Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Når nokon gjer ei reise…
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen,  21.01.11

Ei gjenreise er ei av dei mest morosame og lærerike bøker eg har lese på lenge.

SAKPROSA
Jon Severud:
Ei gjenreise. Ferdaminne etter A. O. Vinje.
Det Norske Samlaget 2010

Eg høyrde om dette prosjektet frå nokon i Bergen for over to tiår sidan og har somtid undrast på om det vart noko av. Så viser det seg altså at Jon Severud trottig har trakka, sykla, køyrt, toga og siglt etter same ruta som Aa. O. Vinje, då Vinje drog til Trondheim i 1860 for å vere til stades ved kroninga av Karl 15. til konge og sidan fór heim att etter ei vitjing høgre oppe i Trøndelag. Og Vinje hadde ikkje vore Vinje om han ikkje gjorde små avstikkarar og omvegar, sjølve mannen var då ein fabelaktig digresjon i norsk ånds- og litteraturhistorie.

Skarpt blikk
Boka er ikkje berre resultatet av eit nesten uoverkomeleg og eineståande modig prosjekt, men ho er så i Vinje-ånd at ein mest kan verte fælen, medan ein storkosar seg under lesinga. Nei då, dette er ikkje nokon pastisj på Vinjes språklege krumspring, nylaging­­ar av ord eller vinjesk logikk og mot-logikk. Men det er same type skrivarmot: Forfattaren flettar inn eigne røynsler, barndomsminne, familiesoger, ettertankar; han har eit skarpt blikk for både det som er regelen, og det som er unnataka, for raritetar og for vanetenking, han har høyrt godt etter og kan faktisk gje att det folk har sagt honom på ein både forståeleg og sympatisk måte, utan å utlevere eller raljere.

Det gjeld jamvel når han skriv om moderne pilegrimsvandrarar til Nidaros, så som Ari Behn, og du så frigjerande det er å sleppe denne slitsame journalistironiseringa over dei same tinga heile tida. Ein vert i godt humør, rett og slett, av å lese refleksjonane til Severud om stader og stadnamn, tilhøve som har endra seg, vegbygging og reisemåtar, folk då og folk han har møtt. Ja, han er verkeleg typen på «Det vandrande mennesket», som Finn Tveito har skrive ein fascinerande monografi om (også utgjeven 2010).

Sitatkunst
Severud har lese hjelpemeg alt som finst av relevant sekundærlitteratur og mykje meir til, og utnyttar det heile på ein personleg og etteretteleg måte – kombinasjonen er diverre vorten ganske uvanleg, ein kan snart aldri lite på at noko vert rett attgjeve, nokon stad. Og så rår Severud med noko folk brukte kalle «sitatkunst» før i verda; han serverer ikkje sitat frå bøker eller andre kjelder som autoritetsretorikk eller for å brikje med det, men for å utvikle resonnement, for å lage vriar i sin eigen tekst, for å leike seg med meiningane og samstundes tenkje i skrift.

Og så er ikkje dette frihandstenking eller godtkjøpsfilosofiske smular heller. Alt som kan opplyse om kor og korleis Vinje fór fram, og kor etterretteleg han var, og kva slags måte han laga retorisk fargelegging av sjølvframstilling og av dei han møtte, er grundig ettergått og vurdert. Eit sindig filigransarbeid, framstilt med lun humor, teiknar eit nytt bilete av både Ferdaminni fraa Sumaren 1860 og skrivaren Vinje. Inne i dette får vi vinklingar av topografisk litteratur eller anna lokalhistorie, segnmateriale eller stoff som har gått på folkemunne («i manns minne»), rett som det er kopla opp til større diskusjonar som pågjekk i europeisk og norsk samtid kring 1860, og med oppfylgingar av kva som hende seinare med slike diskusjonar.

Det er sjølvsagt heilt uråd å yte denne boka rettferd i ei bokmelding, ho er altfor rik til det. Aldri har eg i mitt relativt syndige og omflakkande liv sett så levandegjort det gamle tyske uttrykket: «Wenn jemand eine Reise tut, da kann er etwas erzählen.»

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent for Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake