Førstesida
  Nr. 17   Fredag 27. april 2013                          Fri vekeavis for kultur og politikk
Send oss dine tips!
 

  FØRSTESIDA

   NYHENDE


Politikk
Kultur
Utanriks
Økonomi
Distrikt
Miljø
Aktuelt
Næringsliv

   KRITIKK

Bøker
Film
Musikk
Teater

   Meiningar

Leiar
Kommentarar
Helgheim
Debatt
Klok på bok
   
Kay Lokøy

Arkiv

Finn nyhende:

   AKTUELT

Biletglimt

   BUTIKKEN

Abonnement
Forfattaraviser
Andre forlagsprodukt
Aksjar i Dag og Tid

   MARKNADSPLASSEN

Ledige stillingar
Riksoversynet
Rubrikkar
Send inn annonse

   DAG OG TID

Annonseprisar
Avtalegiro
 
Endring abonnement
Teikn abonnement!
Last ned avis (PDF)

   ANNA

Lenkjer
Tips oss
   
  Utvikla av InBusiness AS


Venskap eller frendskap?

Av Klaus Johan Myrvoll
,  03.12.10


Jón Viðar Sigurðsson gjer ein heilhjarta innsats for å avliva ættesamfunnet på Island og i Noreg i mellom­alderen, men det alternative venskapssamfunnet hans er i høgda eit supplement.

SAKPROSA
Jón Viðar Sigurðsson:
Den vennlige vikingen. Vennskapets makt i Norge og på Island ca. 900–1300
Pax forlag 2010

Historikar Jón Viðar Sigurðsson innleier denne boka med den rørande soga om då han på konferanse i England vart oppringd av den fortvila dotter si, som skulle opp til eksamen og ikkje visste kven ho skulle tru på: faren, som hadde hevda at det var vener og venskap som var det sentrale på Island i fristatstida, eller læreboka, som framstelte Island som eit ættesamfunn der det var slektsbanda som var det avgjerande for kvar ein var plassert, og for kor godt ein kunne lukkast. Etter at Sigurðsson hadde kome seg «over sjokket» og fått «roet» seg ned, sette han seg føre å skriva denne boka.

Jamvel om Sigurðsson sikkert berre freistar å få til ein eggjande tittel, med bokstavrim og det heile, må eg seia at Den vennlige vikingen er noko misvisande. Ein viking var eigenleg ein mann som reiste i viking, d.e. på plyndringsferd. Slike røvarar har det ikkje nett med å vera serskilt venlege. At ordet viking i ymse populære framstelling­ar vert bruka om nær sagt alt som kan krypa og gå i Noreg og på Island i perioden mellom 800 og 1100, er so si sak, men faghistorikarar som Sigurðsson og no seinast Sverre Bagge (med From Viking Stronghold to Christian Kingdom. State Formation in Norway, c. 900–1350) burde halda seg for gode til det.

Logisk brest
På bokomslaget finst bodskapen åt Sigurðsson stutt og representativt oppsummert: «Familiebåndene plasserte individene på deres plass i et lagdelt samfunn, og var viktig i forbindelse med overføring av eiendom, men de ga intet vern eller politisk støtte. Derfor var det helt avgjørende om man klarte å inngå gjensidige lojalitetsbånd utenfor familien». Det ligg innbaka ein logisk brest her: Jamvel om det tvillaust var viktig å knyta band til personar utanfor familien, tyder ikkje det at desse lojalitetsbanda kom i staden for eller på tvers av familien; dei kom i tillegg til familien. Den gong som no var familien den krinsen som stod ein nærast, og som ein stort sett kunne lita på. Dessutan ervde ein gjerne både sosial posisjon og eigedom gjennom familien, og det var ikkje uviktig om ein skulle vinna seg vener.

Dette går fram av boka åt Sigurðsson òg. Til dømes fær me høyra at hovdingsøner på 1000-talet «automatisk begynte å overta vennskapsbåndene etter sine fedre». Om hovdingen Einar Torgilsson heiter det at han i året 1151 «overtok ... maktposisjonen etter sin far og bror. Han hadde stor støtte fra ‘frender og måger [...] og venner’, som Torgils, hans far, hadde skaffet seg». Alt dette, både det at hovdingembetet og venene gjekk i arv, og at frendar og mågar (menn som var inngifte i familien) støtt (som her) vert nemnde føre vener, syner at det var ætta som var viktigast. At ein ikkje trong presisera dette, men derimot kven som var vener med kven, kom av at ætta var gjeven frå fødselen av.

Omgrepsbruk
Sigurðsson gjev mange og gode døme på at venskap var viktig, ikkje minst på Island, men òg i Noreg, men når han gjer so mykje for å oversjå slekta, fører det til at boka hans fær ei viss slagside. Ho vert difor ikkje truverdig i framstellinga av tilhøvet mellom dei sosiale kategoriane slekt og vener i perioden. Eg kan heller ikkje sjå at Sigurðsson gjer nokor skikkeleg drøfting av kva omgrepa «vener» og «venskap» tydde. Det går fram at dette var ei høgst formalisert form for venskap, som vart skipa ved avtale og stadfest og halden oppe gjennom gåver og gjestebod. Sigurðsson talar heile vegen om «vennskap» og «venner», men ei meir adekvat omsetjing til moderne norsk ville i mange høve vera allianse og allierte, og tilhøvet mellom hovding­­ane og bøndene hadde klåre patron–klient-drag. Dette vert noko tilslørt av å skriva at ein hovding hadde dei og dei «vennene», og det skurrar når ein les at venskap «var blitt opprettet», eller at ein «gikk imellom og forhandlet fram vennskap».

Sigurðsson skriv òg om den «venskapen» ein kunne ha med heilagmenne, og noko absurd vert det når me fær slikt som at «det er usikkert hvor varige vennskapsforholdene var mellom folk flest og helgener, og det er mye som tyder på at de ikke alltid varte særlig lenge». Nei, sub specie aeternitatis kan det i alle fall ikkje ha vore lange stunda.

Supplement
Konklusjon: Sigurðssons freistnad på å lyfta fram venskaps­relasjonane i Noreg og på Island i mellomalderen vert berre eit supplement til meir tradisjonelle framstellingar. Sigurðsson er for sterk i trua på den serskilt vensæle karakteren åt islendingen til at me heilt kan lita på honom som forteljar.

Klaus Johan Myrvoll er norrønfilolog og korrekturlesar i Dag og Tid.



Tips ein venn om denne nyheita.
Til:    Fra:   

« Tilbake