boka Mannen i Montgomery Street følgjer Karin Sveen spora til den norske emigranten Peder Sæther frå inngangsportalen til universitetet i Berkeley, som har fått namn etter denne mannen, og tilbake til fødestaden hans i Odalen. Så gjev ho eit portrett av livssoga hans: fødsel på Nordstun i Odalen i 1810. Drog over havet til New York 22 år gammal, begynte som pengevekslar og bankmann, gifta seg, fekk fem barn, knytte ein livslang venskap og partnarskap med ein av dei som vert rekna blant grunnleggjarane til Wall Street, og reiste, sterkt svekt av lungesjukdom, 41 år gammal, til det solrike California, der han grunnla ein filial til verksemda i New York i Montgomery Street i San Francisco.

Det vart ein økonomisk og sosial opptur, og Karin Sveen følgjer noggrant emigranten på vegen mot suksessen, først som pendlar fram og tilbake mellom San Francisco og New York, seinare omgjeven av den tilflytta familien og med aukande respekt frå omgjevnadene, gjennom framgang, familiesuter og tragediar, i ei verd som stendig endra seg.

Detektivforteljing
Det er ei fascinerande, nesten besetjande historie, fortald som ei detektivforteljing med mange kvite flekker, mange spørsmål utan svar, og difor med mange refleksjonar om kvifor og korleis, noko som aukar spaninga og fortel lesaren kor lite vi eigentleg veit, sjølv der kjeldetilfang­et er stort, og granskaren er så utrøytteleg og nyfiken som Karin Sveen.

Kva slags kjensler hadde eigentleg denne mannen som aldri skreiv noko personleg til broren på den andre sida av havet, som mista den sonen som var etla til å bera verksemda hans vidare? Kom han nokon gong nær den tilknepte første kona si, Sarah, som drygde i eit over førti år langt ekteskap, mens etterfølgjaren hennar, Jane, og kan henda livslukka hans sprudla og gledde han i berre fire? Av Sarah gjev forteljaren følgjande miniportrett: «Hun ser ut til å være på feil sted, skeptisk, sammenbitt og urokkelig, av grunner ingen kan kjenne.»

Sveen spør, tek omvegar, funderer, tek sine eigne røynsler og opplevingar inn i soga og skriv difor ikkje berre ein biografi, men eit essayistisk, mangfelt portrett, ja, teiknar eit stykke på veg også eit varsamt bilete av seg sjølv.
Korleis var barndomen: «Humler i engene om sommeren, susende ljåer, rimete vegger om vinteren, fyring, ved jernovnen ei vedkasse, fin å sitte på for småunger med neglesprett.»
Dette er dikting. Treffsikre impresjonistiske samanpressa bilete.

Slike er det mange av. Som da han kjem til New York: «Det siste kaptein Samson så av Peter Sæther, var ryggen hans mens han sto på kaia og akkederte med en kusk om skyss. Deretter ble han borte mellom pakkhusene, og bare klakkinga fra hestehovene og knirkinga fra vognhjulene mot brusteinene kunne høres.»

Brukar seg sjølv
Sveen set seg med andre ord på sida av forteljinga og ser personane veksa fram som produkt av sin eigen fantasi, men ho jumpar også sjølv direkte inn i skildringa.
Fyrst eit portrett av hovudpersonen som sekstiåring: «Han var en prominens, en eksellense, en velærverdighet som det sto når han ble nevnt i avisene. Som bankmann hadde han et så sterkt ord på seg for å være å stole på at det ble sagt at når han ga et muntlig løfte, betraktet han det som like bindende som ei underskrift på en kontrakt.» Og deretter: «Folk snudde seg etter ham så snart han bega seg bortover fortauet: der går den kjente bankieren! Han høye? Ja, han høye. Han som går så fryktelig sakte? Hvorfor gjør han det, er han sjuk?»

Så trer forfattaren inn på scena: «Hver gang jeg har vært i San Francisco, har jeg lagt veien om Montgomery Street, også i dag ei betydelig finansgate, full av høyhus og djupe skygger, banker og evig blåst. Under asfalten ligger det et seilskip fra 1800-tallet, og slik har det ligget siden havnebassenget allerede den gang ble fylt opp. Men over skinner den samme sola, og regnet faller som det gjorde da, regndråper store som små egg, knust mot ansikter og hender.»

Høgdepunktet
Noko av høgdepunktet i biografien etter mi meining er forteljinga om den krokute og kompliserte store reisa på vegen til Noreg som familien legg ut på i 1870, men som ikkje endar opp i Odalen og hos familien, slik lesaren ser fram mot, men i staden går til Paris, der Peder besøkjer bankfilialen til den gamle partnaren sin! Men Sveen rekk likevel å gje ei makelaus skildring av vinteren og spreng­fyringa i Odalen i 1870 så ikkje lesaren skal bli altfor vonbroten.

Om eg no legg til at boka også kan lesast som eit innlegg for lærdomskulturen og dei humanistiske faga, der portalen på universitetet i Berkeley ber eit norsk namn, så skjønar ein at dette er ei uvanleg mangfelt og rik bok, av eit slag det sanneleg ikkje finst mange av i norsk bokheim.

Karsten Alnæs er forfattar.




Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake